Golf var ein nokså fersk sport i Ulstein og Hareid tidleg på 1990-talet, men den lokale klubben Ulstein Pitch & Put Club var i vekst og talde sommaren 1996 101 medlemer. Klubben vart starta i 1989 med berre fire medlemer, og i 1991 tok dei i bruk bana si på Overå i Hareid. Klubbpresident og føregangsmann Bjarne Wærdahl fortalde i lokalavisa at kring 15-20 av medlemene møttest til dyst på Overå kvar veke. Bana kunne godt tole fem til ti til, men vart dei fleire, måtte klubben nytte venteliste. Samtidig hadde golfklubben fått medlemsskap i Norges Idrettsforbund, og fekk med det rettleiing om gartnararbeid og vedlikehald av den ni hol store Overå-bana.
I februar 1995 var det 75 år sidan Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikk vart starta. Søndag 19. februar feira korpset jubileet med konsert på Hasund bygdehus. Enok Hasund var startmann og første dirigent for 75 år sidan. Han hadde då fleire års røynsle frå Ulf som vart starta 26 år tidlegare. Dirigent i jubileumsåret var Sigurd Ertesvåg. Under festen peikte konferansier Ottar Grasvik på at korpset i motsetning til mange andre korps lokalt, ikkje hadde vanskar med rekrutteringa: – Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps hadde aldri vore så ungt og stort.
Ikkje lenge etter markerte Hasund og Dimnøy skulekorps 25-årsjubileum med musikkafé og fullsett hus. Dirigent var Sigurd Ertesvåg.
Medan fotballaget til Hødd budde seg til eliteserien i sesongen 1995, var andre grupper i klubben aktive med sitt. RS-jentene presterte stadig godt. I mars dette året kom Linn Urke Osnes med suveren siger i juniorklassen i vestlandsmeisterskapen. Fleire av Hødd-jentene gjorde det godt, og trenar Ragnhild Kriken Garnes kunne vere nøgd med utøvarane sine.
Like føre seriestart i eliteserien i 1995 teikna Hødd sponsoravtale med fråhaldsrørsla. Jan Åge Fjørtoft hadde trekt i trådar, og no var han frontfigur då Hødd presenterte samarbeidsavtalen med Motorførernes Avholdsforbund (MA) og Avholdsfolkets Landsråd på ein pressekonferanse for riksmedia i Oslo. Avtalen medførte eit godt pengebeløp til Hødd-kassa. Etter at to Hødd-spelarar hausten 1994 var innblanda i eit bilkrasj der det var alkohol med i spelet, hadde fotballgruppa i klubben valt å markere ein alkokutt-strategi. Avtalen som var inngått, var eit ytterlegare steg i den retninga. Samarbeidsavtalen skulle følgjast opp med ein aktivitetsplan. Samtidig stod dei nye tribunane på sørsida av Høddvoll ferdige. Dei ville kunne ta 2000 tilskodarar. På bakveggen var det reklameskilt.
Laurdag 22. april 1995 starta det som Vikebladet Vestposten kalla fotballfesten på Høddvoll. Etter 23 år var laget frå Ulsteinvik tilbake i elitedivisjonen. No var høddgutane med midtbanedynamoen Karl Oskar Fjørtoft i spissen, klare til å ta imot Strindheim i den første kampen. Laget håpte igjen på å bli heile Sunnmøres fotballag. 17 av spelarane i A-troppen var frå Sunnmøre, sju av dei frå Ulstein eller Hareid. Det var eit lokalt lag med identitet i regionen. Vikebladet Vestposten satsa stort på å følgje Hødd-laget, gav ut eit fotballmagasin i samband med sesongopninga, og redaktøren reiste sjølv til Tromsø på den første bortekampen for å finne ut om laget var liv laga mellom elitelaga. Der oppe møtte han mellom andre ulsteiningen Hallbjørn Saunes som skulle referere kampen direkte for Bygderadio Vest, visst vart det satsa også frå lokalmedia.
Lett skulle det ikkje bli: Opningskampen mot Strindheim vart akkurat så tøff og tett som ein opningskamp kunne vere. Oppgjeret mellom dei to laga, som var rekna mellom dumpekandiatane av hovudstadspressa, enda 1-1, og Geir Televik fekk æra av å score det første eliteseriemålet for Hødd på 23 år. No venta Tromsø på Alfheim: «Møyrbanka, men ikkje utslått», konkluderte Vikebladet Vestposten i referatet sitt frå Tromsø. Etter eit tap på 4-2 summerte avisa opp slik: – Høddspelarane vart eit nummer for små i nærkamp med Tromsø-spissane Tore André Flo og Sigurd Rushfeldt. Likevel var Hødd med på å gjere kampen på Alfheim sjåverdig. I den første halvtimen var Hødd det førande laget, og kunne med litt flaks ha teke leiinga. I staden var det Rushfeldt som konfronterte dei ferske toppseriespelarane med det verkelege livet på dette nivået: Nøling og feil blir straffa.
Men Hødd tok med seg ein lærdom frå Tromsø. Den neste kampen var ein onsdagskamp heime på Høddvoll, og heimelaget knuste Vålerenga med 3-0. I det heile må vi seie at Hødd hadde ein god vår i eliteserien 1995. På eitt tidspunkt i mai låg laget på fjerdeplass på tabellen. Etter 13 kampar hadde Hødd sanka 17 poeng og låg på 7. plass på tabellen. Men så butta det, og det vart lengre mellom dei gode resultata. Den 6. august låg Hødd under streken etter 0-1- tap mot Viking heime på Høddvoll. Men ingen ting var avgjort før i siste serierunde. Eit slag i ansiktet var det nok at den beste spelaren på Hødd-laget denne sesongen, Karl Oskar Fjørtoft, ville melde overgang til Rosenborg etter sesongslutt. Det skulle bli ein duell om pris mellom dei to klubbane. Rosenborg hadde bode 400.000 kroner, Hødd kravde over to millionar. Saka gjekk til forbundet som avgjorde at Rosenborg berre skulle betale 275.000 kroner.
Då Hødd tapte 2-3 mot Tromsø heime midt i oktober, såg det mørkt ut. No var laget nøydde til å vinne over Strindheim, samtidig som Rosenborg slo Kongsvinger borte. Hødd gjorde sin del av jobben og vann 5-1, men Rosenborg klarte berre 1-1, og med det vart det nedrykk.
Torsdag 19. april fylte krigshistorikaren, forfattaren og krigsveteranen Ragnar Ulstein 75 år. Få hadde som han grave i dei tallause historiene om den sorg, liding og gru som siste verdskrigen og den tyske okkupasjonen påførte sivile og militære, kvinner og born, unge og gamle. Likevel uttrykte han i jubileumsintervju med Vikebladet Vestposten at han var mest opprørt av nokre av haldningane hos sine eigne i samband med frigjeringsjubileet i 1995. Når den tyske ambassadøren hadde vorte pressa til å melde avbod ved den norsk-amerikanske minnehøgtida i Snåsa, reagerte Ragnar Ulstein sterkt: – Eg forstår dei vonde kjenslene, men vi må prøve å vinne over dei og sjå det store i at vi kan stå saman også med Tyskland i eit ønske om å byggje det gode, insisterte Ulstein. Vel 20 år seinare skulle Ragnar Ulstein bli heidra med byste på rådhusplassen i Ulsteinvik.
Denne våren i 1995 var det ei storstilt fredsmarkering rundt om, også i Ulstein. Det vart arrangert minnefestar, jubileumsutstillingar, kransing av minnesteinar, jubileumsgudstenester og fredsmarsjar. Også skulane markerte at det var 50 år sidan fredsvåren 1945. Vikebladet Vestposten gav ut eit stort magasin om krigen og freden i Ulstein og Hareid, ført i pennen av Johan Ottesen. På framsida av magasinet var det bilete av Ragnar Ulstein, hovudtalar under friluftsfesten på 17. mai 1945, og tittelen var: «Endeleg kom freden».
Den 20 juni 1995 vart det halde eit historisk møte i Ulstein Rotary. Då oppheva dei ein 32 år gammal mannsbastion og sleppte kvinnene inn. Turid Tranvåg og Synnøve Overvåg vart opptekne som rotarianarar. Rune Garen var president i klubben dette året.
Fellesorkester for Ulstein og Hareid vart avvikla i 1990. Hausten 1995 kunne lokalavisa melde at det tidlegare orkesteret ville gi dei av musikkinstrumenta sine som ikkje lenger var i bruk, til musikkskulane i regionen. Det nye regionalorkesteret, som var eit samarbeid mellom musikkskulane i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, skulle no disponere instrumenta som hadde ein verdi på over 100.000 kroner.