Kleven Verft har gjennom to generasjonar vore ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein Kommune. Bedrifta har dels stått fritt og dels vore i konsern med andre bedrifter, og eigarskap har skifta. Denne artikkelen skal seie litt om mannen som starta Kleven Mek. Verksted tilbake i 1944 – Marius Kleven. Kven var han og kva stod han for i yrke og fritid? Har verdiane hans sett sitt preg på bedrifta slik vi kjenner henne i dag? Her skal vi minnast litt denne – bokstavleg talt – store mannen som i sitt vesen var prega av at han hadde ein smed sin kropp, samfunnsengasjementet til ein politikar og kulturinteressa til ein aktiv korsongar.
Martin blei fødd på Kolbeinhaugen på Ulstein av foreldra Ole Hansson og Dina Larsdotter Ulstein, saman med sju andre sysken: Hanna (1883), Johanne Sofie (1886), Lars Johannes (1889), Hans Nikolai (1891), Martin Laurits Peter (1893), Helga Salome (1896), Osvald Emil (1899), Ingeborg Nikoline (1901).
Arne M. Bjørndal (1916-2012) var det niande av dei 10 borna til Martin og Anna Bjørndal. Martin Bjørndal var lærar i Ulsteinvik i den tida skulen var ute på Halsen. Arne Bjørndal har skrive to autobiografiar. Dette kapittelet er eit utdrag frå My Early Days: From School Days to War Time, som i tillegg til barne- og ungdomstida omhandlar krigsåra. Etter krigen fullførte Bjørndal tannlækjarstudiet i Oslo, men etter å ha praktisert i nokre år emigrerte han til Amerika. Han vart seinare professor i odontologi av University of Iowa. Denne artikkelen er klargjort for publisering av Trond Bjørndal. Delar av materialet er omsett av Jonas Røyset.
Etter at Einar har gått bort, er det mange som kjenner på eit sterkt sakn. Ikkje berre dei næraste – kona Gunvor og døtrene Hanne Marte, Silje, Kamilla og deira familiar, men også for mange andre er saknet etter ein god ven og samarbeidspartnar tungt å bere.
I ei lita stove på Oshaugen budde der ei dame, Gjertrud Jetmundsdatter, f. 1791, frå Indre Dimna. Ho eigde br.nr. 3, Oshaugen på Osnes, og hadde levd der samam med to tidlegare ektemenn som no var døde. Korleis omstenda var er ikkje kjent, men Paul (Pål) Larsson (f. 1820) frå Hasund dukka opp, og han og Gjertrud gifte seg.
I 1881 kom ein ny prestefamilie til Ulstein. Den nye presten heitte Nils Christian Anker. Seinare vart han prost, noko som dei fleste kjenner til gjennom Prost Ankers gate, ovanfor ungdomsskulen. Den nye prestefamilien var i tillegg til den kyrkjelege aktiviteten også svært interessert i kulturelle aktivitetar.
Nils Skotheim var elverksjef i Ulstein frå 1968 til 1991 og var pådrivar for å skaffe kommunen eit moderne og sikkert kraftforsyningsnett. Nils kom opphavleg frå Steinshamn på Harøya.
Norvald Skeide vart fødd på Skeide i 1915 og døde i 1986, og var den eldste av 5 brør. Faren, Nils Johanson Skeide, døydde då Norvald var berre 14 år. Dette vart ei hard og vanskeleg tid for familien i byrjinga av 30-åra, og Norvald måtte ta ansvar for mor og søsken, slik det gjerne var den gangen.
Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.
Olaus Alme er fødd på Litle Alme i Hareid kommune. Han var ein drivande kraft då Fredheim blei bygd og for å få Sunnmøre Folkehøgskule til Ulsteinvik.
Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.
Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.
Olav vart fødd 17.03. 1921 i Ulsteinvik. Foreldra var Sina og Julius Ulstein. Olav var den tredje av seks born, fire gutar og to jenter. Ola, som han vart kalla, var den som alltid skulle prøve ut nye idear. Han var ein våghals, full av energi og uro. “På- fynstre”, sa far.
Våren 1931 vart mor innlagd på Kysthospitalet i Stavern med tuberkulose. Ho vart verande der i to år. I denne tida, og sidan periodevis, budde Ola hos ulike onklar og tanter. Kanskje var dette omflakkande tilværet i barndommen, og engstelsen for mor, ei årsak til uroa han hadde i seg.
Gutespeidararbeidet i Ulsteinvik blei formelt starta opp i 1947. Men forløparen for speidararbeidet, triangelarbeidet, kom i gang så tidleg som i 1939. I den eldste protokollen for Ulstein T.a.g.a (Triangelgutteavdeling) står det slik på dei første sidene:
Det første og einaste eg hugsar etter bestefar, er gravferdsdagen hans. Ein aprildag i 1958. Eg var 4 år og stod i vindauget og såg gravfølgjet for forbi på nedstevegen mellom Lillebøverkstaden og slakteribuda hans Brudevoll. Sjøen var på begge sider av vegen. Svartkledde kvinner og menn gjekk sakte etter kista. Eg var rasande fordi eg ikkje fekk vere med i gravferda. Det var ikkje brukvisa å ta med born i gravferd då.
Han kunne nok vere irritert og oppgidd over pasientar som masa for mykje eller prata om sjukdomen sin som om dei visste både kva diagnose dei skulle få og kva medisin han burde gje dei.
Du såg det på han. Han noterte og tagde og skotta av og til opp. Så small det. Han ville vite kva dei ville hos legen dei som visste både kva sjukdomen dei hadde, og kva lækjeråda burde vere. I verste fall kunne slike bli skyssa ut av kontoret.