Per Eide reknast i dag som ein av Norges mest allsidige fotografar. Han har ein BA i fotografi frå West Surrey College of Art & Design i England. Eide starta si profesjonelle karriere då han opna studio i 1981.
Artikkelen er basert på ei særoppgåve Anna Standal Tangen frå Volda skreiv om Petra Moldskred. Artikkelen er ein forkorta og revidert versjon av særoppgåva. Petra er tanta til hennar farmor Hildur Tangen. I innleiinga til særoppgåva skriv Anna:
Petterbakken ligg i sentrum av Ulsteinvik, like ved barne- og ungdomsskulen og Ulstein Arena. På eigedomen er det våningshus, borstove og løe. Tidlegare stod det også eit stabbur nord for våningshuset.
Eg vart konfirmert hausten 1915. Då eg ikkje fekk vera med ”Ulf” som sei- dragar i sildefiska i 1916, tenkte eg: ”Eg orkar ikkje å tre haud og bunte ryggar å ”Ulfbuda” fleire vinterar.” Derfor tok eg meg plass som ”leigde- mann” med Hans Dimmen og Iver Skeide. Løna for sild- og torskefiska var kr.150.00 pluss fri kost og hus.
Ragnhild Kriken Garnes har lagt ned eit stort arbeid med turn og rytmisk gymnastikk. Ho er som første kvinne æresmedlem i Hødd og har teke imot ei rekke prisar.
Skulestyrar Reinhard Høydal vil først og fremst bli hugsa for dei mange avisartiklane sine. Han var bokmann og skribent, og gjorde ein stor innsats for folkeboksamlinga i Ulsteinvik.
Roar Strøm vart fødd i Kristiania 31. mars 1903. Faren var høgsterettsadvokat Oskar Strøm. Mora var Randine Strøm, fødd Vaaler. Begge foreldra var av bondeslekt. Roar Strøm vaks opp på Frogner i Kristiania. Han var fødd med leppe-gane-spalte, noko som plaga han ein del. Han var eldst i ein søskenflokk på fire. Familien var velståande og eigde fleire eigedomar i hovudstaden.
Rolf Hatlø var hans offisielle namn, men Rolf Sin vart han kalla. Dette etter far sin, Fransinius Hatlø, som vart kalla Sin, derfor Rolf Sin.
Han kunne feire årmålsdagen og 17. mai på ein og same dag. «Ej e fødde på 17. mai farr,» kunne han seie.
Rolf var det ein kan kalle ein bygdeoriginal. Ingen vil kalle han dum. Mange vil heller seie at han likte å underhalde, vere midtpunktet. Han spelte eigentleg ei rolle. Han var ein romantikar, snartenkt og kjapp i replikken. Som regel låg det noko alvor bak det han sa eller deklamerte. Han miste mor si tidleg, og dette prega han. Rolf gjentok mange gonger kor låkt mor hans hadde det før ho døydde.
Ruth Ulstein og mannen Hallbjørn Ulstein dreiv pensjonat/hotell i Ulsteinvik. Ruth var hardtarbeidande og hadde ei hand med det meste i hotelldrifta.
Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden. Ho var barn nummer sju av foreldra Ottar (Otte) Ivarsson (døypt 16.2.1773) frå Erkegarden på Langvatn og Brit Olsdotter Skare (døypt 18.9.1774).
Garden Skare vart bygsla av pastor Finde i 1801, og Ottar fekk kjøpt han av proprietær Nils Leganger i 1826. Garden ligg på sørsida av Austefjorden, ikkje langt frå Fyrde som er inst i fjorden.
Det var Olsokstemne på Gamleeidet mellom Ulstein og Hareid. Lyngmark og utspadd torvmyr kransa grasvollen der is-skuringa i si tid hadde lagt att ein kjempestein på høgste punktet i terrenget. Det minte ikkje så lite om steinen i «Snorre», som Heilag-Olav stydde seg imot då han fall på Stiklestad. Stemnefolket hadde samla seg, og sangen ljoma. Skulestyrar S. Hop var talar, og inntok no steinen i eit lett sprang. Han ruva ikkje, verka heller noko småpuslen før han retteleg kom på gli. Men så glimta det til av skapande syner som reiv stemnelyden med. Dette var mitt første inntrykk av denne hordalendingen som gjorde sunnmøring av seg, og som fekk slik innverknad på vår ungdom i ei avgjerande tid.
Severin kom frå Hop ved Bergen. Severin var den første organisten i Ulstein, men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulelærar han skulle gjere si gjerning.
Sigmund Bugjerde har markert seg som ein av dei fremste av mange leiarar for friidretten i Hødd – og på regionalt plan. I friidrettskretsar vart han ein institusjon. Han er æresmedlem i Hødd for innsatsen sin.
Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.
Sigmund Ulstein var fødd 30.07.1917 og døde 23.08.2001. Foreldra var Knut Ulstein og Petra Hasund Ulstein. Sigmund var eldst av sju sysken. Etter konfirmasjonen vart det fiske og gardsarbeid. Han byrja tidleg i Ulstein Mannskor og i Losje Tru. Begge laga var svært aktive både før, under og etter krigen med møtestad Ulsteinvik sentrum. Og sjølv om det var lang veg frå Ulstein der han budde til øvingar og møte, var Sigmund svært aktiv.
Sigrid Irvine Strand dreiv klesforretning i Ulsteinvik i nesten 40 år. Ho bygde eigne forretningsbygg. Ho var i stor grad med på å gjere Ulsteinvik til eit handelssenter som drog kundar frå fjern og nær.