Bnr. 7 Rasmusgarden (Tafjordgarden)
Rasmus Larsson Hatlø
f. 1846 – d. 1935
Gift med Karen Petersdtr. Ulsteinvik f. 1853 – d. 1935
Rasmus var fødd på Fjelle, men vaks opp på Saunes. Foreldra hans var Lars Torgerson Saunes f. Fjelle. Kona hans var Ingeborg Andersdtr. f. Yttrehaddal.
Born:
Johannes M. Anton f. 1876
Lars Ingvald Ludvig f. 1877
Peter Benjamin f. 1879
Gustav Adolf f. 1883
Thomas Olaf f. 1885
Ragnvald Oskar f. 1891
Rasmus fekk skøyte på garden i 1878 av Gullik Hatløy og kona Berte Knutsdtr. Dimnastøyl. Dei hadde ikkje born. Gullik og Berte tok seg eit kårstykke sør på «Nova» og bygde seg nye hus og naust, der dei fødde ei ku og dyrka litt korn og poteter.
Rasmus og Karen var foreldra til dei tre brødrene som iverksette «Brødrene Hatlø A.S.» skipsverft. Det var Johannes, Peter og Thomas.
Før Rasmus og Karen flytta til Hatløya, budde dei i Karen sin foreldreheim «Petterbakken» i Ulsteinvik. Ved sida av gardsdrifta på Hatløya, dreiv Rasmus fiske og hadde part i attring og var styrmann på den. Rasmus sette store krav både til seg sjølv og andre, og «kunne helst regnast til dei alvorlige», som sonen Peter sa det. Rasmus var også ein dyktig snikkar, som snikra senger til folk, og bygde truskemaskiner på bestilling då folk tok til å bruke vasskraft til trusking. Karen var ei særs flink husmor. I tillegg til husstell, kunne ho veve og sy både under- og overklede. Ho kunne både risse og sy bukser. Dette hadde ho truleg lært av syster si, Oluffa, som var herreskreddar. Vi let sonen Peter fortelje vidare slik han gjorde det i 1971 i sitt 92. år:
«Alt syararbeid vart gjort for hand. Seinare vart det kjøpt symaskin. Då var det stor glede i Rasmusgarden. Syarbeidet vart gjort på kortare tid, og det var mor mest glad for. Me gutungane vart tidleg haldne til arbeid, me fekk ikkje gå og slynge gard imellom. Mor fekk gutar, inga jente, og det var mor si sorg. Om hausten når avling var komen i hus, skulle laurdag etter non vere fritid. Undanteke fjøsstell fekk ein gjere det ein hadde lyst til. Mor var flink til å lese. Ho las flytande og uttrykksfullt. Ho hadde lese mange bøker, og hadde ho ei bok som kunne høve til opplesing, sa tok ho boka fram og las, eller ho kunne fortelje frå ei bok ho hadde lese før. Ho gjorde det så interessant, det var som ho hadde boka og las frå den. I stova var det lunt og varmt og potetballgryta putra på komfyren i kjøkenet – kveldsmaten. Når eg minnest ungdomstida mi, tenkjer eg med glede på laurdagskveldane.»
Dette er ordrett avskrift av brev frå Peter til bror min Hallvard Osnes. I 1905 overlet Rasmus garden til eldste sonen Johannes.
Johannes Rasmussen Hatløy
f. 22.01.1876 – d. 20.09.1961.
Gift 1905 med Petra Johannesdtr. Bakke f. 19.01.1879 – d. 10.11.1951.
Johannes fekk skøyte på bnr. 7 Hatløya frå faren i 1910, men dreiv bruket berre kort tid. Han flytta så til Ulsteinvik og gjekk inn i verksemda «Brødrene Hatlø Verkstad A.S.» som brørne Peter og Thomas hadde starta.
Benjamin Jakobson Skinnes frå Herøy fekk skøyte på Bnr.7 1916 frå Johannes R. Hatlø. Benjamin var på bruket berre kort tid.
Karl Tafjord, Nordal
f. 12.02.1875 – d. 30.05.1968
Gift: Gunnhild Olufsdtr. Moen, Nordberg i Skjåk f. 26.12.1884 – d. 26.05.1962
Born:
Astrid f. 1907
Torleif f. 1909
Arnold f. 1914
Harald f. 1917
Sverre f. 1921
Gunnar f. 1925
Alvhild f. 1930
Karl Tafjord fekk skøyte i 1917 frå Benjamin Skinnes. Han var anleggsarbeidar og smed. Der var smie på garden, og når skulen var slutt for dagen, var vi gutungane frå Borgarøya ofte inn i smia og såg han arbeide ved ambolten. Karl var ein heller kort men traust kar, med fjorddialekt. Han var svært lun og omgjengeleg med eit lurt smil.
Rasmusgarden vart kalla Tafjordgarden på folkemunnen, etter at Karl Tafjord overtok bruket.