Det var kvinnene som heldt oppe misjonsarbeidet i Noreg også på 1980-talet. Ei av desse kvinneforeiningane i Ulstein var Lille gren som starta 22. februar 1916, og som med det kunne markere 70 år i februar 1986. No vart døtrer og svigerdøtrer til noverande og tidlegare medlemer bodne inn til jubileumsfest. I samband med jubileet intervjua Vikebladet ein av veteranane, Severine Standal. Ho fann plassen sin mellom kvinnene som spøta og arbeidde i Lille gren, for 64 år sidan. Det var gamle fru Hop som fekk henne med på foreiningsmøte. Severine var no 89 år og den eldste i foreininga. Ho hugsa godt den gongen ho som 25-åring kom til sitt første møte saman med Andrea Hop. Begge var gifte med lærarar ved Sunnmøre Ungdomsskule: – Dei tok godt imot meg, og eg kjende at eg høyrde til i dette kvinnefellesskapet, fortalde ho.

Ulstein sanitetsforeining med Jorun Waage i spissen fekk mykje takk for initiativet med å starte Ulstein Pensjonistlag under pensjonistlagets 10-årsfest i april 1986. Laget hadde blitt ein samlingsstad for mange av dei som ikkje lenger hadde eit arbeid å gå til. Peder Garnes var det første leiaren, og i jubileumsåret var Leif Vattøy leiar.

Den første kulturprisen gitt av Ulstein kommune, gjekk til Inger G. Ulstein i september 1987. Sidan ho kom til bygda frå Sverige i 1962, hadde ho medverka i eit breitt spekter i kulturliv, organisasjonsliv og sosialt arbeid; særleg som pianist og musikkskulelærar og i saniteten – ikkje minst i arbeid mellom eldre. Kulturprisen på 10.000 kroner vart utdelt på 150-års jubileumsfesten for Ulstein kommune, og festlyden heidra Inger G. Ulstein med ståande applaus.

Ulstein sanitetsforeining markerte 75-årjubileum i oktober 1987 med ein festmiddag på Sunnmøre Folkehøgskule med om lag 100 medlemer og innbodne gjester, mellom anna frå Ulstein kommune, den viktigaste samarbeidspartnaren for saniteten. Det vanka mange godord i talane. Peder Fritz Waage hadde skrive eit attersyn på historia til foreininga heilt frå starten i 1912. Leiar i jubileumsåret var Kirsti Vattøy Ulstein. Foreininga hadde no ein æresmedlem, Borghild Lynge, som hadde leia hovudforeininga i 15 år. Men det var ikkje berre lyse skyer i horisonten:

– Er sanitetskvinner ein utdøyande rase i lag med andre frivillige kulturarbeidarar? Det var Vikebladet som stilte dette spørsmålet i februar 1989 då avisa slo fast at gjennomsnittsalderen i sanitetsforeiningane berre auka. Ulsteinvik sanitetsforeining dreiv sanitetsbarnehagen i Bjørndals Minne, men dersom det ikkje no kom yngre krefter med i arbeidet, var det usikkert kor lenge bygda ville ha dette tilbodet, fortalde leiar Jorun Waage og nestleiar Gunvor Sundgot i samtale med avisa. Dei etterlyste engasjement frå dei som ville kjenne saknet av denne barnehagen på kroppen.

Sanitetsbarnehagen i Ulsteinvik var 10 år i 1989. Før foreininga oppretta han, dreiv dei den såkalla seksårsklubben. Barnehagen, som var eit førskuletilbod, heldt til i Bjørndals Minne. Siste året gjekk barnehagen med om lag 58.000 kroner i underskot. Barnehagen hadde 28 born fordelte på to grupper. Seksåringane gjekk der to gonger i veka, i alt åtte timar. Tiltaket fekk litt statsmidlar, men kommunen ytte berre små kulturmidlar. Sanitetsforeiningane i krinsane var med på å dekke underskotet; det var om lag like mange born utanfor sentrum som i sentrum, som nytta barnehagen: – Vi liker dette arbeidet, det er ikkje det. Men vi blir eldre; vi maktar ikkje alt lenger. Dessutan har vi andre oppgåver – som til dømes arbeidet for eldresenteret som vi håper å kunne ta opp att, fortalde Jorun Waage som hadde teke på seg eit nytt år som leiar. Ulsteinvik sanitetsforeining hadde på dette tidspunktet 40-50 medlemer, og gjennomsnittsalderen var over 55 år. – Kunne vi berre få fleire yngre med, ville vi nok få nytt mot vi også, konkluderte Waage.