Idéen om eit bygg på og ved tomta til Ulstein samfunnshus såg dagsens lys rundt 2005-2006. I mars 2011 presenterte lokalavisa eit nytt trappetrinn i idéen: Ulstein Arena kunne om nokre år ligge der midt i sentrum med symjebasseng, idrettshall, bibliotek og klatrehall. Men først måtte kommunen på økonomisk friarferd til næringslivet. No hadde Lund + Slaato Arkitekter vunne konkurransen om Ulstein Arena. Dei hadde kalla forslaget sitt Next Level, og midt i mars 2011 var arkitektane i Ulsteinvik for å presentere teikningane for politikarar og næringslivsfolk. På den gamle samfunnshustomta mellom Kyrkjegata og Gjerdegata hadde arkitektane teikna eit bygg som ville få byen Ulsteinvik til å ta nye steg opp i divisjonane, slo lokalavisa fast. Totalt skulle bygget bli på 14.000 kvadratmeter, medrekna parkeringsplassar under jorda.

Det skulle bli mykje diskusjon om Ulstein Arena; både kostnader og realisering. To av dei som var først ute, var Jan Arild Roppen og Arve Hatløy i Ulstein idrettsråd. Dei meinte rådet ikkje hadde blitt høyrt i samband med Ulstein Arena, og argumenterte for at det i staden for idrettshall i sentrum, burde leggast til rette for ein verkeleg storhall ved Høddvoll. At det skulle bli begge delar, kunne verken Roppen eller Hatløy vite i mars 2011.

I starten av februar 2012 kunne lokalavisa fortelje lesarane at kommunen mangla 100 millionar på å realisere Ulstein Arena. No hadde prosjektet også fått eit anna namn, Kulturkvartalet. Dette namnet slo ikkje til, og prosjektet fall nokså snart tilbake til Ulstein Arena. Den førebelse prisen på bygget hadde no kome opp i 247 millionar kroner, og det var langt meir enn kommunen hadde budsjettert med. Det skulle bli ein dragkamp før Ulstein Arena endeleg var på plass.

I november 2012 fortalde Ulsmo at selskapet ville gi totalt 30 millionar kroner til Ulstein Arena i løpet av ein tiårsperiode. Sponsinga viste igjen at det var eit gunstig samarbeid mellom kommunen og private i viktige tiltak i Ulstein.

Men politisk var det ein framhaldande dragkamp om Ulstein Arena, både om å redusere kostnadene og kanskje også avlyse heile prosjektet. I desember 2012 fekk Venstre, Frp, KrF og Sp fleirtal i formannskapet for å ta prosjektet ut av budsjettet til det kommunale eigedomsselskapet, for å unngå å belaste selskapet med stadige kostnader. Då saka kom opp i kommunestyret før jul i 2012, var debatten heftig, men kommunestyret samla seg om eit vedtak der administrasjonen skulle føre arbeidet med Ulstein Arena vidare. Kommunestyret løyvde ein million kroner til å gjennomføre eit detaljprosjekt. Men før dette varsla Knut Erik Engh (Frp) at grupperinga Venstre, Frp, KrF og Sp ville ta ut Ulstein Arena av budsjettet og i staden auke rammetimetalet i grunnskulen. Forslaget fall med 14 mot 11 røyster. Framlegget frå Høgre og Ap om å plassere Ulstein Arena i økonomiplanen for 2013 til 2016 vart vedteke med 14 mot 11 røyster. Det medførte at kommunen måtte ta opp eit lån på over 140 millionar kroner for 2013.

Etter mykje dragkamp røysta eit fleirtal av Høgre og Ap i Ulstein kommunestyre våren 2013 ja til detaljprosjekteringa av Ulstein Arena. Knut Erik Engh (Frp) frykta at eit ja til Arena ville betyr nei til andre viktige saker i Ulstein, medan Venstre ville skalere ned prosjektet, men halde på symjebasseng og idrettshall. Magne Grimstad jr. (Ap) var tidleg ute i kommunestyredebatten og forklarte at Ap og Høgre ville gå saman og stemme for prosjektet: — Vi må våge om vi skal lykkast. Alle har sagt ja til Ulstein Arena, men vi er usamde om storleiken.

Ordførar Jan Berset (H) meinte at låna som skulle finansiere Arena, ikkje ville velte kommuneøkonomien. Samtidig kom det uromeldingar omkring den gjelda som Ulstein var i ferd med å byggje opp: — Kostnaden med å handtere gjelda i Ulstein kan gå utover tenestetilbodet i kommunen, frykta økonomirådgivar Martin Gjendem hos fylkesmannen. Varaordførar Knut Erik Engh (Frp) kommenterte utspelet frå fylkesmannen slik: — Gjelda er noko Ulstein Frp har prøvt å setje fokus på dei siste åra. Det er derfor godt å få støtte frå fagleg hald.

I oktober 2013 tok rådmann Einar Vik Arset til orde for at kommunen burde innføre eigedomsskatt. Slik vart det ikkje i 2013, men skatten kom nokre år seinare. Arset ville også føre inn parkeringsavgift. Denne hausten gjekk politikarane i Hareid inn for eigedomsskatt i kommunen. I Ulstein starta det ein diskusjon om det var mogleg å gjennomføre Arena-prosjektet utan eigedomsskatt. Rett før busjetthandsaminga i desember 2013 kalla Ap og Høgre inn pressa for å orientere om planen deira for budsjettet og økonomiplanen. Dei to partia hadde fleirtal i kommunestyret, og no gjorde dei det klart at dei ville samarbeide om å få igjennom Ulstein Arena utan at kommunen vedtok eigedomsskatt: — Vi vil vere tydelege på kva partia våre står for. Høgre og Ap er optimistiske med tanke på framtida til Ulstein. Vi vil vidareutvikle lokalsamfunnet, slo ordførar Jan Berset (H) fast.

Nokre dagar seinare var det Venstre, KrF og Sp som kalla inn til pressekonferanse om budsjett og økonomiplan. Dei tre partia ville setje helse og oppvekst i sentrum og fann ikkje rom for Ulstein Arena: — Kommunen har ikkje råd til å byggje Arena, der prislappen har kome opp i 250 millionar kroner. Kommunen kan verken byggje eller drifte huset, slo Pål Grødahl (V), Steinar Torvik (KrF) og Lisa Mari B. Anderson (Sp) fast i samtale med Vikebladet Vestposten.

Då kommunestyret samla seg for å behandle budsjett og økonomiplan 12. desember 2013, vart det ein lang debatt. Etter tre timar avgjorde Høgre og Ap at Ulstein Arena skulle inn i planen.

Før jul i 2014 la Ulstein kommune Arena ut på tilbod. Men før budsjetthandsaminga var det som venta ikkje alle politikarane som ville at prosjektet skulle gjennomførast. Også i debattspaltene i lokalavisa var det delte meiningar. Enkelte var redde for at kommunen skulle bli tvinga til å innføre eigedomsskatt, og at prosjektet ville råke viktige omsorgsoppgåver. Men dei to største partia, Høgre og Ap, fekk det som dei ville då kommunestyret vedtok budsjettet. Dei ville ikkje ha eigedomsskatt og vedtok at Arena skulle gjennomførast. Like etterpå kunne ordførar Jan Berset fortelje lesarane av lokalavisa at Kulturdepartementet hadde gitt 10 millionar kroner meir i spelemidlar til Arena enn kommunen hadde rekna med.