I 1987 var det 25 år sidan Torbjørn Hofseth tok over varelager og lokale etter Sverre Kristensen og starta det som kom til å heite Hofseth Jarnvare. Butikken førte kjøkkeninnreiingar også – og litt sportsutstyr. Etter kvart vart det meir og meir av det siste. I 1977 flytta forretninga inn i eige forretningsbygg. Hofseth var den første på det utfylte området i Ulsteinvik som vart kalla Sanden. Då hadde dei framleis jernvareavdelinga, men hausten 1987 avvikla dei denne delen av drifta. Sportsklede hadde vorte ein så stor del av varespekteret at det trong meir plass, forklarte Ingeborg Hofseth til lokalavisa.
Samtidig flytta JK Brandal Elektriske forretninga si frå Geileneset inn i leigde lokale i forretningsbygget hos Hofseth Sport på Sanden i Ulsteinvik. Jan-Kåre Brandal hadde halde til med forretninga si i seks år på Geileneset, men parkeringstilhøva for kundane var ikkje ideelle. No hadde dette retta seg mykje. Han hadde fått seg ei større og meir oversiktleg forretning. Brandal dreiv også med installasjon og hadde son sin Johnny med som lærling. I tillegg til elektrisitetsartiklar og liknande selde Brandal souvenirar om sommaren.
Det byrja litt etter litt å losne med tomtesal i Saunesmarka. Så snart tomta var byggeklar i januar/februar 1989, starta oppføringa av eit 750 kvadratmeter stort industribygg i området. Eigarselskapet var Ulstein Mekaniske Verksted AS som gjorde alvor av planane om å byggje i industriområdet. Dimmen Elektro AS, som nyleg endra namn til Ulstein Elektro AS, skulle disponere bygget. Her skulle landavdelinga til elektrofirmaet halde til; skipsavdelinga var framleis å finne i det såkalla Koreabygget på verftet. Anlegget i Saunesmarka ville innehalde kontor, lager, verkstad og administrasjon. Dei gamle lokala i Dimmen-huset i sentrum var sprengde, så no såg dei fram til å flytte inn i nybygget til sommaren 1989. Dagleg leiar for Ulstein Elektro var Kjell Rud, og firmaet hadde 67 tilsette, derav 40 montørar i skipsavdelinga. Nybygget låg like nord for Boindustri, og det var Vest Total som hadde hovudentreprisen. I starten av september 1989 stod bygget ferdig; nærare 850 kvadratmeter, og skinande i kvitt og blått lyste det opp i landskapet, som Vikebladet skreiv i reportasjen.
Dei store verfta i Ulstein drog stadig ny aktivitet til kommunen. I januar 1989 vart det kjent at arkitektfirmaet G. Kibsgaard-Petersen i Ålesund opna kontor i Fannemel-bygget i Ulsteinvik: – Vi har sjølvsagt merka oss at dette er eit distrikt i vekst. I motsetning til Ålesunds-distriktet finst det her ein del industrilokomotiv, og her er planar om ting som skal skje, forklarte arkitekt Kibsgaard-Petersen i samtale med lokalavisa. Han hadde då hatt mange oppdrag på Hareidlandet dei siste 20 åra, mellom desse det store administrasjonsbygget ved Ulstein Hatlø og det ved Ulstein Propeller.
Trass i den økonomiske krisa landet var inne i, opplevde fleire av bedriftene i Ulstein eit godt år i 1988. Odim AS auka omsetnaden sin frå 28 til 50 millionar kroner, og driftsresultatet gav bedrifta grunnlag for utviding av bygningar og nybygg, mellom anna ny sveisehall og nytt administrasjonsbygg og hadde no 40 tilsette.
Samvirkelaga i Ulstein, Hareid og Herøy skulle frå 1989 marknadsførast under eitt namn. Dei tre avdelingane vart S-marknad for Vestre Sunnmøre og med det matspesialistar med ein felles styrar; Per Arne Gjerdsbakk som hadde vore styrar for samvirkelaget i Bergsøy i 19 år, ville no også styre avdelinga i Ulstein – etter at Nils-Sivert Rasmussen hadde trekt seg tilbake.
Kring 50 deltakarar frå eigarbedriftene i det nystarta Nordvest Forum AS var i slutten av februar 1989 samla på Ulstein Hotell for å diskutere rammene for verksemda. Forumet skulle bli eit kompetansesenter for organisasjonsutvikling og bedriftsleiing. Nordvest Forum gjennomførte samlingar i mange år framover.
Både Kleven og Ulstein hadde eit godt år i 1988, og dette gav ringverknader for andre mindre bedrifter som til dømes Ulstein Hotell som opplevde ein omsetningsauke på kring åtte prosent i 1988. Medvitet om røyking auka i ute-bransjen, og Ulstein Hotell ville tilby røykfrie soner frå 1. juli 1989. I eit oppslag i Vikebladet gjorde hotelldirektør Steinar Sivertsen Kulen det klart at dei ønskte å ta omsyn til ikkje-røykjarar. I løpet av juni dette året skulle 20 hotellrom vaskast grundig og reinsast for å få bort tobakkslukt i veggene. Hotellet ville også be gjestene sine om ikkje å røykje i resepsjonen og i ein del av restauranten, der ein tredel av borda var reserverte for ikkje-røykjarar. Hotellet auka talet på overnattingar med 25 prosent i juli 1989 i høve til same månad året før: – Så langt har sommaren vore særs god, fortalde assisterande direktør Steinar Hauge. Han trudde mykje av årsaka låg i marknadsføringa som hotellet hadde gjennomført. Båtturane til Ulstein Turistservice hadde også vore populære, både turane til Runde og havfisketurane. Charming Ruth hadde denne sesongen også gått ein del turar frå Ålesund, i tillegg til vikingskipet Sunnmøringen som har gått turar frå Ulsteinvik og Ørsta.
Hausten 1989 utvida Ulstein Hotell kjøkkenavdelinga og banketten for 5,3 millionar kroner. Utbygginga omfatta også Apollon Dancing i underetasjen. Der skulle det bli danse- og underhaldningsavdeling med plass til 250 gjester. Sidan hotellet stod ferdig i 1982, hadde dei gjort fleire forandringar innandørs. No hadde det også blitt nødvendig å utvide arealet.
I slutten av november 1989 proklamerte hotellet i Varleite det nye namnet sitt, Inter Nor Ulstein Hotell. Inter Nor-kjeda hadde profilert seg med nytt firmamerke, og medlemshotella følgde på. Ulstein Hotell fekk medlemsskap i Inter Nor-kjeda i starten av 1988. Dette var med på å skaffe hotellet i Varleite ein god sommarsesong.