I september 2011 var det klart for nytt kommuneval. Ein koalisjon mellom partia Høgre, Frp, Venstre og Sp la kabalen i Ulstein og kåra Jan Berset (H) til ordførar og Knut Erik Engh (Frp) til varaordførar. Jan Berset hadde bak seg fem periodar i Ulstein kommunestyre, to av dei som ordførar. Den førre ordførarperioden hans vart avslutta i 2003.
Høgre vart den store valvinnaren i Ulstein i 2011 med åtte representantar i kommunestyret (1136 røyster og 32,1 prosent). Arbeidarpartiet kom inn med seks (784 røyster og 22,1 prosent), Frp fire (507 røyster og 14,3 prosent), Venstre tre (422 og 11,9 prosent), KrF tre (372 og 19,5 prosent) og Senterpartiet ein representant (188 og 5,3 prosent). Totalt fekk ni kvinner plass mellom dei 25 i kommunestyret.
Formannskapet vart slik: Jan Berset (H), Knut Erik Engh (Frp), Pål Grødahl (V), Heidi Strand (H), Lisa Mari Breivik Anderson (Sp), Magne Grimstad jr. (Ap) og Renathe Rossi-Kaldhol (Ap).