Næring

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie i Køyla på Dimna der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Utover 40- og 50-talet vaks Kleven seg til ei større bedrift.

Næring

70 treff

Fiskarane på Nordvestlandet var tidleg ute med å starte fiske og fangst på fjerne farvatn. Fisket ved Vest-Grønland blei starta opp tidleg på 1920-talet. Det var organisert som ekspedisjonar med eit større moderskip. Sjølve fisket blei først drive frå små doryar av tre, med fem mann om bord, doryane hadde motorar på 10–16 HK. Ein av dei som var med på det, var Hans Gjendem frå Vigra. Han fortalde at dei dreiv kveitefiske langs kysten av Vest-Grønland like opp til Diskobukta. (Diskobukta er eit havområde som ligg innanfor øya Disko, på vestkysten av Grønland.) Dei lossa så fangsten til moderskipet.

For nokre tiår sidan åt folk på våre kantar stort sett berre kortreist mat. Her på Flø dyrka dei mellom anna fleire slag korn. Dei skar, treska og mol. Det var livleg ved bakstebordet når konene frå nabogardane møttest til brødbaking, og bestefar sat ved omnen, fyrte med god bjørkeved og steikte. Det var ikkje kven som helst som kunne ta det arbeidet. Dei baka både flatbrød og lefse.

Frå gamalt var jordbruk og fiske grunnlaget for busettinga i bygdene våre. Bøndene dreiv ofte sommarfiske på sild og anna mellom onnene, men på midten av 1800-talet og utover vart vintertorskefisket utanfor land det viktigaste fiskeriet. Torskefisket gjekk føre seg i vintermånadene desember, januar, februar og mars. Mot slutten av 1800-talet fekk ein også innsig av storsild, og vi veit at fleire prøvde seg med drivgarn etter silda. Åttringen (og i nokon grad seksroringen) var den vanlegaste båten til dette fisket. Fiskarbøndene hadde frå tidleg på 1800-talet danna åttringslag og fekk bygd seg båtar inne i fjordane der det var godt om tømmer til byggevirke.

Butikken på Straumane vart etablert i 1930. Peter Hasund trong arbeid, og fekk Ulstein Forbruksforeining med på laget til å starte ein butikk på Straumane. Den opna i ei lita kårstove på ni kvadrat med lager. Butikken låg på skulehaugen/varden på denne tida, ca. 300 m frå dagens plassering.

Johannes Lillebø, f.11.01.1899 – flytta frå Volda til Ulsteinvik i 1932. Han ætta frå Abelgarden i Dalsbygda i Dalsfjorden, son til Abel og Marta Lillebø. Marta døydde tidleg, og Abel flytta til Volda og bygde hus i Lensmannsbakken.

Sjølv om det no er snart 50 år sidan Hans og Alma Dimmestøl la ned drifta av butikken på Dimna, er det mange på våre kantar som hugsar den vesle butikken i Hellestøa. Dimmestøl & Co AS var ein familiedriven landhandel, der vi borna måtte hjelpe til frå vi var små, slik andre ungar hjelpte til med slåtten og anna gardsarbeid.

Kleven Verft har gjennom to generasjonar vore ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein Kommune. Bedrifta har dels stått fritt og dels vore i konsern med andre bedrifter, og eigarskap har skifta. Denne artikkelen skal seie litt om mannen som starta Kleven Mek. Verksted tilbake i 1944 – Marius Kleven. Kven var han og kva stod han for i yrke og fritid? Har verdiane hans sett sitt preg på bedrifta slik vi kjenner henne i dag? Her skal vi minnast litt denne – bokstavleg talt – store mannen som i sitt vesen var prega av at han hadde ein smed sin kropp, samfunnsengasjementet til ein politikar og kulturinteressa til ein aktiv korsongar.

Av heftet ”Pelsdyrtellingen i Norge pr. 1. september 1934” går det fram at det var kanadiaren Charles Dalton som vart banebrytaren for pelsdyr-oppdrett. Rett nok hadde Hudson Bay-kompaniet alt i 1872 freista å oppdrette sølvrev i fangenskap, men lukkast ikkje. Dalton gjekk i kompaniskap med Robert T. Oulton, og for desse to lukkast det etter kvart å kome fram til eit heldig resultat.

Forfattar: Levd liv 2022

Om ein av dei gamle, som ein gong ferdast langs kysten no, kom nordleia frå Flåvær, ville mykje vere heller framandt for honom. Burte var Herøykyrkja og den gamle handelsstaden attmed henne. Det var ikkje merke til liv i borgar- og handelsmannstunet på Hatløya, og kvar var det vorte av kjøpmannen på Vattøya? Og kyrkja på Ulstein, som var seglmerke langt vest i leia? Var folket vorte heidningar? Og hadde det gjort det av med handelsmennene? Det gjekk ein gong det ordet at dei var fælt til snytarar. Eit kvart måtte det vere som hadde gjort eit stort omskifte».

Då han som nyutdanna sivilingeniør begynte ved Ulstein Mekaniske Verksted i 1962, hadde bedrifta rundt 50 tilsette, og alle arbeidsplassane var knytte til verkstaden i Ulsteinvik. Då han 35 år seinare gjekk av som sjef for Ulstein-konsernet, var talet på tilsette 4500, dei var spreidde over heile verda, og omsetnaden hadde passert 5 milliardar kroner.