Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk.

— Ned under oss strekkjer so den kvite Osnessanden seg i ein fin boke frå Oshaugen til Solaberget. Dette er laugarstranda i Ulstein. Lette småbylgjer skvalpar innover og lagar våte merke i den kvite sandflata. I sørenden av sandstranda ser me noko stort svart som stikk upp or småbylgjene. Det er vraket av shetlands-skonnerten Rona. Dei svartbrune eikespanta stikk upp av sanden som ribbene på ein daud kjempekval. Den høge stamnen vart lenge nytta til stupetårn av dei badande ungdomane, men no er den burte.

Segna seier: — Det var ufredstider og hardt og tungt for folket vårt på mange måtar. Norske soldatar vart utskrivne i mengd og måtte gjere teneste i Danmark og i andre land.

Knut Hofset i Ulstein høyrde til sjøvernet liksom alle menn langs kysten. Han vart utskriven til floten i København. Det var ein staut sjømann, fedrene hans hadde vore høvedsmenn på leidangskipet i skipreidet. Han var trulova med Else Osnes, dotter til ein av dei mektigaste gardbrukarane i Ulstein, og det var tanken at dei skulle gifte seg til jonsok; for i dei dagar skulle um mogleg alle brudlaup haldast ved jonsoktider elles var det ikkje rett fatt, sa dei gamle kjerringane.

Men so kom krigen. Knut måtte drage heimanfrå. Else lova å vente, men åra gjekk, det eine etter det andre. Knut lærde å skrive i Danmark, og han skreiv ofte heim; men få av breva kom fram. Gunnar, ein velståande gut frå bygda, var og hugteken i Else. — Han nytta tida vel. Han fortalde henne um det fæle livet soldatane førde, – at Knut visseleg hadde gløymt henne for lenge sidan, då ho ikkje fekk noko brev. Ja, han var helst fallen i eit av dei mange sjøslaga som det gjekk gjetord um og kom aldri til å spyrjast meir.

Else gav etter, — ho og Gunnar skulle gifte seg til sumaren. Men då vart og krigen slutt, og Knut Hofset fekk heimlov etter tolv års teneste, — Då han kom heim med ei jakt frå Bergen, var det alt lyst til brudlaup på Osnes for Else og Gunnar. — Else vart so underleg og rar etter den dagen, sa folk. Ho smilte sjeldan og gret ofte. Men no var det for seint å gjere um, att.