Personar

På 60-talet var Sunnmøre Folkehøgskule staden for utefesten.

Personar

181 treff

Året 1858 skulle bli eit skrekkens år for eigarane av Johangarden, Bnr 4 på Hasund. Husbonden Knut J. Osnes Hasund, 26 år, var på fiske med båtlaget sitt. På Svinøyhavet bles det opp til storm. Folk frå Gursken leitte etter mannskapet, men fann ingen.

I «Levd Liv» 2018 skriv Lars Inge Breivik ein artikkel om om daglegliv under krigen fortalt av faren Sigmund Breivik. Han jobba då litt hos Pål Våge som dreiv med sildesalting. Han skriv mellom anna om røyking og pakking av sild:

Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.

Asbjørg Hasund Grønmyr reiste rundt heile kommunen og sette sprøyter då ho kom tilbake til bygda på 1950-talet. Deretter vart ho styrar for Ulstein kvileheim og så sosialsjef i Ulstein.

Magne Grimstad var lærar og rektor og gjorde ein omfattande innsats for å bygge opp speidararbeidet i Ulstein. Han verka og som kordirigent. Han har også vore ein svært aktiv skribent i lokalavisa.

Kjartan Grimstad var ein sentral person innan det kristne organisasjonslivet i Ulstein. Han sat i soknerådet frå 1970 til 1985. I perioden 1970 til 1974 var han soknerådsleiar.

Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.

Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.

Ragnhild Kriken Garnes har lagt ned eit stort arbeid med turn og rytmisk gymnastikk. Ho er som første kvinne æresmedlem i Hødd og har teke imot ei rekke prisar.

Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.

Asbjørn Flø har markert seg som politikar både på kommune- og fylkesnivå. Han har vore ordførar og har engasjert seg sterkt i eldrepolitikk.

Svein Eiksund har lagt ned ein stor innsats i musikklivet i Ulstein gjennom fleire tiår. Mest kjend er han for arbeidet sitt med blandakoret Con Moto som har vore ein fin tilvekst til korlivet i Ulstein.

Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.

Per Eide reknast i dag som ein av Norges mest allsidige fotografar. Han har ein BA i fotografi frå West Surrey College of Art & Design i England. Eide starta si profesjonelle karriere då han opna studio i 1981.

Sigmund Bugjerde har markert seg som ein av dei fremste av mange leiarar for friidretten i Hødd – og på regionalt plan. I friidrettskretsar vart han ein institusjon. Han er æresmedlem i Hødd for innsatsen sin.

Mange kallar han «Mister UT himself»; Sigmund Borgundvåg er nestoren mellom skipsdesignarane i den maritime klynga og står bak suksesshistoria til utviklinga av UT-designa.

Thorvald Bjørndal etablerte realskulen i Ulstein. Han hadde si livsgjerning i skuleverket frå 1935 til 1971. Realskulen var for mange det første steget mot høgare utdanning.

Roar Strøm vart fødd i Kristiania 31. mars 1903. Faren var høgsterettsadvokat Oskar Strøm. Mora var Randine Strøm, fødd Vaaler. Begge foreldra var av bondeslekt. Roar Strøm vaks opp på Frogner i Kristiania. Han var fødd med leppe-gane-spalte, noko som plaga han ein del. Han var eldst i ein søskenflokk på fire. Familien var velståande og eigde fleire eigedomar i hovudstaden.

Jan Berset har sete i formannskap og kommunestyre i Ulstein i over 30 år. Han er inne i den tredje perioden sin som ordførar. Han har vore med på ei storstilt utvikling av lokalsamfunnet.

Arthur Osnes var fødd 14.september 1924. Flyet han var med vart skote ned over Tyskland under andre verdskrig ved Hannover 22.september 1943. Alle ombord omkom. Arthur var då 19 år gamal.