ildet er frå tidleg 1970-talet og fotograf er Kristine Trulsrud Røren, teke midt i “Storesvingen”. Kristine var gift med Inge Røren som døydde i haust. Han og kona Kristine var blant dei første som flytta til byggefeltet i Bugarden.
Dei såg bort på huset til Gustav Adolf Olsen. Huset låg den gongen høgast av alle i Ulsteinvik sentrum, og mange meinte det var galskap å byggje så høgt. I dag er det blant dei husa som ligg lågast i Bugarden. Olsen var gift med Kasbara Knutsdotter Osnes. Det var under ein togtur til Oslo dei fann kvarandre.
Det var far til Kasbara som på 1940-talet gav dei ein utmarksteig til å byggje hus på, høgt oppe under Osberget. Huset vart reist i mur ved eiga handemakt. Kaspara var med og blanda kvar elte. Rundt heimen låg utmarka, som G.A.O. tok fatt på for å rydde og odle, etter vanleg arbeidstid.