Våren 1950 var arbeidet med den nye Dragsundbrua i full gang. Målet var å få brua ferdig ut på sommaren 1951. På Dragsund-sida hadde arbeidet med tilkomstvegen kome langt, og på Garnes-sida var dei våren 1950 i full gang med å arbeide opp ny veg nedover til bruspennet. I 1952 vart eit bergensfirma engasjert for å stå for reisinga av brua, som skulle byggjast i betong. I slutten av januar 1953 var brua støypt ferdig. Ho vart ikkje opna for trafikk før ut i februar. Det skulle mellom anna monterast rekkverk.
Brua var kostnadsrekna til 900.000 kroner, ho var 228 meter lang, og midtspennet var 20 meter over springflod, slik at dei største fiskebåtane og ishavsskutene kunne gå gjennom sundet. Køyrebana var 5,5 meter brei, og Dragsundbrua ville bli den største brua på Sunnmøre, med eit spenn som var ein meter høgare enn Steinvågbrua i Ålesund, og ein god del lengre. I slutten av februar 1953 var fylkesmannen på plass og klipte snora under den formelle opninga av brua.
Ikkje lenge etter tok arbeidet med Hasund bru til. Til lokalavisa kunne ordførar Knut Ertesvåg fortelje at dei skulle nytte stein frå dei gamle bru-kara i Dragsund til brua i Hasund. Der var også andre ting som kunne nyttast opp igjen, slikt som jernbjelkar og liknande. Det skulle setjast inn to arbeidslag, eitt på kvar side av straumen, og slik rekna dei med å ha brua ferdig i løpet av året.
*
Den 15. oktober 1950 høgtida Lovise Gjøsvold Ulstein 30-årsjubileum som postopnar i Ulstein, eller postopnerske som det heitte då. I 1920 vart ho tilsett i stillinga som mannen hennar hadde hatt til han døydde. Ho fortel til lokalavisa at det var mykje meir arbeid med posten i 1950 enn i 1920: – Postmengda var ikkje så stor den gongen, og ikkje var det post kvar dag. No tek vi imot og sender post kvar dag, og til vanleg kjem her 8-10 sekker dagleg.
Postkontoret i Ulsteinvik hadde blitt utvida og modernisert ein del i 1950. Nokre år tidlegare fekk kontoret 20 postboksar. No kom det 30 boksar til og det ville lette ekspederinga, for det var ikkje lite mas når eit par hundre personar kvar dag skulle ha all post servert gjennom luka.
Hausten 1952 vart det ei ny ordning med postombering i Ulstein. Ruta var lagd, og det var levert ut postboksar til dei som ønskte posten bringa. Men det drygde litt med å kome i gang, for enkelte ville ha posten heilt til huset. Men slik Posten hadde tenkt ordninga, så skulle ikkje postbodet gå fram til kvart hus, men til samlestader der postkassene var hengde opp.
Telefonnettet vart stadig bygt ut og forbetra i åra etter krigen. I august 1951 var Televerket ferdig med arbeidet med det nye telefonanlegget på Flø. Dette var eit såkalla automatanlegg, og skulle ifølgje Vikebladet vere det første i sitt slag på Søre Sunnmøre. Til august 1951 hadde 28 abonnentar fått lagt inn apparat på Flø, og dei var nøgde med anlegget. Talet på telefonabonnentar i Ulstein hadde auka mykje dei siste åra etter kvart som nye linjer kom på plass.
Hausten 1953 kom det ein ny båt i ruta mellom Ytre Herøy og Ulsteinvik. Minde II hadde trafikkert strekninga i fleire år. Samtidig hadde trafikken auka, og båten hadde blitt for liten. I tillegg var det no ønske om ein båt som kunne ta bilar. Eigarane av Minde II hadde difor vore på jakt etter ein større båt. Disponent Trygve Moltubakk hadde vore i Bergen og ordna med kjøp av båt. Vikebladet karakteriserte den nye båten som ein sjøbuss, Varholmen, var namnet, 60 fot lang og 18 fot brei, og han kunne ta 125 passasjerar og tre bilar på kvar tur. No var det planen at Minde II skulle setjast i rute på utøyane i Herøy og i korrespondanse med den nye sjøbussen. Ulstein kommune hadde sett av pengar til å byggje ferjekai i Ulsteinvik, og i Torvik på Herøy-sida hadde Paulus Torvik lova å byggje ferjekai. Før ferjekaiene vart ferdige, frakta ferja nokre få bilar som køyrde i land på sliskar. Ferjekaia i Ulstein stod ferdig ut på våren i 1954.
I august 1954 kunne Vikebladet melde at Varholmen dagleg førte fleire bilar mellom Ulsteinvik og Torvik. Ein dag kunne avisa rapportere om ni bilar på strekninga. Dessutan hadde Ytre Herøy ferje mellom Eggesbønes og Stokksund, og også her vart det meldt om mange bilar. I det heile hadde ferjetransporten av bilar vakse mykje i løpet av sommaren 1954.
Det høyrer med å fortelje at sjøfly stadig var å sjå langs sunnmørsbygdene. I Hareid hadde Dagbart Hareide, til vanleg kalla Dagen, hatt sitt eige fly sidan like etter krigen. I 1954 landa han nesten kvar dag i Ulstein nokre veker. Distriktslege Røyneland nytta flyet til utrykningar til Herøy medan han vikarierte for legen der, som hadde ferie. Det ville gå for lang tid om han skulle nytte båt på reisene dit.