Kultur

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar.

Kultur

590 treff

Vi er midt i hundreåret, og Ulstein har så langt hatt ei rik og sterk økonomisk utvikling. Men også på det sosiale og kulturelle området har kommunen tradisjonar å byggje vidare på. Her er sju skulekrinsar, Flø, Ulstein, Ulsteinvik, Haddal, Hasund, Hatløy og Vattøy. Skulehusa er stort sett bra, og dei fleste krinsane har gode og romslege leikeplassar. I 1931 bygde dei ny skule i Ulsteinvik og på Ulstein. Skulen i Ulsteinvik vart innvigd i august 1932. I Hasund var det no på slutten av 1940-talet ein ny skule under oppføring. Vidare er det planar om oppføring av gymnastikksal i Ulsteinvik og modernisering av Haddal skule. Kommunen innførte obligatorisk opplæring i nynorsk i 1907.

Rundt 1950 er det kring 30 år sidan Ulstein fekk elektrisk kraft. Industri av ulikt slag har vakse opp og gitt levebrød til mange huslydar. Kommunen har no to større mekaniske verkstader som særleg driv med reparasjon av skrog og maskiner på fiskebåtar og byggjer slike. Dessutan har Ulstein tre større møbel- og trelastverkstader og fleire mindre bedrifter og verkstader av ymse slag. Godt rutesamband og rutebåtar til omliggande kommunar og med Ålesund og andre delar av landet, har gjort sitt til at industrien har teke seg godt opp.

K. Moldskred Rutebiler heldt til i Ulsteinvik og dreiv buss- og varetransport i området Ulstein, Hareid og Brandal, gjerne i korrespondanse med ferjer og passasjerbåtar. På bildet ovanfor ser vi Moldskred får overlevert ein Mercedes OH 321, 1956-modell. Bussen, ein 37-setar, hadde ein 120 HK dieselmoter. Det var første bussen med hekkmotor. Til venstre på bildet står seljaren, Adolf Pedersen frå Ålesund.

Korleis pregar tragediar og død tankar og åndsliv mellom folk? I den perioden vi no er inne i, gjer medisinen ytterlegare framsteg; sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse, influensaepidemiar og poliomyelitt blir gradvis slegne tilbake som dødstruslar. Fødslar med tidleg barnedød blir òg sjeldnare. Arbeidslivet på sjø og land blir tryggare enn det hadde vore i tiåra før krigen.

Soknerådet hadde i lang tid arbeidd med å skifte ut orgelet som etter kvart hadde vorte lite tenleg. Dei sette ned ei nemnd som etter kvart ville kjøpe eit brukt orgel som hadde vore nytta av den tyske kyrkjelyden i Oslo. På denne tida var det fleire års leveringstid på nytt orgel, og nemnda vende seg til to kjende organistar i Oslo, som begge hadde nytta orgelet. Dei meinte det var eit høveleg orgel til ei kyrkje med om lag 400 sitjeplassar. Prisen var 36.000 kroner, og det meinte dei var rimeleg for eit så stort instrument. Organist i Ulstein, Hallbjørg Hop, reiste så til Oslo saman med orgelbyggjar H. Ivers og organist Sigvart Fotland for å gjere seg kjend med instrumentet saman med sakkunnige (Waage 1978).

Det steig no til overflata eit stadig sterkare ønske om at Ulstein måtte skaffe seg eit samfunnshus med mellom anna høve til kino. Heilt sidan Hareid starta kino på Trudvang rett før krigen, hadde filminteresserte ulsteiningar drege over Eidet. No meinte fleire at tida var inne for å starte arbeidet med eit eige lokale. Ein av dei som engasjerte seg i debatten, var den unge Idar Lars Ulstein.

Song- og musikklivet i Ulstein har rike tradisjonar. Det eldste mannskoret var 65 år i 1949 og eldste hornmusikklaget 56 år. Kommunen har no to musikkorps, tre mannskor og fleire blandakor. IL Hødd hadde 30-årsjubileum i 1949, og idrettsplassen Høddvoll var om lag like gammal. Elles har kommunen rundt 1950 mange andre lag som kvar for seg hadde oppgåver å fylle. Kommunen hadde tre ungdomshus og to bedehus, og fine lokale for møte og festar. Dessutan hadde ungdomsskulen og fleire av folkeskulane gode samlingsrom.

Når det gjeld industrien i Ulstein, er hovudbiletet at der er vekst gjennom heile tiåret. Dagleg leiar Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik var mannen som i løpet av ein femtenårsperiode stod i spissen for opprustinga av den færøyske fiskeflåten. Det byrja med ei einsleg svale, Vesturhavid Blida, ein 110 fots fiskebåt til ein færøysk reiar i 1956. Båten vart døypt og overlevert 5. oktober 1956. Sidan rann dei som erter or sekken, fortel Åge Hatlø i ein artikkel i Levd liv 2012. I alt kom det 21 fiskefartøy frå Hatlø Mek. Verksted til øyane i vest.

Døme på utviklinga i Ulsteinvik: Talet på bilar auka, og i 1955 var Kjartan Klungsøyr i gang med å føre opp ein ny bensinstasjon innanfor Bøesvingen i Ulsteinvik. Anlegget var det største i sitt slag på Sunnmøre med eit stasjonsbygg på 285 kvadratmeter grunnflate og eit stort stasjonsareal. Bygget fekk fasade mot vegen til Saunes; eit moderne anlegg med smørje- og vaskehall og eit stort forretningslokale for sal av bilrekvisita og liknande. Stasjonen hadde pumper for både bensin og diesel.

Arbeidet med Ulstein Vassverk tok så smått til i 1955. Lutlaget skreiv kontrakt med Sverre Øvrelid som skulle utføre gravearbeidet og legge ned vassrøra frå uttaket ved Garnesvatnet og til utjamningsbassenget i Vikebakkane 80 meter over havet. Bassenget romma 300 kubikkmeter.

I 1955 fekk ordførar Knut Ertesvåg i Ulstein melding frå departementet om at dei hadde godkjent finansieringsplanen for første byggjesteg av Ulstein kvileheim. Fylkesmannen hadde no gått med på at grunnarbeidet kunne starte. Arkitekt for det nye bygget var Karsten Oddmund Vik. Nokså snart i 1956 ser vi i lokalavisa at folket i Ulstein er i gang med kronerulling til den nye kvileheimen.

Ei sak som hadde vore mykje diskutert utover på 1950-talet, var kvar ulsteiningane skulle gjere av bosset. Då kommunestyret endeleg tok skikkeleg tak i saka i 1958, var situasjonen prekær. Folk visste faktisk ikkje kvar dei skulle gjere av avfallet. Tidlegare hadde dei nytta fjøra. Men det var verken sanitært eller vakkert. Derfor kom det då også forbod mot slik bossdumping.

Vikebladet melde i slutten av august 1959 om stor byggjeaktivitet i Ulstein. Vi kan nemne sildoljefabrikken, samfunnshuset, kvileheimen og dei to bedehusa på Ulstein, som vi kjem tilbake til. Hatlø hadde også reist eit stort nybygg i betong. Det fire-etasjes huset til Fannemel i raud mineralittpuss ruva i sentrum, like ved Haldeplassen. Bygget skulle gi rom til fleire offentlege kontor, butikk, tannlege og familie- og hybelhusvære. I august 1959 var trygdekassa og arbeidsformidlinga alt flytta inn, og butikklokala i første etasje var tekne i bruk.

Overgangen frå sjø til land vart etter kvart både motto og arbeidsprogram for kyststrøka. Det betydde opprusting av vegnettet, fleire og betre bussruter – og ikkje minst fleire og betre ferjeruter. I 1949 kom sjøbussen Hjørungavåg som ein revolusjon til Sunnmøre og våre grender. Men i løpet av 1950-talet gjekk utviklinga forbi passasjerbåtar av denne typen. Det nye som folk hadde helst velkome med salutt nokre år etter krigen, var ti år seinare forelda. No var det ferjene som tok over.

Utover i 1955 var det diskusjon i Vikebladet om vallistene i Ulstein. Skulle det vere partilister, felleslister eller krinslister. Alt tidleg på året var det avgjort at Venstre og Arbeidarpartiet ville stille med reine partilister.

Kring 1952 kan vi rekne med at atterreisinga i Noreg etter krigen er over, og landet får ein epoke med normalt politisk liv, saman med økonomisk og sosial utvikling utan krigspreg. Noreg er no eit halv-urbanisert samfunn. Folketalet har sidan hundreårsskiftet auka med ein million til 3,25 millionar. Femti år tidlegare budde om lag to tredelar av folket på bygda, altså i spreidd busetnad. I 1950 bur over halvparten i byar og tettstader.

Hans Gisle Holstad frå Hareid kom til Hødd hausten 1964 og vår såleis med på oppkøyringa til det som skulle bli den første sesongen i den såkalla gullalderen, 1965, og det direkte opprykket til toppdivisjonen då. Hans Gisle hadde spelt på Hareid. No hadde han lyst til å prøve seg på eit høgare nivå.

I 1963 fekk Hødd grasbane, ein flott arena og eit stort steg framover for laget. Den første kampen gjekk i slutten av juni og var 2. runde i NM-cupen mot 2. divisjonslaget AaFK. Heile 3000 tilskodarar møtte opp i det flotte juniveret. Hødd kasta seg over gjestene frå første speleminutt og gav seg ikkje før det stod 5-2. Søndag 30. juni vart bana formelt opna med ei miniturnering mellom Hødd, Langevåg, Ørsta og VRF. Hødd vann greitt, men dei som såg på, merka seg den tekniske langevågaren Magne Fylling, som seinare skulle spele for Hødd.

I august 1961 døydde lensmann Bernhard Harkjerr etter 30 års teneste i Hareid og Ulstein. Han hadde ikkje berre engasjert seg i jobben, men mellom anna også i idrettsarbeid og losje. Det oppstår no ein disputt mellom Ulstein og Hareid om kvar den nye lensmannen skal bu.

På 1960-talet skjedde noko som truleg meir enn andre faktorar endra tanke- og trusliv, kultur, smak og mentalitet i ei bygd som Ulstein: I 1960 var det klart for ordinære fjernsynssendingar i Noreg. Då fekk folk heile verda rett inn i stova via skjerm. Naturleg for oss i dag, men merkeleg for folk flest då det kom. Fjernsynet tok snart føringa som vårt viktigaste og sterkaste massemedium, sjølv om det var dei som var skeptiske den første tida.