Ulstein kvileheim blei riven våren 2007. I samband med det, er det naturleg med eit tilbakeblikk på historia til denne viktige institusjonen i Ulstein kommune. Denne artikkelen baserer seg på ein artikkel av Lidun Hareide og eit tilbakblikk skrive av Asbjørg Hasund Grønmyr. Begge desse artiklane er frå 1991 og stod i Vikebladet/Vestposten.

Idéen bak arbeidet med reising av gamleheimen var at ein ser kva som trengst og så gjer ein det. Slutten på 1800-talet var ei såkalla “lyftningstid”, ikkje minst her i Ulstein. Optimismen var sterk og nyvinningar greip om seg. På meir enn eitt område var Ulsteinvik fyrst ute av bygdene. Her fekk vi den fyrste skulen, det fyrste misjonsselskapet, det fyrste bedehuset, og ikkje minst: den fyrste gamleheimen.

I 1846 fekk Noreg ei ny fattiglov som stadfesta at kommunane hadde plikt til å hjelpe dei fattige. Dei gamle skulle framleis gå på leigd, men leigdeordninga var betre organisert enn tidlegare. Trass i betringa steig det fram ein tanke hjå einskilde om at det offentlege hjelpeapparatet ikkje var godt nok. Det var gjerne slike som alt då dreiv eit arbeid av miskunn ut frå bodet “Eg var sjuk og du såg til meg, eg var svolten og du ga meg føde”.

Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein- Bli medlem i dag

Dette er ein open artikkel. Om du ynskjer å lese dei andre artiklane om grunnskulen i Ulstein og alle andre artiklar på nettsida, må du bli PlussMedlem. I tillegg får du årets utgåve av Levd liv. Og som ny medlem får du ein kalendar med bilde frå alle krinsane. Bli medlem i Ulstein historielag!