Ei sak som hadde vore mykje diskutert utover på 1950-talet, var kvar ulsteiningane skulle gjere av bosset. Då kommunestyret endeleg tok skikkeleg tak i saka i 1958, var situasjonen prekær. Folk visste faktisk ikkje kvar dei skulle gjere av avfallet. Tidlegare hadde dei nytta fjøra. Men det var verken sanitært eller vakkert. Derfor kom det då også forbod mot slik bossdumping.
Den 9. juni 1958 gjorde helserådet framlegg om at det skulle startast kommunal bosstøming i Ulstein. Kommunestyret følgde opp. Kommunen skulle no skaffe spesialdunkar for boss og vidareselje dei til husstandane til innkjøpspris. Dunkane skulle tømast ein gong per veke i sommarhalvåret frå 1. mai til 30. september, og ein gong kvar 14. dag i vinterhalvåret. Kommunen sette bossavgifta til 15 kroner per huslyd.