Personar

På 60-talet var Sunnmøre Folkehøgskule staden for utefesten.

Personar

181 treff

Kjersti Kleven er dotter til John Kleven (d. 2009). Ho er styreleiar i Kleven Maritime AS, har teke imot prisar og markert seg i offentleg debatt.

John Kleven vart kjend som frontfigur og verftseigar. Han var kjend og respektert både i industrimiljøet og i lokalsamfunnet, og opparbeidde seg eit ry som ein folkeleg og jordnær bedriftsleiar.

Ottar Kaldhol er fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune. Han har eittårig framhaldskule. Med dette utgangspunkt har han gjort betydeleg karriere innan fagrørsla og politisk arbeid både lokalt og nasjonalt.

Arne I. Jørgensen var første rektor ved Ulstein vidaregåande skule, eller Ulsteinvik gymnasklassar som det heitte den første tida. Jørgensen stod sentral då den nye vidaregåande skulen vart reist og teken i bruk i 1977.

Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.

Skulestyrar Reinhard Høydal vil først og fremst bli hugsa for dei mange avisartiklane sine. Han var bokmann og skribent, og gjorde ein stor innsats for folkeboksamlinga i Ulsteinvik.

Severin kom frå Hop ved Bergen. Severin var den første organisten i Ulstein, men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulelærar han skulle gjere si gjerning.

Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.

Leiv Havåg er kjend både som talar, diktformidlar og forkynnar. Ei tid vart han kalla «erkekateketen». I 1983 vart han vald til den første leiaren i det nye bispedømmerådet.

Denne artikkelen er henta frå boka Johan von Cappelen og arven etter han. Johan von Cappelen var sokneprest i Ulstein og Hareid 1748-1792. I omslaget til boka skriv forfattaren: I 1749 kom det eit reisefølgje til prestegarden i Dimnasund. Den nye presten Johan von Cappelen kom til gards saman med kona Marthe Sophie. Dei var nygifte. Husa på garden var til nedfalls og måtte vølast. Husa vart sett i stand, og familien vart buande i Dimnasund til Johan døydde i 1792.

Petter Anton Storøy kom til Ertesvåg frå Storøya i Herøy, ei øy som ligg aust for Tjørvåg. Han kjøpte bruket av Martha Ertesvåg i 1898, enkja etter Knut Johannesson Ertesvåg. (Petter) Anton tok gardsnamnet Ertesvåg. Han var gift med Karen Olaviusdtr. Dimmen, og saman fekk dei ni born. Knut Ludvik, fødd 18.07.03, var nummer seks i rekkja.

Inge Dragsund var for mange kjend som disponenten i suksessbedrifta Odim, som han starta saman med tre andre i 1974. Odim jobba blant anna med mekanikk og hydraulikk til både fiskeri- og oljebransjen, og selskapet har vore ein viktig del av næringslivet i regionen.

Anders Hatløy vart fødd i Ratvika i Borgund kommune på Sunnmøre i 1931. Faren Gottfred Hatløy var fødd i 1894 på Hatløya i Ulstein kommune. Mora Oluffa Dale var fødd i 1899 på Dale i Dalsfjorden som den tida var del av Volda kommune.

Eg vart spurd om å skrive ein artikkel om Marit Høyvik Ulstein til boka Levd Liv. Eg sa ja, og gjennom døtrene Gerd og Solveig fekk eg tilgang til eit rikhaldig arkiv med avisutklipp, brev og notat som Marit hadde samla. Arkivet er så omfattande at det er stoff til ei heil bok.

Gjennom dei 20 åra Kirsti Pedersen Haugen budde i Ulstein, var ho sterkt med på å gi kulturlivet i Ulstein eit lyft. Ikkje berre med sine eigne scenebidrag, men like mykje ved å lyfte fram andre, ofte unge, talent.

Aksel Hauge har vore aktiv og samfunnsengasjert pådrivar i politikken, kulturen, historielaget, godtemplarlosjen og mykje meir. Aksel Hauge var skipsrøyrleggar ved Ulstein Verft frå 1953 – 2000, 47 år.

Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.

Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.

Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.

Kjetil Hasund var den store frontfiguren og rikskjendisen då Hødd gjorde furore på fotballbana og skapte den såkalla gullalderen på 1960- og 70-talet. Karrieren hans spente over fire tiår.