Kultur

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar.

Kultur

541 treff

Lat oss ta med nokre hendingar i kultur- og idrettslivet i perioden utover frå 2015. IL Hødd hadde til dømes nokre sterke utøvarar i turngruppa. Nettopp i 2015 tok klubben den første NM-medaljen sin i turn. Edel Charlotte Eiken Fosse tok sølv i junior-NM og vart teken ut på juniorlandslaget. Fosse hadde då nettopp vunne ein større regional konkurranse og hadde vist talent og treningsvilje i fleire år. I 2016 tok Edel Charlotte to gull i junior-NM. Litt seinare kvalifiserte ho seg til EM i Sveits.

I januar 1990 satsa Musikklaget Ulf på eit stort musikalsk prosjekt på Ulstein samfunnshus: Nyttårskonsert i samarbeid med Ørsta Hornmusikk og dei fire vokalistane Lisbeth Brekke, Egil Dimmen, Ingrid Slettevoll og Magne Slettevoll. Det var første gongen Ulf hadde gått inn i eit slikt omfattande samarbeid med eit anna korps. Konserten i Ulsteinvik skulle følgjast opp med ein tilsvarande konsert i Ørsta, fortalde dirigent Terje Eiken til Vikebladet Vestposten.

Kirsti Pedersen Haugen, innflyttar frå Sandefjord, gav mykje til musikklivet i Ulstein frå kring 1980 til 2003. Dette året fekk ho kulturprisen i kommunen for 2002: – Gjennom KFUK/KFUM har eg funne plassen min her i Ulstein. Eg har følt at eg har kunna bidra og funne nytte av dei mange musikalske ressursane i kyrkjelyden, fortalde ho i intervju med lokalavisa. Kirsti hadde mellom anna teke initiativ til den populære julenattinéen i kyrkja rett før jul, og engasjert seg mykje i ungdomsarbeid. Men i slutten av mai 2003 flytte familien Pedersen Haugen til Sørlandet igjen. Dei fekk mange lovord for det dei hadde bidrege med i lokalsamfunnet.

Våren 1998 hadde diskusjonen om kulturhus i Ulsteinvik kome så langt at kommunen hadde tinga eit arkitektutkast, eit kulturhus spesialdesigna for Sanden og Saunesosen, forma som ein bedding og med utescene med utsikt til kranene på Ulstein Verft. Bygget som var teikna av arkitektfirmaet Ola Steen i Trondheim, hadde fått eit maritimt preg og skulle no presenterast for innbyggjarane på eit folkemøte i mai. Reaksjonane var blanda, men som vi veit, vart det ikkje noko av kulturhusplanane før Trekantsaka løyste flokane, og vi fekk hotellet og Sjøborg.

Området mellom Osnes og Flø er rikt på fornminne. I hovudsak dreiar dette seg om gravminne, som kan daterast heilt tilbake til bronsealderen. Kulturlandskapet kan definerast som eit unikt kystlandskap, som vitnar om busetting i lange tider. Sommaren 2010 vart det sett i gang eit skjøtselsprosjekt på nokre av gravhaugane i samanheng med skilting av kulturminna. Målet med skjøtsel er å rydde kulturminna for mest mogeleg vegetasjon, søppel og andre ting som skjemmer kulturminna. Attgroing har blitt eit større problem etter at færre dyr beitar på markane. Samtidig kan beiting på kulturminna også gjere skade dersom kulturminnet er ustabilt eller i fare for å rase ut. Det er derfor viktig at ein arkeolog kan vurdere kor vidt kulturminne tåler ytre påverknader som for eksempel beiting.

Kulturminnearbeid på Dimnøya

 

Fyrste gongen det vart satsa på eit kulturminneår var i 1997. Den gong skapte den nasjonale satsinga stor oppslutning over heile landet, og kvar kommune valde sitt kulturminne. I Ulstein valde ein Skjervøybuda, som sidan vart riven. Som tusenårsminne valde ein merkeleg nok det yngste området av alle – den tidlegare makkefjøra utanfor kyrkja, som no er rådhusplassen. Kanskje illustrerer desse hendingane nettopp grunnar til at ein må arbeide med å opne folk sin vilje til å reflektere over kva nærleik til historiekunnskapar gjer med oss.

Forfattar: Ragnar Ørstavik

Det var ikkje så lett å vite når ein ikkje hadde kart, og dei opplysningane ein sat inne med, kunne tolkast feil. I kallsboka, har presten Wraamann skrive denne setninga om kvar trekyrkja vart sett i 1848: «Kirkeeierne besluttet da at sætte Kirken paa den gamle Tomt.-«. Tuftene etter trekyrkja er synlege nok og med utsegna til Wraamann, tenkte ingen på noko anna enn at der måtte og steinkyrkja ha stått.

TV serien ”Kampen om tungtvatnet” gjorde at den nære fortida kom oss rimeleg nær. Vemork-stasjonen vart øydelagt natt til 28. februar 1943. Tre veker etterpå var her lokal dramatikk; ”Dragsundraidet”, som det vart kalla av tyskarane, skjedde 23. mars 1943:

Ulstein kvileheim blei riven våren 2007. I samband med det, er det naturleg med eit tilbakeblikk på historia til denne viktige institusjonen i Ulstein kommune. Denne artikkelen baserer seg på ein artikkel av Lidun Hareide og eit tilbakblikk skrive av Asbjørg Hasund Grønmyr. Begge desse artiklane er frå 1991 og stod i Vikebladet/Vestposten.

Den 15. januar 1941 sende biskopane eit skarpt brev til Kyrkjedepartementet. Her uttrykte dei tvil om det nye regimet ville halde seg til folkeretten. Nazistyresmaktene hadde mellom anna nyleg oppheva teieplikta til prestane. Brevet gjekk samstundes til alle kyrkjelydar i landet. Formannen i Ulstein sokneråd, Johannes O. Ulstein, la det fram i eit rådsmøte 19. februar 1941. Han las då opp endå eit brev frå bispekollegiet. Det hadde blitt trykt i 50.000 eksemplar og var stila til kyrkjelydane. Norsk politi fekk ordre om å kverrsetje brevpakkane, men fekk tak i berre 20.000 eksemplar. Brevet vart såleis kjent over heile landet, lese opp i mange kyrkjer, mellom dei kyrkjene i Ulstein og Hareid.

Forfattar: Ragnar Ørstavik

For moro skuld og for at du kan finne ut kva gardane heiter i dag, skal me ta med namna frå Aslak Bolt si jordebok der han skriv: «I syndra lutanum sunnmøre fylkis vlfsteins kk (kirkiu) sokn Af skeidhe, af vlsteine ytra, af vlesteine, af dymne, af ytra fliodom». Greidde du det?

På 1970-talet er framleis nær 100 prosent av innbyggjarane i Ulstein medlemer av Den norske kyrkja. I oktober 1978 er det bispevisitas med biskop Tor With. I visitasmeldinga heiter det mellom anna: – Når vi ser bort frå spesielle dagar som samlar absolutt fullt hus, så er det vanleg med frå 200 til 300 menneske til gudsteneste. Dersom vi samanliknar med dei som bur i kvart sokn som vedkjenner seg trua, så manglar det mange, og kyrkjesøknaden ikkje stor. Det viser i alle høve for ei utfordring som ligg i å drive misjon på heimebane.

I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Den første tanken som melde seg, var å ta opp att den gamle kyrkjegarden på Ulstein som ei mellombels løysing. I staden såg dei seg om etter ein annan stad som låg nærare. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet.

Soknerådet hadde i lang tid arbeidd med å skifte ut orgelet som etter kvart hadde vorte lite tenleg. Dei sette ned ei nemnd som etter kvart ville kjøpe eit brukt orgel som hadde vore nytta av den tyske kyrkjelyden i Oslo. På denne tida var det fleire års leveringstid på nytt orgel, og nemnda vende seg til to kjende organistar i Oslo, som begge hadde nytta orgelet. Dei meinte det var eit høveleg orgel til ei kyrkje med om lag 400 sitjeplassar. Prisen var 36.000 kroner, og det meinte dei var rimeleg for eit så stort instrument. Organist i Ulstein, Hallbjørg Hop, reiste så til Oslo saman med orgelbyggjar H. Ivers og organist Sigvart Fotland for å gjere seg kjend med instrumentet saman med sakkunnige (Waage 1978).

På 1960-talet skjedde noko som truleg meir enn andre faktorar endra tanke- og trusliv, kultur, smak og mentalitet i ei bygd som Ulstein: I 1960 var det klart for ordinære fjernsynssendingar i Noreg. Då fekk folk heile verda rett inn i stova via skjerm. Naturleg for oss i dag, men merkeleg for folk flest då det kom. Fjernsynet tok snart føringa som vårt viktigaste og sterkaste massemedium, sjølv om det var dei som var skeptiske den første tida.

Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg. Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.

Misjonsforeininga Samhald feira i mars 1992 100-årsjubileum. I salen i Ljosheim på Ulstein var over 100 personar med på jubileumsfesten. Samhald var samansett av fire misjonsorganisasjonar, og den nest eldste av dei var Norsk luthersk misjonssamband. Foreininga var opphavleg stifta av Petra Olaviussen i 1892, som eit tillegg til den misjonsforeininga som alt var stifta på Ulstein, knytt til Misjonsselskapet. Olaviussen var primus motor i foreininga i 42 år. I referatet fortel Vikebladet Vestposten at foreininga i løpet av åra hadde hatt ein misjonær ute i feltet, Hilma Sundgot. Ho vart omtalt som ein pioner av folk frå Misjonssambandet. Bjørg Ulstein hadde i jubileumsåret arbeidd i 20 år som leiar for Misjonssambandet på Ulstein.

I slutten av september i 1846 tok sokneprest Hans Nicolai Wraamann initiativet til å stifte ei misjonsforeining. Dette var enno medan Ulstein kyrkje stod på den gamle kyrkjegarden på Ulstein. Wraamann fekk kyrkjelyden med seg, og i 1996 kunne Ulstein Misjonsforeining feire 150-årsjubileum. Foreininga markerte jubileet over seks arrangement i tre dagar og avslutta med fest på Sunnmøre Folkehøgskule. Leiar i i jubileumsåret, Steinar Torvik, var godt nøgd med oppslutninga om arrangementa.

I oktober 1998 markerte Eiksund søndagsskule 100-årsjubileum med stor fest på forsamlingshuset i bygda. Søndagsskulen hadde halde det gåande heile tida utan avbrot. Det var gardbrukaren Rasmus Eiksund, mellom bygdefolket Bø-Rasmus, som tok initiativet i 1898. Han var også den første formannen for Eiksund søndagsskule, ein posisjon han hadde heilt fram til 1944. Johan Havåg tok over leiarvervet etter å ha vore søndagsskulelærar sidan 1930. Seinare hadde mellom andre Arthur Eiksund og Elsa Havåg lange leiarperiodar. I intervju med lokalavisa i høve jubileet poengterte Elsa Havåg at foreldra i bygda heile vegen hadde vore flinke til å stille opp.