Då samferdselskomitéen på Stortinget kom på vitjing til Ulsteinvik i 1996, var bodskapen frå MRF-styreleiar Einar Holm klar: Han var uroa over at ferjeflåten i fylket ikkje hadde halde tritt med trafikkutviklinga. Han peikte på at gjennomsnittsalderen på ferjene no var over 20 år. Han poengterte også at trafikkveksten mellom Hareid og Sulesund gjorde krav på nattferjer. Dette måtte kome fram i statsbudsjettet for 1997.
Våren 1950 var arbeidet med den nye Dragsundbrua i full gang. Målet var å få brua ferdig ut på sommaren 1951. På Dragsund-sida hadde arbeidet med tilkomstvegen kome langt, og på Garnes-sida var dei våren 1950 i full gang med å arbeide opp ny veg nedover til bruspennet. I 1952 vart eit bergensfirma engasjert for å stå for reisinga av brua, som skulle byggjast i betong. I slutten av januar 1953 var brua støypt ferdig. Ho vart ikkje opna for trafikk før ut i februar. Det skulle mellom anna monterast rekkverk.
Kyrkja kravde allereie på 1100-talet at borna skulle kunne dei kristne grunnsanningane utaboks. «Pensum» den gongen var Credo, Pater Noster og Ave Maria – trusvedkjenninga, Fader Vår og Maria-verset – og det var foreldre og fadderar som hadde ansvaret for opplæringa. Etter at borna var 7 år gamle, måtte dei møte til skriftemål ein gong i året, og då kunne prestane kontrollere kristendomskunnskapane.
Den store Nordiske ufreden var slutt kring 1729. Statskassa var tom og kongen sine rådgjevarar fann å selje kyrkjene. I eine valdstida rekne kongen med at kyrkjene var hans eigedom. Sunnmørskyrkjene vart selde på ein auksjon i Borgund i 1723.
Frå skrivepunktet er det 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik voks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse. Eitt av mange høgdepunkt var då den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen i november 1986.
Dei tilhogne marmorsteinane har høyrt til dør- og vindauge-opningar. Set ein mange nok saman, lagar dei ein halvrunding.
Koret er penaste romet i ei kyrkje. Her ifrå lyder Guds ord, her vert truvedkjenninga sagt fram og bøner borne til Gud. I koret – ved altarringen – tek Jesu vener i mot nattverden, konfirmantar og brurfolk får si velsigning, og ved døypefonten vert borna kristna.
Om det har vore fleire meiningar. Ei tid såg det ut til at dei som meinte at kor og skip var jambreie, hadde rett. Andre meinte at ho hadde eit særskilt og smalare kor. Under utgravinga kom dei gram på nokre murblokkar og den særaustre hjørnesteinen til skipet som gjorde grunnforma klar.
Denne er samansett av ein stor romersk boge i midten og to mindre på kvar side. Frå der den store og dei to små bogane møtest, skulle gå søyler ned til golvet.
Vinteren 1939 var det krigsfrykt i Europa. I oktober hadde Hitler okkupert tjekkoslovakisk Sudetenland, og i mars 1939 okkuperte han Praha. Austerrike vart okkupert i 1938.
Ragnar Ulstein var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Våren var still og vakker då bilen svinga opp gardsvegen og inn i tunet der mora og faren stod. Trykte handa deira utan å få fram eit ord, steig i ørske opp steintrappa og inn i stova. Alt var kjent, alt var godt.
Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.
I november 1938 blir det kjent at sokneprest Otto Holmås igjen har søkt seg bort og truleg vil få kallet i Radøy. Samtidig køyrer dei ein møteserie med god oppslutning. Etter den tredje møtekvelden skriv ei mor ei takk gjennom lokalavisa til presten. Kanskje håpte ho han ville ombestemme seg å bli: – Eg har slik hug til å takke presten vår for alt han gjer for oss! Så pliktoppfyllande som han er, så prøver han å gi oss det beste han veit. Frå hans store, rike sjel strøymer hans forklaring av Bibelen mot oss, og Guds nåde. Holmås er den fødde førar, og han leier i sanning ungdommen «på dine vegar».
Eg skal her prøve å skrive ned noko av det eg kan hugse frå då krigen braut ut i 1940, og då tyskarane gjekk til angrep på Norge den 9 april 1940. Eg var då vel 11 år. Far, som hadde høyrt nyheitene på radio, kom og fortalte at no var det krig i Norge, vi ungane vart redde og grunda mykje på kor det skulle gå med oss.
Det er i år 80 år sidan Noreg vart invadert av Tyskland 9. april 1940, og det er 75 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Levd Liv, som er årsskriftet til Ulstein Historielag, har opp gjennom åra hatt mange artiklar med lokalt tilsnitt der siste verdskrigen har vore tema. I Levd Liv 2016 kom dagboknotata til Olav Osnes frå aprildagane i 1940 på trykk. I år vil me presentere opplevingane Olav Osnes hadde etter å ha blitt arrestert av Gestapo i desember 1941 og frakta til Vollan kretsfengsel i Trondheim.
Ola Molvær i samtale med John Osnes.
Ola Martinus Molvær, eller Ola Molvær som han blir kalla i daglegtalen, vart fødd i gamleposten (Jøsokhuset) i Ulsteinvik i 1923. Mora, Lilly, var fra Ålesund, og faren, Elias, var frå Støylane i Ulsteinvik. Ola Molvær er ein stillfarande og venesel mann utan store fakter og store ord.
Han overlevde en blindtarm som sprakk, og ble sendt hjem fra båten han var om bord i. Den ble torpedert, og 54 mann mistet livet.
Landsskulelova av 1860 kravde at der det var minst 30 skulepliktige born, skulle det haldast skule i eit eige skulehus som var leigd eller bygd for føremålet. No skulle omgangsskulen avviklast. Sjølv om soknepresten allereie i 1830 tenkte seg fast skule til dømes på Flø, skulle det framleis gå mange tiår før krava i den nye skulelova var oppfylde i Ulstein.
Det vart eit heller dårleg sildefiske i 1958. Dei hadde merka svikten året før òg, men trudde det var forbigåande. Torsdag 27. februar 1958 melde Vikebladet: – Noko storfiske har det ikkje vore denne veka heller. Rett nok vart det teke nokre gode snurpefangstar på feltet Runde-Storholmen måndag, men flåten er stor, og ikkje alle fekk fangst.
Sparebanken Møre opplyste i januar 2015 at 2014 hadde vore bankens beste år nokon gong. Årsresultatet etter skatt vart på 623 millionar kroner, ein auke på 38,4 prosent frå året før: – Klart vi er stolte, vedgjekk dei lokale banksjefane, Nina Holm Sundgot (Ulsteinvik) og Melinda Skeide (Hareid) i samtale med lokalavisa.