Næring

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie i Køyla på Dimna der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Utover 40- og 50-talet vaks Kleven seg til ei større bedrift.

Næring

70 treff

Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.

For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:

– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.

Mine foreldre Marius og Kornelia vaks opp i ei tid der det viktigaste var å ha pengar til mat og klede. Ein sykkel var også god å ha for å kome seg på arbeid og for å utføre andre ærend, og færingen var ein viktig del av kvardagen til både fiskeri og ærend til ”Vik”.

Dei som har budd i Ulstein i nokre tiår kan ikkje ha unngått å ha lagt merke til Åshild Sivertsen i Ulsteinvik, ei lettbeint dame anten på sykkel, eller trippande på sin særeigne måte fram og tilbake mellom bustaden sin på Sauneset og sentrum i Ulsteinvik. Før ho sjølv vart pensjonist, brukte ho oftast sykkel med korg for å frakte varene sine frå lageret i sitt eige hus på Saunes til butikken i sentrum av Ulsteinvik.

Sesongane 1951, 1952 og 1953 var eg lettbåtroar og altmulegmann på halv lott i Haddal Notlag. Notbas var Ingolf Myrene. Vi heldt oss i lettbåten, ein liten robåt, i time etter time gjennom kveldstimar og nattetimar. Eg ved årane, og Ingolf ståande med loddstrengen, og med eit skarpt blikk bortover sjøen, speidande etter sildesprett (-vak).

Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.

Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.

Forfattar: Levd liv 2017

I 2017 er det 100 år sidan starten for Ulstein Mekaniske Verksted (UMV), det som i dag er ein del av Ulstein Group. I dei første åra var det reparasjonar og konstruksjon av fiskebåtar i tre. Seinare kom stålbåtar, og desse var av fleire typar, mellom anna passasjerfartøy, roro-skip, ferjer og offshoreskip.

Eg vart konfirmert fredsåret 1945, og den gongen var det ikkje vanskeleg å få seg arbeid. Det vanlege for jentene då var huspost, eller som tenestetaus som det heitte den tida.

Prislista for fire av skomakarane i Ulsteinvik er teke vare på av Kari Holseker. Ho har fått den ramma inne og hengt den opp i huset sitt. Dette er eit klenodium frå 1937 som er vel verdt å take vare på. Ein av skomakarane, Gunvald Sundgot, var onkel til Kari.

Denne artikkelen handlar hovudsakleg om den gamle treskuta Sjannøy som er frå heimstaden min, Garnesgrend, og om turar som denne skuta har gjort.

I 1944 starta Marius Kleven (1900-1979) å arbeide på fulltid i smia som han hadde bygd seg nede i fjøresteinane i Køyla. Namnet Køyla vart brukt på den vesle bukta nedanfor Kleiva på Dimnøya. Etter kvart som verksemda ved M. Kleven Mek. Verksted AS vaks til, fekk ein behov for ulikt utstyr, forbruksmateriell og arbeidsklede.

For mange år sidan fekk eg eit notat av dåverande rådmann i Ulstein, Asbjørn Waage. Notatet omhandlar ei merkeleg hending på sjøen som skjedde først på 1800-talet. Grunnen til at eg fekk notatet, var truleg at tipp tipp oldefaren min, John Larsson Osnes, var ein av dei som er omtala i hendinga det her skal forteljast om.

Det var ein av desse kalde, fine vårdagane vi stundom opplever her ute ved kysten på Vestlandet. Vi sit utafor løa på gardsbruket Haugane i Ulstein, Harald P og eg. Vi sit stille. Nokre ord fell no og då, mest om det daglegdagse, slikt som veret og våronna. Då seier Harald P liksom ut av inkje: «Dagfinn», seier han, «du må hugse på ein ting, at skal du gjere noko ut av det livet du lever, så må du kome deg opp før klokka seks om morgonen.» Pause. «For viss du ikkje gjer det, kan du like godt liggje, for då er dagen gått.»

«Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusen-tal fiskarar strekkjer sin veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut
den fiskande gut.» (Elias Marøy)

Anders Hatløy vart fødd i Ratvika i Borgund kommune på Sunnmøre i 1931. Faren Gottfred Hatløy var fødd i 1894 på Hatløya i Ulstein kommune. Mora Oluffa Dale var fødd i 1899 på Dale i Dalsfjorden som den tida var del av Volda kommune.

Like etter krigen var det fleire yngre menn i Hasund skulekrets som var trearbeidarar eller snikkarar. Nokre av dei arbeidde på «Ulstein Bruk», var bygningsmenn, eller dreiv med produksjon av møblar i eigen kjellar. Desse fann saman og opplevde eit felles ønske om å etablere ei bedrift i krinsen som kunne gi dei fast arbeid i deira nærområde. Dei fekk også med seg personar med administrativ erfaring i denne vurderingsperioden.

Torbjørn var frå Strandebøen i Ulstein kommune. Han var fødd 18.08.1909. Son av Ludvik og Nikoline Strandebø. Torbjørn hadde fem sysken, Magnulf (f. 1905 ), Arnvid (f. 1907), Helga (f.1912), Bergljot (f. 1917), Hallstein (f. 1921).

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.