Dette kapitlet baserer seg i hovudsak på artiklar og intervju i Vikebladet og bøkene Himmelen over Shetland av Øystein Orten og Lagunen og stormen av Ragnar Ulstein. Boka til Ulstein er eit lokalhistorisk meisterverk på kring 450 sider. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein maktar på ein naturleg og levande måte å integrere dei lokale hendingane med den stormen som raste på nasjonalt og internasjonalt plan.
Ein etter ein kom ulsteiningar som hadde vore ute under krigen, heim utover sommaren og hausten 1945. Men nokre hadde ofra livet, og det vart nokså raskt sett i gang ein diskusjon om å reise eit minnesmerke over dei falne.
Før me fortel om huset, den gamle kyrkja, skal me sjå på nokre gravminne. Dei er ikkje mange att. Heller ikkje er dei så gamle som ein kunne vente.
Magne Grimstad sr. har vore med i Grimstadkoret frå starten av – og ved inngangen til 2022-åra, i sitt 94. leveår, er Magne den aller eldste aktive Grimstadkor-songaren – og også den som har flest songår bak seg: 80.
Så sant forma er i orden, møter han til dei faste øvingane – og syng 1.-tenorstemma utanboks og klokkeklart.
Hjelp oss å ta vare på fortellinga om UlsteinDette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese dei andre artiklane om grunnskulen i Ulstein og alle andre artiklar på nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!  | 
Artiklane om grunnskulen er henta frå boka «Grunnskulen i Ulstein gjennom 250 år» og handlar om nokre av dei viktigaste stega som førde oss dit vi står i dag – frå underutvikling, analfabetisme, låg levealder og djup fattigdom, til eit velferdssamfunn bygd på evna til å tileigne seg og omsetje kunnskap. Det er enorme skilnadar på Ulstein slik lokalsamfunnet var i 1739 og slik Ulstein framstår i dag. Dei vi først bør takke, er dei av forfedrane våre som trudde på folkeopplysning og betre skule.
Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
I løpet av 1970 vart det klart at det nye gymnaset på Søre Sunnmøre ville ligge i Ulsteinvik og få det førebelse namnet Gymnasklassane i Ulstein. Gymnaset ville starte med to klasser frå hausten 1971, ei engelskklasse og ei realklasse. Våren 1971 tilsette departementet rektor og lektorar til det nye gymnaset. Arne I. Jørgensen vart rektor, og den seinare rektoren og ordføraren i Ulstein, Jan Berset, var mellom lektorane. Den 19. august 1971 starta gymnasklassane i Ulstein sitt første skuleår i realskulebygget i Bjørndalsvegen. Opninga vart markert med mellom anna middag på Central Pensjonat i Ulsteinvik. Hausten 1972 var det klart at det framtidige namnet på skulen ville bli Ulstein Gymnas.
Hallbjørg Hop var fødd i Sundgothuset (der skomakar Gunvald Sundgot hadde verkstad i Kyrkjegata) 12. mars 1912. Ho budde ei kort tid i huset til Marta Hovden i Vikemyra (Marta var fadder på Hallbjørg) til familien flytta til topphusvære i Fredheim i 1914 og seinare til nybygd Sunnmøre Ungdomsskule på Reiten i 1918. Her budde familien til dei fekk eigen heim i Osnesbakkane i 1940. Hallbjørg var såleis ektefødd ulsteining, og budde mesteparten av livet i denne kommunen som ho var så sterkt knytt til gjennom arbeidet, både som organist i Ulstein kyrkje og som frivillig kulturberar i ulike samanhengar.
Eg utdannar lærarstudentar som skal undervise i samfunnsfag i den norske skulen. Mandatet som storsamfunnet gir dei komande lærarane er at dei skal legge til rette for utvikling av demokratiforståing og dermed demokratisk danning hjå dei oppveksande slekter.
I 1820 var her ikkje nokon veg i det som i dag er tettstaden Ulsteinvik, berre råser mellom gardane. Alle husa på Osnes (området frå Halsen til kyrkja) låg i ei klyngje nedanfor Osnesbrauta.
Frå Reiten til kyrkja var her ikkje eit einaste våningshus før etter 1860.
Hasund mannskor vart skipa hausten 1934 og øvingane starta på nyåret 1935 med Johannes Sundgot som dirigent. Fleire av dei som starta mannskoret var tidlegare med i Hasund og Dimnøy blandakor med Enok Hasund som dirigent. Dei fleste av medlemane var også med i HDU der Enok også var dirigent.
Det var på årsmøtet i Hasund og Dimnøy ungdomsforening 1. februar 1920 at formannen kunne opplyse at no skulle foreininga få sitt eige musikkorps. Instrumenta vart kjøpte i 1919.
Det var medlemer i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining Enok Hasund fekk med seg og starta HDU. Hasund var formann i foreininga, og var sjølvskriven dirigent. Han var skulelærar med musikkutdanning, og hadde i 1893 vore med å starte Musikklaget Ulf i Ulsteinvik. Dette korpset var det medlemer i ungdomsforeininga i Ulsteinvik, som starta. Hasund var nestformann i foreininga i Ulsteinvik som hadde medlemer innover frå Strandabø og vidare innover til Botnen.
(Første del av denne artikkelen stod i «Levd liv, årsskrift for Ulstein historielag 2009)
Håkonsholmen høyrde sjølvsagt med til denne skulekrinsen, eller skal vi seie grenda, men Håkonsholmen har vore omtala tidlegare i «Levd liv» så vi viser til det.
Hatløya 1920-talet
Bnr. 1 Karlgarden, Karl Hatløy
Bnr. 2 Jækteviken,
Håkonsholmen
Til 100-års-jubileet for Ulstein Indremisjon laga Kristen Ulstein Hatlebrekke eit jubileumsskrift. Under arbeidet kom han over ein handskriven biografi om Johannes Skeide, ein føregangsmann på mange område.
Ein morgon i november 2012 vakna eg med ein song på leppene. Det gjer eg ikkje så ofte. Men denne gongen merka eg at eg hadde smilt i søvne; langt inn i den drøymande medvits-løysa slo smilet inn og vekte meg. Ei stripe lys seiv inn mellom gardinene, og biletet frå songen stod tydeleg for meg: Sisyfos!
Det militære motstandsarbeidet på Sunnmøre starta seinare og fekk eit mindre omfang enn mange andre stader i landet. Bakgrunnen for dette kan vere den store Englandsfarten som tappa distriktet her for mange av dei mest kampvillige ungdommane. Sunnmøre låg lagleg til for å registrere den tyske skipstrafikken forbi Stad. Det vart ein viktig del av motstandsarbeidet å sende sjømilitære etterretningar til England og hjelpe sabotasjegrupper som vart sende inn av engelske styresmakter.
I mars 1962 feira Ulstein Sanitetsforeining 50-årsjubileum. Leiar i jubileumsåret var Borghild Lynge. Ho kunne gle seg over at foreininga no talde 1475 medlemer. Lynge peikte på at mangt hadde endra seg dei siste ti åra: – Vi har fått velferdsstaten med sine trygder og ordningar. Det har nok delvis forandra arbeidet i sanitetsforeininga. Men oppgåver er det nok av; omsorg og hjertelag er det bruk for mellom medmenneska våre, ja, kanskje meir enn nokon gong, sa ho.
Når Ulsteinvik Indremisjon nå rundar dei hundre år, er det ei stor glede å få helsa frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er inspirerande å tenkje på at det i mange av våre bygder har vore organisert indremisjonsarbeid i så lang ei tid som hundre år.