Magne Grimstad sr. har vore med i Grimstadkoret frå starten av – og ved inngangen til 2022-åra, i sitt 94. leveår, er Magne den aller eldste aktive Grimstadkor-songaren – og også den som har flest songår bak seg: 80.

Så sant forma er i orden, møter han til dei faste øvingane – og syng 1.-tenorstemma utanboks og klokkeklart.

Jubileumsboka til Grimstadkoret frå 1942 til 2022 er å sjå på som ei samla 80 års minnebok om koret. Asle Geir Johansen har vore med som medskribent av boka, der han også har vore med på å bearbeide og samordne ein del av minnestoffet frå kormedlemane.

Boka speglar viktige verdiar for dei som var med i dette arbeidet, og verdiar songarane fekk spreie utover i kommunen og elles vide ikring. “Vi trur mange vil ha glede av å lese boka og oppleve dette særeigne miljøet; korleis det vaks fram i Hareid- og Grimstadgrenda, og utvikla seg.” skriv redaktør Hans Gisle Holstad i forordet.

Vi har valt ut artikkelen om Magne Grimstad sr. som har vore med i Grimstadkoret i 80 år.

– Eg kan ikkje seie anna enn at det er ein nåde å få lov å ha ei songstemme som kan nyttast i Grimstadkoret i min alder, seier han.

Innlæringa av nytt stoff i så høg alder kan vere krevjande, men Magne har ikkje hatt nemneverdige problem så langt. – Eg syng dei nye songane heime for meg sjølv. Så har eg med notane på øving, men prøver å legge dei frå meg der – jau, det har gått fint, seier han.

At størstedelen av øvingstida i Grimstadkoret går med til å halde ved like koret sitt utprøvde og hevdvunne repertoar, er sjølvsagt inga ulempe for ein som har vore med frå starten. Magne fortel at då Grimstadkoret song under ”12-konserten” i Volda kyrkje i januar 2020, kasta han berre eit blikk på programmet og konstaterte at alt var på plass – innabords og utanboks.