I oktober 2011 fekk dei nyvalde kommunepolitikarane i Ulstein saka i fanget, planane om ein kjempehall ved Ulstein vidaregåande skule. Med eit golvareal på 5000 kvadratmeter ville dette bli den største idrettshallen mellom Bergen og Trondheim. Lokalavisa slo fast at det kom til å bli litt av ein start for det nye formannskapet då dei møttest for første gong mot slutten av oktober. På sakskartet stod aktivitetsparken på Saunes, omsorgsbustader ved Sjøsida og ny idrettshall ved Ulstein vidaregåande skule. Den nye hallen var kalkulert til 77,5 millionar kroner og var tenkt som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, som eigde og dreiv UVS, Ulstein kommune og ulike lag og organisasjonar, særleg Hødd og Dimna IL, som begge hadde vore sentrale i planlegginga av hallen. Både Ulstein vidaregåande og idrettslivet i kommunen hadde etterlyst ein betre hall. No var planen å rive den gamle Ulsteinhallen, og byggje den nye så stor at han kunne vere eit regionanlegg for friidrett, og med det løyse ut 10 millionar kroner frå departementet. Det heile kunne såleis gjennomførast med relativt låge kostnader for kommunen.
Samtidig gjekk Hødd med planar for eit nytt fotballanlegg – som dei såg for seg kunne utviklast i fleire byggjesteg. Første steg var ei ny kunstgrasbane med flomlys og undervarme i tilknyting til den nye Ulsteinhallen: – Vi ser synergiar ved å legge fotballbana ved den planlagde hallen, ikkje minst med tanke på garderobebehov, kafeteria og arrangementslokale, forklarte dagleg leiar i Hødd Fotball, André Nevstad, til lokalavisa i slutten av oktober 2011. Hødd hadde heilt sidan 2007 sett på sjansane til å få til ein ny stadion. I 2008 la prosjektgruppa fram eit forprosjekt. No i 2011 hadde eit nytt og utløysande moment kome til, ei mogleg samkøyring med den nye Ulsteinhallen.
Då Ulsteinhallen kom til formannskapet i slutten av oktober 2011, var det lovorda som dominerte, og forståinga for at dette kunne bli noko stort for lokalsamfunnet.
Då rådmann Einar Vik Arset la fram budsjettforslaget og utkastet til økonomiplan for Ulstein kommune i november 2011, baud det på både store investeringar og store innsparingar. Rådmannen forklarte at dei store investeringane skulle legge til rette for vidare vekst. Kommunen ville ifølgje planen gjere klar hundre dekar til næringsformål i Saunesmarka, arbeidet med femti bustadtomter skulle halde fram, og der skulle kome veg mellom Onglasætra og Anholen, ny veg gjennom Holsekerdalen, ny hall ved Ulstein vidaregåande skule, og Ulstein Arena med idrettshall, bibliotek, symjebasseng med meir i sentrum. Desse investeringane gjekk av driftsramma, og rådmannen såg for seg sannsynlege kutt i drifta på vel åtte millionar kroner i 2012, aukande til 13 millionar i 2015: – Det vil merkast, men ambisjonane er at smartare arbeidsmetodar, interkommunalt samarbeid og fleksible arbeidsmåtar skal sikre dagens tenester til ein lågare pris, forklarte Arset.
Investeringane var massive, sjølv om kommunen ville få igjen ein del av pengane under vegs: sal av tomter, pengar frå fylket, statlege midlar med meir. Då politikarane tok fatt på økonomiplanen i desember, såg investeringslista slik ut: Holsekervegen (den nye innfartsvegen) 69 millionar kroner, Øvrevegen 4 millionar, Byggjefeltet Hofset/Vik 19,5 millionar kroner, Saunesmarka 13,5 millionar, Ny Ulsteinhall 95 millionar, Ulstein Arena 240 millionar kroner, omsorgsbustader Ulshaug/Holseker 90 millionar og omsorgsbustader i Sjøsida 43,6 millionar kroner.
Arbeidet med Ulsteinhallen vart no forsert, og trioen Bård Ringstad, UVS, Leif Ringstad, kulturkontoret i Ulstein kommune og Arve Hatløy i Dimna IL såg for seg byggjestart alt 1. september 2012. Samtidig kobla Hødd seg for fullt på det nye hallprosjektet og ville byggje eit ny stadion i tett symbiose med hallen og UVS.
I starten av februar 2012 vedtok Ulstein kommunestyre utbygginga av nye Høddvoll stadion, med ei kostnadsramme på 50 millionar kroner. Anlegget omfatta kunstgrasbane med undervarme, flomlys og tribune. Ulstein kommune skulle i samarbeid med brukarane ha ansvar for drift og vedlikehald og koordinere bruken av garderobeanlegg og kafeteria i Ulsteinhallen opp mot arrangement på Høddvoll. Kulturkontoret skulle koordinere bruken av anlegget til beste for både aldersbestemte lag og toppfotball. Hødd toppfotball skulle betale leige for bruk av anlegget knytt til kampar, medan borna skulle få nytte anlegget kostnadsfritt. I kommunestyret var det berre KrF som ville utsetje saka til dei hadde fått betre oversikt over kva dei økonomiske konsekvensane for kommunen kom til å bli.
Rett før jul 2012 løyvde regjeringa fem millionar ekstra til prosjektet. Hallen var kostnadsrekna til 100 millionar kroner og var no fullfinansiert. No hadde grunnarbeidet starta, og målet var at hallen skulle stå ferdig våren 2014. Våren 2013 skulle den gamle Ulsteinhallen rivast.
Den nye Ulsteinhallen vart offisielt opna 9. januar 2015. Men hallen trong utstyr. Derfor kom det godt med då Dimna IL i november dette året kunne ta imot 500.000 frå Sparebanken Møre til å kjøpe friidrettsutstyr for. Utstyrsbehovet låg på over 1,5 millionar kroner for den nye hallen.
Planane var at Ulstein kommune skulle stå som utbyggjar og drivar av den nye Ulsteinhallen, med Møre og Romsdal fylkeskommune ved Ulstein vidaregåande skule som leigetakar. Hallen vart prosjektert i nært samarbeid med Dimna IL og friidrettsforbundet, medan fotballgruppa i Hødd og rådgivarar frå fotballforbundet var inne i planlegginga av nye Høddvoll stadion.
Hødd fotball skulle dessutan få kjøpe reklameretten til stadion.
I november 2013 fekk lesarane vite via lokalavisa at nye Høddvoll ville få ei bustadblokk mot aust med panoramautsikt mot fotballbana. Det var sommaren 2008 at Hødd lanserte idéen om Sponsor Arena til 173 millionar kroner og med høve til 5000 tilskodarar. Men dette året slo finanskrisa innover sunnmørskysten, og planane vart lagde til side. I 2011 kom så tanken om å byggje ut eit nytt stadion i litt mindre format. Hovudtribunen skulle bli bygt saman med den nye Ulsteinhallen. Slik vart det. Sommaren 2013 var begge byggjeprosjekta i gang. Det var altså Ulstein kommune som stod som utbyggjar og eigar av nye Høddvoll. IL Hødd skulle bli leigetakar for mellom 2 og 2,5 millionar kroner i året. Tanken var at sponsorstøtte skulle dekke en del av denne leiga. Heile nye Høddvoll, med plass til 4000 tilskodarar, stod ferdig til sesongstart i 2015.
Søndag 2. november 2014 spelte Hødd den siste kampen på gamle Høddvoll. Bryne vann 3-0 over heimelaget på den 51 år gamle grasbana. Ho hadde gjort si gjerning sidan opninga sommaren 1963. Tidvis hadde Høddvoll samla mykje tilskodarar, ikkje minst i glansåra midt på 1960-talet. Publikumsrekorden var likevel sett noko seinare, i 1981 då Hødd spelte kvartfinale i cupen mot VIF, 12.537 tilskodarar.