Kultur

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar.

Kultur

541 treff

Henriette Hansen var fødd på Sandtorg i Troms i 1864. Sandtorg ligg på Hinnøya ved Tjeldsundet der sundet er på det smalaste. I dag er Sandtorg ein del av Harstad kommune. Olavius Ringstad frå Ulsteinvik var i området saman med byggelaget sitt, og kort fortalt gifta dei to seg i Trondenes kirke. Dei busette seg på Sandtorg og fekk to born der.

Kva gjorde pengeflaumen med livet i Ulsteinvik? Det var dette spørsmålet gravejournalisten Bjørn Olav Nordahl i Dagens Næringsliv sette seg føre å finne ut på vårparten 2001. Med ein fotograf på slep drog han til bygda, snakka med folk og gjorde sine undersøkingar. Laurdag 31. mars kjem reportasjen på trykk og blir hovudoppslag: Gullsteinvik er tittelen på framsida, Herskap & tjenere inne i avisa. Den seks sider lange reportasjen vekkjer oppsikt i lokalsamfunnet, truleg hos DN-lesarar elles i Noreg òg.

Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.

På oppmoding og spørsmål om eg kan tenkje meg å skrive og fortelje litt om bestefaren min Anton Ulstein, så har eg svara ja. Det har ikkje vore så vanskeleg å finne stoff, for Anton Ulstein var ein særdeles sterk og aktiv mann. Med sterk så siktar eg både til fysisk og psykisk personlegdom.

Eit interessant trekk ved dei første lovene til Ulstein Indremisjon er at dei legg stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. Det åndelege og materielle var langt på veg sidestilt. Dette var ikkje vanleg i mange andre foreiningar, og igjen er det nok sokneprest Anker vi ser merke etter, konkluderer Kristen Ulstein. Både fattige og sjuke skulle hjelpast og pleiast.

I 1978 deltek ordførarane frå dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre på ei samling i Loen. Dei fire er Einar Holm (Hareid), John Gjerde (Sande), Einar Leinebø (Herøy) og Olav B. Urke (Ulstein). Eit avisoppslag etter møtet skulle kome til å resultere i ein disputt mellom ordførarane i nabokommunane Hareid og Ulstein.

Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk.

I 1963 fekk Hødd grasbane, ein flott arena og eit stort steg framover for laget. Den første kampen gjekk i slutten av juni og var 2. runde i NM-cupen mot 2. divisjonslaget AaFK. Heile 3000 tilskodarar møtte opp i det flotte juniveret. Hødd kasta seg over gjestene frå første speleminutt og gav seg ikkje før det stod 5-2. Søndag 30. juni vart bana formelt opna med ei miniturnering mellom Hødd, Langevåg, Ørsta og VRF. Hødd vann greitt, men dei som såg på, merka seg den tekniske langevågaren Magne Fylling, som seinare skulle spele for Hødd.

Det var ein gong eit fotballag frå ei øy på nordvestkysten som imponerte eit heilt land av fotballinteresserte. Det heile starta for 42 år sidan på Lerkendal i Trondheim.

To av dei første frå Ulstein som kom i aktiv marineteneste, var Harald Notanes og Ottar Garshol. Dei vart sende til den norske motorlaunch-flotiljen i Kanalen. Dette var små fartøy på 75 tonn med maksimalfart på 17 knop og eit mannskap på 17.

Det har ofte vist seg både økonomisk og politisk at om eit senter kjem over ein viss storleik, hjelper tyngdekrafta det vidare. Slik vart det med Ulstein og Ulsteinvik. I 1972 fekk kommunane på bordet ein fylkesplan som var påverka av tanken om vekstsenter. Omgrepet vart lansert i Europa i 1955, kom så til Noreg og vart ei heitt tema i debatten på 1960- og 70-talet. I Arbeidarpartiet fann idéen klangbotn, medan parti som Venstre og Senterpartiet var meir skeptiske.

Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 20 år tilbake i høve til skrivepunktet, ville vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. I 2003 byrja Trekantsaka å rulle, ei av dei viktigaste politiske sakene i kommunen dei siste 50 åra. Saka kom til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune satsfart og nye hopp i utviklinga.

Inge Dragsund var for mange kjend som disponenten i suksessbedrifta Odim, som han starta saman med tre andre i 1974. Odim jobba blant anna med mekanikk og hydraulikk til både fiskeri- og oljebransjen, og selskapet har vore ein viktig del av næringslivet i regionen.

Då eg vart spurd om å skrive ein artikkel om far min, Inge Seljeset, i Levd liv, vart eg litt usikker på om eg skulle gjere det. For det første er eg ikkje sikker på om far ville ha likt det. Han var det eg vil kalle eit kvardagsmenneske og likte lite merksemd rundt sin eigen person. Samstundes vert det vanskeleg å skrive om ein person som har vore så tett på deg.

K. Moldskred Rutebiler heldt til i Ulsteinvik og dreiv buss- og varetransport i området Ulstein, Hareid og Brandal, gjerne i korrespondanse med ferjer og passasjerbåtar. På bildet ovanfor ser vi Moldskred får overlevert ein Mercedes OH 321, 1956-modell. Bussen, ein 37-setar, hadde ein 120 HK dieselmoter. Det var første bussen med hekkmotor. Til venstre på bildet står seljaren, Adolf Pedersen frå Ålesund.

Opplysningstida var ei åndsretning som kom til Europa på 1700-talet. Ho skulle kome til å prege mange prestar i Danmark-Noreg i fleire tiår, med vekt på fornuft, kunnskap og vitskap.

Rakettane gjekk til vêrs med lys og drønn. Folk omfamna kvarandre, tok farvel med 1900-talet og helsa det nye tusenåret velkome med von og uvisse. I nyttårsleiaren sin skriv redaktøren for lokalavisa i det han ønskjer velkomen til år 2000: – Kvardagen er her igjen, tida går som vi veit, nokså fort, og straks har det blitt vane for oss å skrive 2000.

Ved årsskiftet 1978/79 registrerer arbeidskontoret rekordarbeidsløyse i distriktet. I alt er 255 utan arbeid på Ytre Søre Sunnmøre. Eit så høgt tal har kontoret aldri registrert sidan opprettinga tidleg på 1960-talet. Utover mot 1979 kjem der stadige meldingar i avisene om at tidene er i ferd med å bli trongare. Det vart også strammare økonomi for kommunane, også Ulstein. Kva har skjedd?

I 1946 vart Søre Sunnmøre Kraftlag skipa, 12 lokale kraftlag i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Rovde, Vanylven og Dalsfjorden. Ein primus motor i dette arbeidet var sokneprest Sverre Nybø i Vanylven. Søre Sunnmøre Kraftlag fekk i oppgåve å byggje ut vassdraget i Søre Brandal i Vanylven og byggje hovudlinjer i distriktet. Anlegget stod klart til drift i 1951. Parallelt gjekk arbeidet med kraftlinjene.

Inventarliste frå tidlegare tider. Noko av inventaret er blitt borte eller eksisterer ikkje lenger, men mykje er framleis å finne i kyrkja.