Personar

På 60-talet var Sunnmøre Folkehøgskule staden for utefesten.

Personar

194 treff

Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.

I «Levd Liv» 2018 skriv Lars Inge Breivik ein artikkel om om daglegliv under krigen fortalt av faren Sigmund Breivik. Han jobba då litt hos Pål Våge som dreiv med sildesalting. Han skriv mellom anna om røyking og pakking av sild:

Året 1858 skulle bli eit skrekkens år for eigarane av Johangarden, Bnr 4 på Hasund. Husbonden Knut J. Osnes Hasund, 26 år, var på fiske med båtlaget sitt. På Svinøyhavet bles det opp til storm. Folk frå Gursken leitte etter mannskapet, men fann ingen.

Solveig Berge Strandebø, fødd 11.08.1913 og død 09.01. 1999. Solveig var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik.

Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.

Der kjem eit taterfylgje. Tvo, tri kjerringar, fire karfolk og ei heil brote med ungar. Kjerringarne gjeng i raude vestar og beltor med blanke syljor, ljose hovudplagg og ofte raude stakkar òg. Forkledet hev dei bunde upp, og det er fullstappa med pultrar. Skorne er i fillor. Paa ryggen hev dei ein liten unge bunden fast. I eine handi ber dei kaffikjelen og i den andre leider dei ein annan unge. Fyre og etter gjeng større ungar berande paa pultrar paa ryggen eller i henderne. Karfolki er oftast svartklædde. Dei gjeng i skjorteerma og i skinnhuva.

Det er Linda Hasund som har lagt til rette for denne artikkelen. Linda er dottera til Halbjørn Hasund (1939-1994). Kitty var tanta til Halbjørn.

Så langt som folk veit om har det vore eit fiskemiljø ved Yksnøya. Der finst storseiden. I gamle dagar måtte ein ha seidagn, ongel, seidestreng og blystein. Frå seidestrengen og opp hadde ein hampesnøre som vart hala med hand. Agnet var sild. I seinere tid har hampesnøret vorte utbytt med  sen, og det har vorte lettvintare å få tak i makrell til agn, og den er kanskje vel så fiskjen som silda.

Så lenge eg kan minnast har eg vore medviten om kyrkjegarden som eit sentrum og ein periferi i menneskelivet. Som barn fylgde eg mor ut til Osnes og hjelpte til med stellet av familiegravene. Ho reinska og planta og delte forteljingar om dei døde. Gravstaden vart eit omdreiingspunkt for identitetsutvikling. Gravstellet hadde to funksjonar – å ære den døde ved å halde minnet levande, og skjøtte omdømet til dei levande ved å vise at norma om gravstell vart etterlevd.

Ståle Rasmussen har vore konsernsjef i Kleven sidan 2007 og såleis vore med på eit verftseventyr utanom det vanlege. Som musikar har han også spelt ei rolle kulturelt.

Før hundreårsskiftet 1800-1900 var det ikkje noko forsamlingshus i Hasund krins. Det var i Prestegarden, som då låg i Dimnasund, at møter og festar vart haldne.

Svein Eiksund har lagt ned ein stor innsats i musikklivet i Ulstein gjennom fleire tiår. Mest kjend er han for arbeidet sitt med blandakoret Con Moto som har vore ein fin tilvekst til korlivet i Ulstein.

Blekken

Kallenamnet, eller utnamnet til far, var Blekken, og kom naturleg nok frå arbeidet hans som blikkenslagar. Som barn og ungdom syntest eg merkeleg nok det var noko nedverdigande over dette tilnamnet, og var nok ikkje nådig når det blei brukt. Seinare har eg kome til at det var eit heidersnamn, og heller noko å vere stolt av. Det fortel noko om kven far min var.

Sverre Olav Lynge var den første skuleinspektøren i Ulstein. Han var ordførar nokre vanskelege mellomkrigsår. Han leiar i forstandarskapen i Ulstein Sparebank frå 1927 og i 37 år. Han åtte den første bilen på Flø.

Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.

I bygdeboka for Ulstein/Hareid står det at Sverre Ottesen vart fødd den 12/12-1911. Han døydde i 1986.

Bakgrunnen påverka yrkesvalet

Lise Gjerdsbakk vart fødd i 1922 som nummer to i ein søskenflokk som etter kvart vart fire søstre. Foreldra var Lars Gjerdsbakk og kona Sofie som vart fødd Dimmen.

Desse dikta eller stubbane blei første gongen framførte av Marit Høyvik Ulstein på gamlefesten i Ulsteinvik i 1957.

Attersynet er tileigna Hanna Olsen sine besteforeldre og foreldre, Arne Olson og Andrine, fødd Hareid, Olaf Arneson og Oluffa, fødd Moltu.

Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.

Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.