I februar 2007 opna Adventura IUF dei nye klubblokala sine i Ulstein bedehus. Sidan september 2006 hadde medlemene i den kristne ungdomsklubben lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid for å pusse opp huset: – Det kjennest godt å vere på plass, fortalde Asgeir Leirvik, vaksenleiar i klubben saman med Sigve Ulstein og Irina Leirvik. Indremisjonens Ungdomsforbund (IUF) i Ulstein hadde eksistert i mange år. I 2000 vart foreininga med i Adventura, ungdomssatsinga til fråhaldsorganisasjonen Blå Kors. Til no hadde Adventura halde til i kjellaren på Ulsteinvik bedehus, eit lokale dei hadde vore nøydde til å dele med mange andre.
Nokre hendingar frå det vi kan kalle kyrkje og kristenliv set ditt preg på denne perioden. Frå og med 2014 skulle til dømes konfirmasjonen i Ulstein kyrkje flyttast frå mai til september. Det var eit fulltallig sokneråd bak vedtaket. Målet var å heve kvaliteten på konfirmantundervisninga.
I 2014 og 2015 melde 80 personar seg ut av Den norske kyrkja i Ulstein og Hareid. Det var rekordmange, og lokalavisa konkluderte med at striden om kyrkjeleg vigsling av par av same kjønn var hovudgrunnen. Men det vart ikkje gjennomført noka gransking mellom dei utmelde om grunnen.
Det høyrer med til historia at den nye kyrkja som vart reist på Ulstein i 1848, vart flytta til Ulsteinvik. I juni 1878 tok dei til med rivinga av kyrkja. Grunnmuren vart sett opp i 1877 av murmeister Bernt Myrene, og mesteparten av steinen henta dei på Ulstein og frakta på vinterføre med hest og slede. Dei henta også ein del stein med båt frå Botnura. Det som vart til overs, brukte dei til kyrkjemur.
Kona til Møller tok imot kongeskjøtet som vart skrive 12. august 1724. me veit ikkje anna enn at ho og ervingane etter henne stelte seg slik med kyrkja og jordegodset at få hadde grunn til å klage.
Parken ikring ei kyrkje med tre og planter, med mange minner steinar over graver, kallar vi kyrkjegard. Staden høyrer kyrkje til og er innvigd saman med kyrkjehuset.
Til å sjå etter at kyrkjehuset var i stand, hadde kvvar kyrkje ein ombodsmann. Han vart kalla kyrkjeverje. Han hadde også meir å gjere attåt dette, for han skulle krevje inn tiende av gardsbrukarar og fiskarar, krevje inn landskyld og byksel av jordegodset kyrkja leigde ut. Sameleis kravde han inn leige for kyr og geiter som kyrkja åtte.
Vi skal følgje nokre hendingar i utviklinga i Ulstein kommune litt inn i det neste tiåret, sjølv om det er utanfor ramma for denne boka. Lat oss først sjå på Kleven: Det var framleis mykje uvisse omkring Kleven då verftet leverte den siste Maersk-båten i februar 2019; ein serie på seks ankerhandteringsfartøy var med det ferdig. Dei blå skroga hadde vore eit landemerke i tre år medan bygginga heldt på. Lokalavisa konkluderte med at dette markerte slutten på offshore-æraen for Kleven, i alle fall for denne gongen. No kunne avisa fortelje at det hadde vore møte mellom Kleven-leiinga og leiinga i Vard-konsernet. Det var då ingen løyndom at Hurtigruten ikkje såg for seg å drive skipsverft særleg lenge framover. Hurtigruten hadde teke over 100 prosent av aksjane i Kleven sommaren 2018. Då vart Myklebust Verft skilt ut som eige selskap. Men det kom ikkje noko ut av samtalane med Vard. Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Nakken varsla i juni 2019 både oppseiingar og permitteringar ved verftet, sjølv om han var optimistisk for framtida til Kleven. Men vi som kan vurdere situasjonen frå skrivepunktet i 2021, veit at korona-åtaket vinteren 2020 og utover ikkje akkurat fremja marknaden for cruise- og passasjerbåtar.
Aksel, Levd liv himself, har eit sterkt ønskje om å få inn noko om lastebilgründerane i Ulstein, dei som starta opp med dette nye yrket, og dei som heldt fram til våre dagar. God ide, Aksel, men dette kan ikkje eg nok om. Jau, du har no mykje om dette i boka ”Bilen og Folket i Hareid og Ulstein”. Men eg kan ikkje tyte oppatt det som står i boka. Ja men her er ikkje andre som eg veit til å gjere denne jobben. Lastebilfolket hadde eit tøft yrke, og eg vil ha slitarane fram i lyset også i Levd Liv. Nei, ja , eg får prøve å sjå kva eg kan kome på, og sjå om eg får til noko som er verdt å lese. Det er ikkje greit å seie nei til kulturfyrtårnet Aksel Hauge.
I august 1961 døydde lensmann Bernhard Harkjerr etter 30 års teneste i Hareid og Ulstein. Han hadde ikkje berre engasjert seg i jobben, men mellom anna også i idrettsarbeid og losje. Det oppstår no ein disputt mellom Ulstein og Hareid om kvar den nye lensmannen skal bu.
I år er det 20. utgåva av Levd liv. Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeidde tungt ei tid. I 2003 valde laget Aksel Hauge til leiar.
Johannes Lillebø, f.11.01.1899 – flytta frå Volda til Ulsteinvik i 1932. Han ætta frå Abelgarden i Dalsbygda i Dalsfjorden, son til Abel og Marta Lillebø. Marta døydde tidleg, og Abel flytta til Volda og bygde hus i Lensmannsbakken.
Gurine Marie Karlsdatter Ulla vart fødd i Larsgarden på Ulla i 1876. Ho hadde 6 syskjen, så Ingeborg og Karl H. Ulla fekk ei stor etterslekt. Karl var statslos og dreiv gard, og var ein velståande mann etter den tids målestokk. Eg veit lite om Gurine frå barneåra, men far brukte å herme etter presten som konfirmerte henne. Han snakka halvemål og skarra på r-en, så r-ane i Gurine Marie fekk ein ekstra snert, og etternamnet vart Hulla.
Far min Toralf Hatløy (f. 22.11.1898 d. 25.07.1937) var son til Tomas E Pedersen Hammervoll og Karen Petersdatter Hatløy. Tomas var kystlos i Nordenfjeldske dampskipsselskap i heile si karriere. Han var ei tid, fram til 1906, deleigar i bruk 1 på Borgarøya, seinare budde han truleg i Kristiansand. Laurits Andreason Dragsund vart etter kvart stefaren til far. Laurits og far dreiv med krabbefiske og garnfiske i lag.
Men ikkje alt var heilsvart. Der kom også nye tilskot til samfunnslivet. Vikebladet kom med si første utgåve 21. januar 1929. Avisa blir etter kvart viktig også for hareidsfolk, men ho får aldri den posisjonen der som i Ulstein, i alle fall ikkje før mot slutten av 1980-talet. For forfattaren av denne boka blir Vikebladet ei viktig kjelde. Ein del av det følgjande i dette avsnittet er bygt på artiklar i Vikebladet, nokre av dei skrivne av Johan Ottesen.
Den 1. september 1970 var ein merkedag i Hareid. Då kom det første prøvenummeret av den nye lokalavisa ut, Vestposten med skulemannen, forfattaren og journalisten Ivar Grimstad som redaktør, ein ekte grimsting. Grimstad skulle no kombinere avisarbeidet med jobben som rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta.
Alt i august 2001 lufta Trond Berg ideen han hadde fått, med enkeltpersonar han kjende og hadde tiltru til, mellom dei Kjersti Kleven: Ville det vere mogleg for SUFH å kjøpe hotellet i Varleite? Oppmuntra som han vart, gjekk han vidare med tankane sine til hotelleigarane og ein mann som Steinar Sivertsen Kulen. Også John Moldskred i konsulentselskapet Lorgen vart spurt om råd.
«Den 30. Oktober 1847 rammedes den af en Lydstraale der splittede Taarnet og sprengte de massive Mure saaledes fra hinanden, at det ved Skjøn blev erkleret umuligt at reparere den.» Dette er den stutte meldinga Wraamann har ført inn i kallsboka.
I 1941 bestemte tyskarane at folk skulle levere inn radioapparata sine. Okkupantane ville hindre at innbyggjarane fekk propagandasendingane frå London rett inn i stova. Det var berre folk som var medlemer av NS som fekk ha radio. Dersom politiet fann ein radio heime hos nokon, medførte det streng straff. Det var relativt mange som gøymde unna radio i Ulstein, og folk stakk vekk apparata på dei mest utkropne stader. Sjølv om tyskarane ofte leitte etter ulovlege radioar, fann dei berre ein i Ulstein under heile krigen.
I dette oversynet over skulehaldarar og lærarar i Ulstein, har eg også teke med klokkarane og prestane. Både før og etter innføringa av allmugeskulen sto prestar og klokkarar sentralt i opplysingsarbeidet. Allereie etter reformasjon vart prestar og klokkarar pålagde å drive katekismeopplæring på søndagar etter kyrkjetid («Kirkeordinansen» av 1539). Sjølv om konfirmasjon og allmugeskule ikkje vart innført før 200 år seinare, var dette den første spiren til ein ordna skule her i landet. I 150 år var skulen i røynda meir eller mindre ein rein kristendomsskule.