Det var optimisme mellom folk då 2010 gjorde inntoget sitt til Ulstein i starten av januar. Rett nok krumma den maritime næringa ryggen mot det dei frykta kunne bli eit uvêr, men dei fleste næringslivsleiarane var optimistiske, og kulturlivet blomstra. Det same gjorde innbyggjartalet i Ulstein med heile 409 nye innbyggjarar i 2009 og 7461 innbyggjarar i kommunen ved nyttår 2010.

Denne rekordprega veksten hadde sjølvsagt samanheng med ei massiv arbeidsinnvandring, heile 398 utlendingar slo seg ned i kommunen i 2009. Men kommunen hadde også gode fødselsoverskot; 65 pluss gav Ulstein det tredje største fødselsoverskotet i Møre og Romsdal, berre Ålesund og Molde låg framfor. Framleis gav industrien og maritime næringar elles sysselsetjing til mange i Ulstein, men handel og tenesteytande næringar, helse og omsorg og skule gav sine gode bidrag til sysselsetjinga, ikkje minst på kvinnesida. I år 2000 var delen av innvandrarar i Ulstein varsame 4,4 prosent av folketalet. I august 2010 var talet oppe i nesten 12 prosent. Det betydde at det var heile 817 innvandrarar i Ulstein på dette tidspunktet. Polen dominerte i dette biletet, og per 1. juli 2010 hadde folketalet i kommunen vakse til 7648.

I august 2010 stod den nye Høddvollbarnehagen i Varleite klar til bruk. Den offisielle opninga var det ordførar Hannelore Måseide som stod for i starten av oktober. Dagleg leiar i barnehagen var Kathrin Rise. Og i mars 2010 flytta helsestasjonen i Ulsteinvik til det nye kommunale anlegget på Reiten. Helsestasjonen hadde halde til i Bjørndalsvegen i mange år, men frå og med 16. mars 2010 ønskte dei velkomne til Reiten. No kunne dei tilsette sjå fram til meir funksjonelle og oversiktlege lokale. Den nye helsestasjonen låg i første etasje i den såkalla A-blokka, og du skulle ta til venstre når du kom inn hovudinngangen. Her skulle helsestasjonen skaffe seg eit tettare samarbeid både med barnevernet og med kompetansesenteret. Og i starten av september 2010 vart det såkalla Levekårshuset på Reiten formelt opna. Her var det helsestasjon, barnevern, kompetansesenter, kulturskule og kontor for eigedomsselskapet.

I Ulsteinvik var det utover i 2010 ein del diskusjon om utbyggjaren NT Bygg Geileneset – som hadde reist to store bygg nedst på Geileneset. Våren 2010 dreidde det seg mykje om ferdigstillinga av uteområdet rundt blokkene. Enkelte frykta at utbyggjarselskapet sleit økonomisk. Men i august 2010 flytta selskapa Ulstein IT Senter, Spor Forlag og Iris Design – under paraplyen Fantastiske Osberget – inn i ledige næringslokale på Geileneset. Med det såg det ut til at bustad- og næringsprosjektet til Nor Teknikk (NT) kunne friskmeldast.

Vinteren 2011 aksjonerte kring 300 innbyggjarar i Varleite for å få igjen havutsikta si. Dei hadde i fleire år meir levt i ein skuggedal. Sitkagranskogen hadde vakse seg til ein om lag 15 meter høg vegg, og no kravde Varleite Grendelag skogen fjerna. Skogen vart planta på 1960-talet i ei tid då dette treslaget ikkje var så utbreidd på Sunnmøre. I mars 2013 var fellinga av Varleiteskogen i full gang. Med moderne maskiner og utstyr gjekk det fort. No skulle området bli til bustadfelt. I dag ligg området der lyst og fint og med ny busetnad.

Det var stor folkevekst i Ulstein rundt 2010. Då SSB summerte opp dei siste to åra ved starten av 2011, viste det seg at Ulstein var den kommunen som hadde hatt den største prosentvise veksten av alle kommunane i landet. I 2010 var veksten i kommunen 290; med det hadde folketalet kome opp i 7751. Det var først og fremst innvandringa frå utlandet som gav den store folkeveksten. Dessutan hadde Ulstein eit fødselsoverskot på 53. Dette førte mellom anna til at bedriftene endå ein gong hadde vanskar med å skaffe hus til tilsette – og med det skaffe arbeidsfolk i det heile. Utover i 2011 var det få bustader til sals i kommunen, og lokalavisa kunne fortelje at enkelte som fekk arbeid her, valde å bu i Ålesund, der bustadmarknaden var mindre pressa på denne tida. Men rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset, lova at kommunen var i ferd med å legge til rette for 500 nye bueiningar dei komande fem åra.

Ved skulestart i 2011 var det heile 1179 elevar i grunnskulen i Ulstein. Dette var ny rekord. Ulsteinskulen var no i sterk vekst, både med omsyn til førsteklassingar og samla elevtal. Heile 135 førsteklassingar hadde den første skuledagen sin 18. august dette året. No hadde Haddal 77 elevar og av desse 11 førsteklassingar, Hasund 192 elevar, 31 førsteklassingar, Ulstein 95 elevar, 21 førsteklassingar, Ulsteinvik 492 elevar og 73 førsteklassingar. På Ulstein ungdomsskule starta det denne hausten 323 elevar.

Utover i 2011 reiste Ulstein Betong Utbygging ein nytt bygg med leilegheiter på tomta der butikken i Haddal heldt til i meir enn 40 år. I løpet av desember flytta dei første inn i det fire etasjes høge bustadkomplekset med i alt 11 leilegheiter. I løpet av vinteren 2012 var dei fleste på plass. Dagleg leiar i Ulstein Betongindustri, Vidar Moldskred, var ein av dei som flytta inn saman med kona Alvhild.

Då SSB sende ut folketalsoversikta per 1. januar 2012, viste det seg at Volda kommune var den einaste kommunen på Søre Sunnmøre med kvinneoverskot. Ulstein hadde størst mannsoverskot av alle med heile 354. Tala viste elles at Ulstein no hadde kome opp i 7828 innbyggjarar, medan Hareid akkurat hadde nått 5000. Etter tredje kvartal 2012 hadde Ulstein kome opp i 7906 innbyggjarar.

I mai 2012 melde Aktiv barnehage i Ulsteinvik at barnehagen ikkje lenger fekk det til å gå rundt økonomisk. Eigar av barnehagen var David Andersen. Men kommunen lovde at alle borna skulle få barnehageplassar vidare. Kommunen ville leige Aktiv-lokala eit år for å sikre borna plass.