Inge Grimstad

1 treff

Det var Olsokstemne på Gamleeidet mellom Ulstein og Hareid. Lyngmark og utspadd torvmyr kransa grasvollen der is-skuringa i si tid hadde lagt att ein kjempestein på høgste punktet i terrenget. Det minte ikkje så lite om steinen i “Snorre”, som Heilag-Olav stydde seg imot då han fall på Stiklestad. Stemne­folket hadde samla seg, og sangen ljoma. Skulestyrar S. Hop var talar, og inntok no steinen i eit lett sprang. Han ruva ikkje, verka heller noko småpuslen før han retteleg kom på gli. Men så glimta det til av skapande syner som reiv stemnelyden med. Dette var mitt første inntrykk av denne hordalendingen som gjorde sunnmøring av seg, og som fekk slik innverknad på vår ungdom i ei avgjerande tid.