Næring

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie i Køyla på Dimna der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Utover 40- og 50-talet vaks Kleven seg til ei større bedrift.

Næring

70 treff

Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.

John O. Ulstein skreiv ned historia til Ulstein Vassverk i 1991. Denne har ikkje tidlegare vore publisert. Denne artikkelen er eit samandrag av den utfyllande historia som Ulstein har skrive ned.

Smågarnfiskje

Det har vore drive småfiskje på norskekysten heilt sidan Ola Nordmann tok til å gå i skinnklede og brukte stokkebåten til å fiske frå. Eg skal prøve å fortelje litt det eg veit om smågarnfiskje (torskefiskje) her i Ulsteinfjorden og på “Søyla”. “Søyla” er området frå Boholmen og vestover, der det i dag vert gjort slepeprøver.

I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

Denne artikkelen baserer seg på eit historisk særarbeid som Erling Ove Flø gjorde i 1977.

For ein del år sidan skreiv Ole Lars Ulstein denne artikkelen med temaet: Ulstein Mek Verksted AS i tida frå 1930 til 1959 sett med barns og ein ungdoms auge:

“Kolbein Ole Ulstein som no har ansvaret for museumet til bedrifta, har bede meg beskrive korleis diverse maskindeler vart maskinert i den første tida som eg kan minnast, det vil seie frå ca. 1938. Ein må ha i tankane kva ein hadde å hjelpe seg med. Verkstadbygget var nytt og moderne, oppsett i 1936/37. På den tida var verkstaden utstyrt med 5 dreiebenkar av forskjellige storleikar.

Ulstein herad er den sørvestre holva av øya Hareidland på Sunnmøre, dessutan Dimna og nokre mindre øyar som ligg nær inntil Hareidland. Heradet er 88,83 km2 og folketalet er 2945 etter teljinga i 1950.

Midstaden i heradet er Ulsteinvik med 1500 innbuarar. Der er d/s stoppestad, telefonsentral, postopneri, apotek, dokter, tannlækjar og fleire spesialforretningar som urmakar, røyrleggar og elles større og mindre forretningar og verkstader av ymse slag.

Denne artikkelen stod på trykk i “Isflaket” desember 2005. “Isflaket” er meldingsbladet til Ishavsmuseets venner i Brandal.

Etter siste krig kom det fleire nye ishavsskuter til Sunnmøre. Linstøls Skips & Båtbyggeri A/S i Risør leverte skuter på rekkje og rad desse første åra etter 1945. Først kom «Isflora», b.nr. 233, i 1948. Så kom «Sjannøy», b.nr. 236, i 1949. Og så kom «Polarsel», «Sjannøy» var 105 fot lang og 24 fot brei.

Denne artikkelen baserer seg på eit historisk særarbeid som Erling Ove Flø gjorde i 1977.

Oddmund Moldskred skreiv i 2005 ei utfyllande og god historiebok om Moldskred knuseverk, det som seinare skulle bli Ulstein Betongindustri AS. Denne artikkelen er eit lite sammendrag av deler av denne boka – omsett til nynorsk.

-Einar Grimstad

To unge menn dei gjekk og kika,
att og fram her i Ulsteinvika.
Det var tomt til verkstad dei leita etter
og det var brørne Thomas og Peter.

Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Underteikna har blitt oppmoda om å skrive litt om oppdrettsanlegget “Straumen” som far vår, Bjarne Gjerde, dreiv i Straumen frå 1958 til 1968.

Når det gjeld fakta rundt dette, viser eg til ein søknad om reetablering av nedlagde anlegg som er innstempla til Ulstein kommune, formannskapet 14. august 1985 (sjå sist i denne artikkelen), og til ein artikkel i Vikebladet/Vestposten 14. august 1990. Mitt bidrag blir personleg. Eg prøver å hugse tilbake, og tar med laust og fast av minne frå denne tida som både var spennande og lærerik på så mange måtar.

Kvernhus

Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færin­gane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.

Vi veit sikkert at her var minst 4 bondejekter i Ulstein skipreie. Desse blei i hovudsak brukte til bergensfart med fisk. På mange måtar kan vi kalle desse dåtida sine hurtigruter.

Far, som er fødd i 1884, fortalde at han var med ottring og dreiv torskefiske frå Flø, der onkelen var skipper. Far var då 15 og 16 år. Han tykte det var litt spennande, men litt våtsamt. Kjekkast var det når dei hadde god vind til å sigle inn og ut frå fiskefeltet. Dei dreiv fiske ut på ein fiskeplass som heitte Hammaren, ca. 14 nautiske mil nord for Grasøya. Ottringane var fantastiske siglarar. Far fortalde at dei sigla frå Hammaren til Grasøya på ein time, i ein spesielt god vind. Det vert ei fart på 10-12 mil. Under sigling fekk far ligge trygt og godt under eit segl framme i skuten (baugen). Dei gamle nausta på Ulstein var bygde for ottring, ca. 12 meter lange. Dei tok alltid båtane fram i nausta om våren, i april-mai. Då sette dei ut trerøringen, som var sommarbåten dei nytta til seifiske på seiegrunnen.

Møre korkfabrikk AS, eller i daglegtale berre Korken, vart skipa i 1937. Fabrikasjonen var ekspanderte korkplater og ekspandert granulert kork til isolering av alle slags husbygg, kjøleanlegg og fryseri.

Det norske postverket vart oppretta i 1647, i dag heiter det Posten Norge AS. Dei første 150 åra var postnettet nokså stormaska med få ruter og poststader. Ein oversikt frå 1800 viser 22 postkontor i Sør-Norge. Av desse var det eit kontor på Store Nørve (Ålesund) og eit i Molde i vårt område, dessutan Hellesylt og Ørskog. I 1814 var det 97 postopneri i landet. Når vi veit at 7 av dei (Hellesylt, Ørskog, Borgensund, Store Nørve/Ålesund, Ulstein, Kjeldsund og Volda) låg i vårt distrikt, så må ein kunne seie at Sunnmøre hadde ein forholdsmessig stor del av postopneria i landet.

I år er det 100 år sidan d/s Onward Ho-forliset, der fire ulsteiningar og ein mann frå Hareid omkom. Før vi går nærare inn på tragedien i 1916, må vi sjå på eit fenomen som er med på å forklare kvifor så mange frå våre kantar var med ein kanadisk fiskebåt den gongen: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836–1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire emigrantar etter folketalet.