Lat oss ta med nokre av hendingane i næringslivet i Ulstein i åra frå 2010 og utover til 2015. Det var mellom anna stadig endringar i restaurantnæringa i Ulsteinvik. I januar 2011 var det slutt for Skibet, og Den gamle naboen flytta inn i lokala på Geileneset. Drivarane av Skibet argumenterte med at dei ikkje hadde tid til å drive utestaden. No var det Alex i Alex AS som tok over. Det var ikkje alt som kom til å gå etter læreboka i tida framover.
Utover i 2010-2011 kom det store grupper av polakkar til Ulstein. På eitt tidspunkt undersøkte redaktøren i lokalavisa om det kunne ha noko for seg å lage nokre informative sider på polsk i Vikebladet Vestposten ein gong i veka. Han var i kontakt med folk som arbeidde tett mot det polske miljøet og kjende forholda godt, og rådet han fekk var eintydig. Prøv, og sjå kva som skjer. Ei ung polsk kvinne, busett i Sande, og med gode norskkunnskapar, vart innleigd som omsetjar. Dermed vart prosjektet lansert, to sider på polsk kvar laurdag. Nyheita gav gjenlyd over heile landet, og lokalavisredaktøren vart intervjua både i riksaviser, radio og direkte på TV. Dei første polske sidene stod på trykk i april 2011. Men etter ein hektisk periode, måtte avisa konkludere med at idéen ikkje hadde gitt det tilslaget som dei håpte på; veksten i talet på lesarar var knapt målbar, heller ikkje inntektene frå laussalet var særleg å skryte av. Med det vart prosjektet lagt ned frå sommaren 2011. Men avisa hadde i alle fall prøvd på noko som kunne ha gjort integreringa lettare.
Ein fredag formiddag i 2011 vart Foreininga i Ulsteinvik flytta ned til sjøkanten. Heile operasjonen tok berre nokre minutt. To høge kraner lyfte den 100 år gamle bua og førte henne ned til det nye fundamentet. Det var MCO Eigedom som stod bak flytting og utbygging; bua skulle no innehalde leilegheiter og næringsareal.
Dei gode tidene i næringslivet i Ulstein-regionen sette også Quality Ulstein Hotel på prøve. I juni 2011 signaliserte hotellsjef Odd Petter Meinseth at hotellet hadde bruk for ein etasje til. Det var spesielt på vekedagane at hotellet stadig hadde problem med å kunne tilby nok rom. Dei fleste av gjestene var folk på forretningsreiser, knytte til den store aktiviteten i næringslivet. Med ein etasje til ville hotellet få 30 nye rom. I 2012 hadde Quality Hotel Ulstein bygt på, og stod no med ein femte etasje med fin utsikt utover sjøen og byen. Laurdag 15. november var det offisiell opning, og hotelldirektør Vivi-Ann Teige gledde seg over at hotellet disponerte 129 rom totalt, mellom desse fire suitar.
Grønmyr-gruppen, som hadde bygd fleire private barnehagar i Ulstein-regionen, hadde ei tid hatt hand om eit tomteareal på Reiten. Planen var å reise ei blokk med bustader, Reitengrenda. I juli 2011 kjøpte Ulsmo Eigedom eigedomsprosjektet og bygde det opp til omkring 50-60 bustader, fordelt på fleire blokker. Dei fleste skulle leigast ut til arbeidstakarar ved dei store bedriftene i Ulstein, men nokre vart omsette på den opne marknaden.
Det hadde vore tre apotek i Ulsteinvik ei tid. Det kunne ikkje gå like lett for alle. Den 23. januar 2012 stengde Boots Apotek dørene. Dei viste til sjukdom og permisjon, og at dei hadde vanskar med å skaffe kvalifisert farmasøyt. Apoteket hadde nok også hatt vanskar økonomisk, og kom aldri i drift igjen.
I samarbeid med Sporstøl Arkitekter og nokre andre aktørar starta Rome AS, leia av Jogeir Romestrand, med å reise ein serie næringsbygg i Saunesmarka vinteren 2012. Eigedomsselskapet Rome AS skulle kome til å setje sitt preg på Saunesmarka i åra framover, og seinare med storutbygginga ved Bjørndalsvegen i Ulsteinvik sentrum.
Selskapet Nor Teknikk AS hadde stått sentralt i utbygginga av Geileneset då selskapet melde oppbod i midten av februar 2012. Alt sommaren 2011 vart NT Bygg Geileneset AS tvangsoppløyst, eit selskap der Nor Teknikk AS var hovudaksjonær. NT Bygg hadde då ikkje hatt statsautorisert revisor den siste tida. Dessutan hadde selskapet negativt resultat i 2007, 2008 og 2009. I 2012 vart selskapet dømt til å betale 1,6 millionar kroner til Design 4You. No vart det altså opna konkurs i Nor Teknikk AS. Selskapet hadde hatt planar om å byggje ut eit fjernvarmeanlegg i Ulsteinvik, men fekk ikkje draghjelp frå kommunen. I staden starta kommunen sitt eige fjernvarmeselskap, Ulstein Fjernvarme AS.
Eit meir vellykka prosjekt var det nye store varehuset til Coop Extra Bygg på Saunes, som no ruva i landskapet. Bygget hadde reist seg raskt, og den 29. mars 2012 var det klart for opning og med storinnrykk av skodelystne og kjøpelystne. Dagleg leiar Vidar Ulstein var både stolt og glad, ikkje minst på vegner av dei tilsette som hadde venta på betre forhold i mange år.
Eit viktig tilskot til byliv og velvære i Ulsteinvik var det nye treningssenteret som Aktiv Trening, leia og eigd av David Andersen, opna i dei gamle Rema-lokala i Norrøna-bygget i Ulsteinvik. Aktiv trening hadde frå før lokale i Varleite, og hadde halde til i Bjørndalsvegen i sentrum, men no baud Andersen inn til eit større og meir velutstyrt senter.
Heilt i slutten av november 2012 opna Bakargarden dørene i ein eim av ferske bakverk. Bakartradisjonane sat i veggene i Rasmussen-tunet i Kyrkjegata i Ulsteinvik. Med ein pause frå 1990-talet hadde det vore drive bakeri i lokala sidan 1880-åra. No hadde Sissel Kleven Rasmussen teke opp att tradisjonen. I det første bakeriet var både vegger, golv og den gamle steinomnen restaurert. I tillegg var det reist eit nytt bygg med toalett og stove med store glas. Den siste leigetakarane før denne bakeri- og kafé-satsinga var Farmors Krambod. Bakargarden klarte å halde det gåande på denne måten ei stund framover.
Frå starten av januar 2013 tok Anne Gry Eilertsen over etter Asle Geir Widnes Johansen som hadde vore redaktør i Vikebladet Vestposten sidan 1991. Eilertsen hadde lang erfaring frå avisbransjen, først i Vestposten heilt sidan starten rundt 1971 og deretter i Vikebladet Vestposten. Widnes Johansen heldt fram i avisa ut 2013, før han starta i byrået Osberget AS.
I Ulsteinvik var det slik at butikkar og selskap kom og gjekk. Nokre flytta frå sentrum til Saunesmarka, som til dømes rørleggar Svein Roppen AS gjorde då han flytta til nye lokale vinteren 2013.
Så var det slutt for det som hadde blitt kjent som Krukkehuset. Laurdag 2. februar 2013 var det siste opningsdag for det populære huset; då skulle både huset og butikken der, Hjertelig, slutte. Krukkehuset hadde vore ein populær møteplass i Ulsteinvik sentrum sidan tidleg på 2000-talet. Aina Moldskred Krakset var initiativtakar og eigar av huset, som spesielt laurdagane hadde samla mykje folk i stovene. Kaféen hadde vore driven på dugnad, og fleire kvinner hadde stilt villig opp. Men Aina Moldskred Krakset hadde dei siste åra vore busett på Hakallestranda, der ho hadde bygd opp Hakallegarden saman med ektemannen. No gjekk ikkje kombinasjonen lenger Butikken Hjertelig var det Mari Ann Vattøy som hadde drive i kjellaretasjen. Ho hadde ikkje funne anna eigna lokale då det var slutt for Krukkehuset i den forma vi kjende det. Men huset vart pussa opp, og ein kunstnar leigde seg også inn i lokala, og fleire andre nytta huset til kunstnarleg aktivitet ein dag eller to i veka.