Sjølv om det no er snart 50 år sidan Hans og Alma Dimmestøl la ned drifta av butikken på Dimna, er det mange på våre kantar som hugsar den vesle butikken i Hellestøa. Dimmestøl & Co AS var ein familiedriven landhandel, der vi borna måtte hjelpe til frå vi var små, slik andre ungar hjelpte til med slåtten og anna gardsarbeid.
| Eigar: | Hans Dimmestø |
| Drivarar: | Hans Dimmestøl, og etterkvart kona Alma, i lag med dei fire borna Bertha (gift Kleven, d. 2021), Irene (gift Spjutøy), Frøydis (gift Kjøde) og Gunnhild (gift Aspevik). |
| Tidsperiode: | 1934 – 1975 (77) |
Bertha, den eldste av oss, var berre 10 år då far sa at “no e du sopass gammale at du kan berre fare nej i butikken og ekspedere”. Det var ei anna tid, og det er heilt utenkeleg at ein 10-åring skulle ekspedert i ein butikk i dag. Det vart etter kvart slik at Bertha sat og gjorde lekser medan ho passa på butikken. Bertha var den av oss borna som fekk mest ansvar for drifta, og ho jobba der til ho gifta seg i 1961.
Hans Dimmestøl tok over butikkdrifta etter Einar Dimmen i 1934. Far hadde då gått på Sunnmøre Folkehøgskule på Reiten, og deretter Handelsskule i 1 år, så han hadde papira i orden til å drive butikk.
Einar Dimmen sin butikk heldt til i Holane på Dimna, men Hans bygde seg nytt hus i Hellestøa som stod klart i 1939, og både familien og butikken flytta dit.
Hans var gift med Astrid (f. Kleven), og dei flytta med dei to borna, Bertha og Irene. Dessverre vart Astrid sjuk og døydde i 1944. Då kom Alma inn som tenestejente, og seinare gifta Hans og Alma seg og fekk døtrene Frøydis og Gunnhild.