Næring

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie i Køyla på Dimna der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Utover 40- og 50-talet vaks Kleven seg til ei større bedrift.

Næring

70 treff

I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som  i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.

Ringstaddalen ligg i retning sydvest- nordaust og åpner seg ned mot Haddal, og endar fram mot Løkeberget som stenger i nord. Ved foten av Løkeberget ligg garden Løset, og avstanden frå Haddal til Løset er vel 4 km. I fremre av enden av dalen ligg eit kryssande dalføre som går framover mot Fjelle, og der vegen går vidare over Brekkene og ned mot Hareidseidet. Nedanfor Løset ligg Løsetvatnet der utlaupet er kjelde til elva som renn gjennom dalen.

Foreldre: Johannes Hatlø og Petra Bakke Hatlø. Han var bonde, fiskar, snikkar og tømmermann. Det er sagt at Johannes var ein meister med å rigge opp seglskuter, og broren Peter bygde dampbåt med propell og diverse utstyr. Johannes hadde gått i lære i bygnings- og snikkarfaget hjå Olavius Ringstad og var i dette yrket  ei tid. Han reiste ein del på kysten på  ulike anleggsoppdrag. Heime hadde han ei dyktig og samvitsfull kone som tok seg av drifta der.

Så langt som folk veit om har det vore eit fiskemiljø ved Yksnøya. Der finst storseiden. I gamle dagar måtte ein ha seidagn, ongel, seidestreng og blystein. Frå seidestrengen og opp hadde ein hampesnøre som vart hala med hand. Agnet var sild. I seinere tid har hampesnøret vorte utbytt med  sen, og det har vorte lettvintare å få tak i makrell til agn, og den er kanskje vel så fiskjen som silda.

Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst. For å spare olje hadde dei sett segl, og stoppa motoren. Det var ein nord- austleg bris og solskin. Midt mellom Grasøyane og Fallja (Vallabåane) blei  dei pårent av lastebåten «Wilfred» frå Trondheim. Fem mann omkom – to blei berga. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på Oskar Garnes som var 16 år den gongen. Oskar blei seinare ein kjend og respektert fiske-og ishavsskipper, som gjekk i bresjen for å koste skuta «Sjannøy» i 1949.

I eit lydbandopptak gjort av Konrad Myrene fortel han om si oppleving, og den er gjengitt tilnærma ordrett, men oppstykkja med mellomtitlar.

15.åring som “Leigdemann”

Eg  vart konfirmert hausten 1915. Då eg ikkje fekk vera med ”Ulf” som sei- dragar i sildefiska i 1916, tenkte eg: ”Eg orkar ikkje å tre haud og bunte ryggar å ”Ulfbuda” fleire vinterar.” Derfor tok eg meg plass som ”leigde- mann” med Hans Dimmen og Iver Skeide. Løna for sild- og torskefiska var kr.150.00 pluss fri kost og hus.

Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.

Norvald Skeide vart fødd på Skeide  i 1915 og døde i 1986, og var den eldste av 5 brør. Faren, Nils Johanson Skeide, døydde då Norvald var berre 14 år. Dette vart ei hard og vanskeleg tid for familien i byrjinga av 30-åra, og Norvald måtte ta ansvar for mor og søsken, slik det gjerne var den gangen.

A/S Snorre vart skipa i 1902, føremålet var å drive havfiske med dampskip. Dette var noko nytt, denne tida var det vanleg med segl, og fisket foregjekk utanfor kysten her.

Det var nokre framsynte karar som starta selskapet med ein aksjekapital på kr. 24 000,- fordelt på 10 aksjar:

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

Torbjørn var frå Strandebøen i Ulstein kommune. Han var fødd 18.08.1909. Son av Ludvik og Nikoline Strandebø. Torbjørn hadde fem sysken, Magnulf (f. 1905 ), Arnvid (f. 1907), Helga (f.1912), Bergljot (f. 1917), Hallstein (f. 1921).

Like etter krigen var det fleire yngre menn i Hasund skulekrets som var trearbeidarar eller snikkarar. Nokre av dei arbeidde på «Ulstein Bruk», var bygningsmenn, eller dreiv med produksjon av møblar i eigen kjellar. Desse fann saman og opplevde eit felles ønske om å etablere ei bedrift i krinsen som kunne gi dei fast arbeid i deira nærområde. Dei fekk også med seg personar med administrativ erfaring i denne vurderingsperioden.

Anders Hatløy vart fødd i Ratvika i Borgund kommune på Sunnmøre i 1931. Faren Gottfred Hatløy var fødd i 1894 på Hatløya i Ulstein kommune. Mora Oluffa Dale var fødd i 1899 på Dale i Dalsfjorden som den tida var del av Volda kommune.

«Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusen-tal fiskarar strekkjer sin veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut
den fiskande gut.» (Elias Marøy)

Det var ein av desse kalde, fine vårdagane vi stundom opplever her ute ved kysten på Vestlandet. Vi sit utafor løa på gardsbruket Haugane i Ulstein, Harald P og eg. Vi sit stille. Nokre ord fell no og då, mest om det daglegdagse, slikt som veret og våronna. Då seier Harald P liksom ut av inkje: «Dagfinn», seier han, «du må hugse på ein ting, at skal du gjere noko ut av det livet du lever, så må du kome deg opp før klokka seks om morgonen.» Pause. «For viss du ikkje gjer det, kan du like godt liggje, for då er dagen gått.»

For mange år sidan fekk eg eit notat av dåverande rådmann i Ulstein, Asbjørn Waage. Notatet omhandlar ei merkeleg hending på sjøen som skjedde først på 1800-talet. Grunnen til at eg fekk notatet, var truleg at tipp tipp oldefaren min, John Larsson Osnes, var ein av dei som er omtala i hendinga det her skal forteljast om.

I 1944 starta Marius Kleven (1900-1979) å arbeide på fulltid i smia som han hadde bygd seg nede i fjøresteinane i Køyla. Namnet Køyla vart brukt på den vesle bukta nedanfor Kleiva på Dimnøya. Etter kvart som verksemda ved M. Kleven Mek. Verksted AS vaks til, fekk ein behov for ulikt utstyr, forbruksmateriell og arbeidsklede.

Denne artikkelen handlar hovudsakleg om den gamle treskuta Sjannøy som er frå heimstaden min, Garnesgrend, og om turar som denne skuta har gjort.