I dette avsnittet skal vi liste opp nokre hendingar i næringslivet i Ulstein dei siste åra av 1990-talet:
I mai 1997 var det slutt for Botnen Manufaktur i Ulsteinvik. Judit Botnen hadde bestemt seg for at nok var nok. Butikken var ei av dei første spesialforretningane i Ulsteinvik. Då Ottar Botnen starta Botnen Manufaktur i kjellaren på Fredheim i 1950, var det stort sett berre kolonialforretningar i Ulsteinvik. I 1997 var det fleire år sidan Ottar Botnen gjekk av med pensjon: – Det er med blanda kjensler at eg no stenger butikken, fortalde Judit til lokalavisa. Ho nærma seg òg aldersgrensa. Botnen Manufaktur hadde i fleire år to forretningar. I 1967 utvida dei det noverande lokalet og slo saman butikkane. – Tidlegare hadde vi òg sal av stoff, tråd og mønster. Etter kvart vart det meir og meir ferdigvarer. Styrken vår var at vi hadde godt utval i både dame- og herreklede. Dei siste åra har vi hatt eit tilbod for dei eldre, dei som synest det stort sett berre er ungdomsklede å finne på dei andre butikkane, sa Judit Botnen – som hadde jobba i butikken i 47 år.
I april 1997 tok Jonny Mork (28) over som eigar og styrar av Rema 1000 i Ulsteinvik. Han hadde lenge hatt ein draum om å drive butikk i Ulsteinvik. Etter å ha vore borte på jobb og i utdanning slo han til då tilbodet om å ta over Rema kom, og flytta heim att til Ulstein. Den unge butikkeigaren kommenterte overtakinga til lokalavisa slik: – Med den jobben eg har i dag, følgjer det mykje ansvar. Eg er i praksis sjølvstendig næringsdrivande, sjølv om eg er knytt til Reitangruppa som eig Rema 1000. Eg har det fulle økonomiske ansvaret her. Då er det greitt å ha gått gradene og fått ansvar litt etter litt. Mork hadde arbeidd både hos Narvesen, Rimi og i andre daglegvarebedrifter.
Ikkje mange månadene etter at Rema skifta eigar i Ulsteinvik, takka den velkjende motebutikken Albertine for seg i Ulsteinvik. Etter mange år i motebransjen, først i Hareid, så i Ulsteinvik, meinte innehavar Hallgjerd Hareide at tida var inne for ei endring. Midt i juli 1997 flytta ho til Førde for å ta over ein motebutikk der.
Velstandsutvikling og auke i folketal gav opningar for nye bedrifter innan servicenæringa. Trond Sundal hadde drive Tronds Bilpleie ei tid då han hausten 1997 ville utvide verksemda si til også å omfatte båtpleie. Han hadde halde til i Saunesmarka sidan 1994, no ville han skape eit senter på Saunes, der han også ville tilby service og pleie for fritidsbåtar. Det fanst ikkje så mange slike bedrifter langs kysten, og dette ville Sundal utnytte. I 1999 leigde han den tidlegare produksjonhallen til Odim på Saunes. No vart hallen fylt opp av den eine cabincruisaren flottare enn den andre.
Utover i 1997 gjekk bygginga av den store forretnings-eigedommen Norrøna på Geileneset sin gang. På 250 kvadratmeter skulle det vere både forretningsareal, kontorlokale og bustadhus. Tejos Engineering i Ålesund var byggherre. Den 1. november var det klart for opning, og då flytta Rema 1000 inn, litt seinare var også Centrumskiosken og Synssenteret på plass. Dagleg leiar i byggherreselskapet, Terje Johannessen, fortalde til lokalavisa at om lag 65 prosent av bygget var leigt ut frå opninga av. Han håpte at resten også kunne fyllest. Norrøna-bygget låg ved Kyrkjegata utanfor kyrkja. Dette var i 1997 framleis nokså sentralt i Ulsteinvik, men etter kvart som tyngda av sentrum flytta seg innover mot Sanden og Sauneselva, valde fleire av leigetakarane å flytte.