I mars 1995 flytta Entreprenøren AS med Kjartan Haddal og Lars Nordhaug inn i Røyneland-huset i Ulsteinvik. Frå før heldt Byggforum ved Alv Rise til der, slik at huset no vart eit kompetansesenter som spente over eit breitt felt i byggjebransjen.

Litt lenger ut på året opna Ulstein Trelast dørene etter ein ombyggingspause for det som skulle bli ein Bygg & Bo-butikk i NKL-kjeda. Lokala på Saunes var dobla, og forretninga kunne tilby alt innan byggjevarer, medrekna måling og tapet: – Vi er no den største aktøren i byggjevarebransjen i regionen, slo dagleg leiar Rune Urke fast i samtale med lokalavisa.

Den 22. mars 1995 døydde den iherdige kjøpmannen Sigmund Hasund brått berre 51 år gammal. No var gode råd dyre for Straumane Handelslag. Men den 19 år gamle sonen, Tore Hasund, kasta seg inn i forretningsdrifta då faren døydde: – Eg har fått god tid til å gjere meg kjend med butikken frå eg var liten. Det har ikkje vore mangel på sommarjobb eller helgearbeid, smilte Tore til lokalavisa i desember 1995. Då hadde han alt vore på forretningsreise til Kina, Thailand og Taiwan.