Utover i 1955 var det diskusjon i Vikebladet om vallistene i Ulstein. Skulle det vere partilister, felleslister eller krinslister. Alt tidleg på året var det avgjort at Venstre og Arbeidarpartiet ville stille med reine partilister.
Etter valet vart Knut Ertesvåg (V) attvald som ordførar. Ole Hofseth vart vald til varaordførar. Formannskapet vart samansett slik: Knut Ertesvåg, Ole Hofseth, Hans Låbak, Johannes J. Skeide og Per Dimmen.
Ved kommunevalet i 1959 stilte også Høgre, Venstre, Sp, KrF og Sp eigne lister. I tillegg var det ei bygdeliste for Hasund, Dimna og Haddal. Etter valet vart Jan Remø (H) vald til ordførar med Hans O. Skeide (KrF) som varaordførar. Dei tre andre i formannskapet var Leif Hatlø (V), Sverre Ertesvåg (Bygdelista) og Lars Ringstad (Bygdelista).
Folketalet i Ulstein var i 1956 kome opp i 3179 innbyggarar, med knapt 1800 i Ulsteinvik. I sysselsetjinga er det no for alvor industrien som har teke føringa med 372 arbeidarar i rubrikken som hadde nemninga industri og handverk, 31 prosent av arbeidsstyrken. I alt 233 var fiskarar og småbrukarar, altså 21 prosent, 178 hadde arbeidet sitt i handel og transport (15 prosent), 134 var gardbrukarar (13 prosent), 116 var pensjonistar (9 prosent), 72 var funksjonærar i stat og kommune (6 prosent) 49 var gardsarbeidarar (4 prosent) og 16 høyrde under rubrikken «andre».
I 1956 var det 45 i Ulstein som hadde løyst handelsbrev for kjøpmannshandel. I tillegg var det fleire i såkalla frihandelsforretningar i Ulstein som selde over disk, slike som slaktarar, fiskematforretningar med fleire, slik at gruppa handel i 1956 inntok tredjeplassen av dei sysselsette i kommunen. Kommunebudsjettet reflekterte utviklinga. I 1944-45 var bruttobudsjettet 382.600 kroner, i 1950-51 1.256.500 kroner og i 1956-57: 2.479.000 kroner. Gjennomsnittleg årslønn for nordmenn var 4730 kroner i 1945, 7990 kroner i 1951 og 12.420 kroner i 1957.