Kallenamnet, eller utnamnet til far, var Blekken, og kom naturleg nok frå arbeidet hans som blikkenslagar. Som barn og ungdom syntest eg merkeleg nok det var noko nedverdigande over dette tilnamnet, og var nok ikkje nådig når det blei brukt. Seinare har eg kome til at det var eit heidersnamn, og heller noko å vere stolt av. Det fortel noko om kven far min var.
Sverre Olav Lynge var den første skuleinspektøren i Ulstein. Han var ordførar nokre vanskelege mellomkrigsår. Han leiar i forstandarskapen i Ulstein Sparebank frå 1927 og i 37 år. Han åtte den første bilen på Flø.
Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.
Lise Gjerdsbakk vart fødd i 1922 som nummer to i ein søskenflokk som etter kvart vart fire søstre. Foreldra var Lars Gjerdsbakk og kona Sofie som vart fødd Dimmen.
Desse dikta eller stubbane blei første gongen framførte av Marit Høyvik Ulstein på gamlefesten i Ulsteinvik i 1957.
Attersynet er tileigna Hanna Olsen sine besteforeldre og foreldre, Arne Olson og Andrine, fødd Hareid, Olaf Arneson og Oluffa, fødd Moltu.
Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.
Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.
Tolleiv Moldskred og syskenbarnet Leif Moldskred bygde opp bedriftene Moldskred Knuseverk og Ulstein Betongindustri i Haddal. I 1980 slo bedriftene seg saman.
Tore Ulstein er industrileiar og president i NHO. Han er medeigar i familieselskapet Ulsmo og dermed medeigar i Ulstein Group. Tore er utdanna sivilingeniør.
Dei var tre brør Sundal; tvillingane Nils (1930-1999) og Jon (1930-2007) og yngstemann, Sindre (1935-2013).
Dei vaks opp på Hofset i Ulsteinvik og var aktivt med i både korps og fotball. Alle tre spelte mange A-kampar for Hødd, der Nils i mange år også var lagkaptein og solid forsvarsspelar. Jon Sundal stod for det meste i mål, men kunne også spele ute på bana. Han vart kalla «Tippen» etter den legendariske norske landslagsmålvakta, Henry «Tippen» Johansen. Sindre «Siss» Sundal var også forsvarsspelar først og fremst.
28.desember 1872 var ein flokk menn samla i skulehuset på Halsen for å drøfte korleis ein skulle starte ei forbruks- eller spareforeining i Ulstein sokn. Lite trudde desse på at det som dei sette i gang skulle ha livskraft i seg i meir enn 100 år etter.
Kristne menneske har songen som ein viktig reiskap i samlingane sine. Det har vore sunge mykje i våre grender. Den gode salmen har oppbygt mang ei sjel, der teksta hadde eit evangelisk innhald. I dei ymse høgtidene, i festar og vekkingstider fekk songen ein ekstra plass. Songen fylgde med i kvardag og helg. Folk la varme i songen, og dei song ofte. Dei som hadde god songstemmer, vart høgt verdsette. Prestar, klokkarar og lærarar vart ofte leiarar for songvalet, og leiinga av kora. Desse var med å skipe korsongen.
I januar 2014 fylte Ulstein kunstlag 70 år. Dette vart markert med ei storstilt jubileumsutstilling. Den første kunstforeininga i Noreg var Christiania Kunstforening, stifta i 1836.
I 2017 er det 100 år sidan starten for Ulstein Mekaniske Verksted (UMV), det som i dag er ein del av Ulstein Group. I dei første åra var det reparasjonar og konstruksjon av fiskebåtar i tre. Seinare kom stålbåtar, og desse var av fleire typar, mellom anna passasjerfartøy, roro-skip, ferjer og offshoreskip.
Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.
– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.
Aase Rise Ringstad dreiv blomsterbutikk og starta gravferdsbyrå i Ulstein. Ho var såleis med på å gjere kommunesenteret til ein meir komplett stad å bu.