Sigmund Bugjerde har markert seg som ein av dei fremste av mange leiarar for friidretten i Hødd – og på regionalt plan. I friidrettskretsar vart han ein institusjon. Han er æresmedlem i Hødd for innsatsen sin.

Sigmund er fødd og oppvaksen i Kjølsdalen i Nordfjord. Både faren og brørne var opptekne av sport. Han byrja å arbeide i hamnevesenet då han var 17 år, og i Televerket då han var 18. Han gjorde teneste i Tysklandsbrigaden etter krigen. Han gifte seg med Edel frå Leikanger i Herøy i 1951. Dei har tre born. Familien budde nokre år på Leikong før dei flytte til Ulsteinvik i 1954. Der bygde dei hus i Holsekerdalen. Sigmund arbeidde i Televerket heilt til han vart pensjonist.

Sigmund har vore medlem i Hødd i nær 60 år. Den første tida var han aktiv sjølv, mest i terrengløp, stille lengde og høgde. Frå midten av 1960-talet vart det fart i friidrettsgruppa i Hødd. Det var mykje takka vere entusiastar som Sigmund Bugjerde og Arne J. Eiken. Sjølv hadde han vore aktiv både i friidrett, fotball og ski. Han har og vore ein innpiskar i høve til å ta idrettsmerket. Såleis var han den første lokalt som vann Statuettklubbens Heiderspris. Det ligg mange års innsats bak ei slik utmerking.

Sigmund har lagt ned eit stort arbeid i IL Hødd Friidrett. Han har vore leiar, kasserar, styremedlem, trenar, lagleiar, stemneleiar, dommar i mange store stemne – og aktiv på kretsplan.

Sigmund var også mellom dei første som spelte badminton i Hødd tidleg på 1960-talet.

Han har køyrt mange mil for klubben og for unge talent som skulle til stemne rundt om i landet. I friidrettsmiljløet stod han som ein bauta. Samværet med kollegaer, born og alle unge utøvarar må ha vore drivkrafta. Eit desidert høgdepunkt var det då Hødd tok sitt første NM-gull på 4 x 400m i 1984. Sigmund var med som leiar.