Lat oss sjå litt på kva Ulstein hadde å by på med omsyn til verksemder i næringslivet ved inngangen til 1950-åra. Opplysningane er henta frå Møre og Romsdal Fylkesleksikon, som har henta inn fakta frå næringslivet i kommunen. Ikkje alle bedriftene hadde levert inn så mykje om seg sjølv, slik at dette blir ei oppramsing lesaren eventuelt kan hoppe over:

Den første vi stoppar ved i tida rundt 1950, er kolonialforretninga til Helene Aarseth i Ulsteinvik. Ho vart starta i 1935 og selde kolonialvarer, garn og trikotasje. Målarmeister Olger Aarseth starta eiga forretning i 1949 saman med Jarle Osnes. Verksemda omfatta målarforretning, alt i bygningsmåling, tapetsering, golvbelegg og møbelmåling.

Ulsteinvik har også slakteri. Johs. Brudevold Kjøttforretning hadde alt lange tradisjonar og såg sin spede start i 1915. Så har vi Barmen & Lunde Trevarefabrikk i Ulsteinvik, som vi ikkje får vite meir om. Og Bringsvor Møbelfabrikk, stifta i 1943 og klar til å flytte inn i eigne lokale i januar 1946. Fabrikken låg på Osnes om lag ein kilometer frå dampskipskaia og med bilveg fram til fabrikken. Bedrifta produserer møblar i antikke stilartar, salongmøblar og småmøblar og leverer til møbelforretningar over heile landet. Diverre brann fabrikken ned med eit stort lager, og ingen ting vart redda.

Central Pensjonat i Ulsteinvik vart kjøpt av Oscar Høvik i 1930 og disponerer 10 rom og 12 senger.

Flø & Flø Målarforretning hadde verkstad og kontor i Ulsteinvik sentrum. Målarmeistrane Arne og Kåre Flø tok over og heldt fram med målarforretninga etter faren, Ole P. Flø, i 1935. Han dreiv i firmanamnet Arne Flø, men i 1952 vart namnet endra til Flø & Flø. Forretninga utførte alt innan måling, tapet og golvbelegg, også skiltmåling og skipsmåling. Til vanleg arbeidde fem-seks personar i verksemda denne tida.

Flø Treskjæreforretning i Ulsteinvik vart starta og driven av Harald H. Flø og omfatta treskjereforretning.

K. N. Garnes Efterf. vart driven av Georg Håheim på Garnes. Forretninga vart starta i 1907 av Kornelius N. Garnes som dreiv ho til 1937, då Georg Håheim tok over. Forretninga førte mange typar varer, også sild og fisk, og hadde eige røykeri. Røykt fisk blir også tilboden utanlands. Garnesgrend handelsstad har rundt 1950 dampskipsekspedisjon med åtte anløp per veke. Dessutan dagleg post- og passasjersamband til Ålesund med Larsnes Auto over Hareid.

Otto Garnes, Støpegods og sykkelforretning, Ulsteinvik. Otto Garnes starta firmaet i 1946. Verksemda omfatta sykkel- og maskinforretning. Garnes omsette også støypegods.

Lars Garshol AS, kolonialforretning i Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1932. Disponenten kring 1950 er Elias Garshol. Butikken sel kolonialvarer og landmannsprodukt.

Alvhild Hasund dreiv systove på Ulstein. Hasund starta firmaet i 1944, og verksemda omfatta sying av kåper og drakter og med kundekrets også i nabokommunane.

Hasund Smie og Sveiseverksted AS vart som vi har vore inne på, starta i 1947. Kring 1950 er Hallvard Hasund disponent, og verksemda utfører sveisearbeid og har smieverkstad.

Hatlø Verksted AS vart grunnlagt i 1909 i Ulsteinvik av brørne Peter og Thomas Hatlø. I 1916 flytte verkstaden til Osnes og utvida. Frå 1930 vart selskapet reorganisert og ingeniør Leif Hatlø tilsett som disponent. Kring 1950 står verkstaden fram som moderne med tidsmessige maskiner og utvida opphalingsslippar og kan landsette båtar og fartøy på inntil 800 tonn. Verkstaden utfører alt førefallande skipsarbeid så vel i jern som i tre, reparerer motorar, dampmaskiner, kjelar, vasskraftmaskiner og fabrikkmaskiner av alle typar, og utfører autogen og elektrisk sveising. Verkstaden har også metallstøyperi.

Petrus Hatløy var målarmeister i Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1930 av Hatløy og omfatta kring 1950 målarforretning med tilbod om bygningsmåling, tapetsering, trekking, golvbelegg, møbelmåling og skipsmåling. Petrus Ulstein hadde drive i faget sidan 1920 og hadde rundt 1950 fem mann i arbeid.

Hofseth og Son i Ulsteinvik vart starta av Ole Hofseth. I 1947 vart sonen hans, Steinar Hofseth, kompanjong i firmaet. Verksemda omfatta tømmer- og innreiingsarbeid, i tillegg til teikningar og kalkulasjon av nybygg. Kring 1950 arbeidde fire mann i bedrifta.

Oscar Høvik Landhandel og Pensjonat, Ulsteinvik. Oscar Høvik starta forretning i 1928 i manufaktur, kolonial og steintøy – i leigde lokale i Central Pensjonat. Han kjøpte eigedommen i 1930 og hadde sidan då drive både forretning og pensjonat.

Arthur Kleven, skredderforretning i Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1930 av den noverande (1950) innehavaren Arthur Kleven. Verksemda omfatta så vel dame- som herreskredderi. Kundekretsen kom frå kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Kleven hadde drive i faget sidan 1928. Som så mange av kollegaene sine i dei ulike forretningane i Ulsteinvik var han medlem av Ulstein Håndverkerlag og Norges Håndverkerforbund.

M. Kleven Mek. Verksted kjem vi meir tilbake til, men fylkesleksikonet frå 1953 har sparsamt med opplysingar. Verksemda omfattar reparasjonar av stål- og trefartøy og autogen og elektronisk sveising.

S. Kristensen, Blikkenslager i Ulsteinvik. Verkstaden vart starta i 1920 og har sidan då drive med alt innan blekkslagarbransjen. Verkstaden tok i si tid ut mønstervern på drikkekar for rev, ein artikkel som slo godt an. Elles har det gjennom åra blitt utført ein god del skipsarbeid. Dei siste åra fram mot 1950 har bedrifta hatt mykje levering til nybygg, ikkje minst til atterreisinga i Finnmark.

Hanna Kristiansen dreiv frisørsalong i Ulsteinvik. Fylkesleksikonet har ikkje fleire opplysningar om den verksemda.

Så har vi Johs. Lillebø & co Møbelverksted i Ulsteinvik. Verkstaden vart starta i 1930 og heldt til i leigde lokale til 1937. Lillebø kjøpte både verkstad og maskiner, og arbeidde mest med spisestovemøblar og leverte desse rundt til heile landet. Elles hadde verkstaden også arbeidd ein del med polerte og måla soveromsmøblar. Eigarar av verksemda var Johannes Lillebø og Georg Sundgot.

K. Moldskred Rutebiler heldt til i Ulsteinvik og dreiv buss- og varetransport i området Ulstein, Hareid og Brandal, gjerne i korrespondanse med ferjer og passasjerbåtar.

I Ulsteinvik sentrum låg også Johs. Rasmussen bakeri i Kyrkjegata.

Møre Korkfabrikk AS i Ulstein vart starta i 1937. Kring 1950 heitte disponenten Gudmund Hasund. Verksemda omfatta produksjon av korkplater til isolasjon av alle slags hus, kjøleanlegg og liknande. Fabrikken leverte også ekspandert korkmasse.

Norrøna Kafé, Ulsteinvik, innehavar Agnes Johannesen (g. Knutsen). Kaféen låg i nærleiken av dampskipskaia og haldeplassen for rutebilane. Innehavaren hadde no 20 års praksis i hotell- og kafébransjen og tok imot faste gjester i full eller delvis pensjon.

Osnes Garn og Notbøteri, Ulsteinvik, vart starta i 1950 av Rolf Hatlø og faren Fransinius Hatlø, som også var innehavarar. Verksemda omfatta notbøteri og alt i notreparasjonar og barking av nøter. Dei dreiv også med impregnering av notlin og med ein kundekrets over heile landet. Bedrifta heldt til i eigne bygningar ved Boholmen Lykt på Osnes, med ein variabel arbeidsstyrke.

Jan Remø Ass. Landhandel, Ulsteinvik. Forretninga vart starta i 1934. I 1950 var Jan Remø framleis innehavar, og butikken omfatta vanleg landhandel med omsetning av mjøl, kolonial, manufaktur, kjøkkenutstyr med meir. Ein spesialitet var broderiartiklar.

Karsten Ringstad, byggjeverksemd, Ulsteinvik. Karsten Ringstad starta byggjeverksemda si i 1949. Ho omfatta tømmermannsarbeid som nybygg, reparasjonar og innreiing. Ringstad hadde fem-seks mann i arbeid. Han hadde tidlegare drive som møbelsnikkar.

Ringstad og Hasund Murmesterforretning, Ulsteinvik. Firmaet vart starta av Knut Ringstad og Erling Hasund i 1946 og omfatta murmeisterarbeid og alt innan faget. Selskapet hadde mellom anna utført arbeid for sildoljefabrikken til Martin Karlsen i Brandal. Selskapet sysselsette opp til 12 mann.

Halvdan Saunes, ass. Landhandel, Ulsteinvik. Selskapet vart starta i desember 1919 av innehavar Halvdan Saunes. Butikken førte kolonialvarer, mjøl, manufaktur og skotøy. Forretninga hadde òg ein Esso tankstasjon med lager av smørjeoljar og liknande.

K. Simonnes Mek. Verksted, Ulsteinvik. Verksemda omfattar mekanisk verkstad med spesialiteten fabrikasjon av bølgjestift.

Arthur Skeide Møbelverksted hadde adresse Ulsteinvik. Der er ikkje fleire opplysningar i leksikonet.

Hans O. Skeide Landhandel heldt til på Skeide og vart starta i 1948 av Hans O. Skeide. Verksemda var landhandel.

Skeides Fabrikker AS, maskinfabrikk i Ulstein, starta i 1943 med Norvald Skeide som disponent. Verksemda omfatta mekanisk verkstad, fabrikasjon av industrimaskiner og eigen gass- og sveiseverkstad og dreiv med serieproduksjon av industri- og anleggsmaskiner.

Skjervøy AS, havfiskeselskap, Ulsteinvik – med sjøpakkhus. Firmaet vart skipa i 1915, og Knut Strand var disponent kring 1950. Selskapet dreiv på denne tida havfiske med DS Barden. Til vanleg var båten med på stor- og vårsildfiske, sildefiske på Island eller på fiskebankane ved Bjørnøya.

Selskapet hadde òg arbeidd med tilverking av sild og fisk – og eksport av islandssild.

AS Snorre, havfiske, Ulsteinvik. Firmaet vart grunnlagt i 1902 med Knut O. Dimmen som disponent. Verksemda var mellom anna reiarlag for fiskedampskip som dreiv fangst langs norskekysten og ved Island.

Solstrand Trelasthandel AS med adresse Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1947. Gudmund Hasund var disponent i 1950, og verksemda omfatta trelast, møbel- og trevarefabrikk.

Johs. Strand, kjøtt- og pølsevareforretning, salteri og røykeri. Firmaet starta i 1937 og innehavaren var Johs. Strand. Verksemda omfatta omsetning av kjøt og pølser og har eige kjøleanlegg, pølsemaskin, salteri og røykeri, og med kundar frå Ulstein og nabokommunane. Firmaet held til i ein ny eigedom i Ulsteinvik sentrum.

Stratos Hospits og kafé, Ulsteinvik, innehavar i 1950 Magnhild Ottesen, og bestyrarinne Hagny Wolle.

Straumane Handelslag AS, Straumane, Sundgot. Firmaet vart starta i 1930 og dreiv landhandel. Forretninga hadde kjøpt tomt og bygd hus i området, og Peter Hasund styrte forretninga.

Henry Sundgot – murmeister. Firmaet starta i 1950, og Henry Sundgot var innehavar. Verksemda omfatta murmeisterforretning med armering og pussearbeid i Ulstein. Selskapet sysselsette fem mann.

M. Sundgot, glas- og rammeforretning i Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1946 av eigaren Magnus Sundgot. Verksemda omfatta glasmeisterforretning og alt innan innramming, rammer og bilete, med kundar også frå nabokommunane. Selskapet sysselsette tre mann.

Sunnmøre ungdomsskule, Ulsteinvik, vart skipa i 1908 av Sunnmøre Fellesforeining for indremisjonen og Sunnmøre krins av Norges Kristelege Ungdomsforbund. Gudmund Kalsnes styrte skulen dei første åra. I 1914 vart Severin Hop tilsett som styrar, ei stilling han hadde heilt til 1941 då han gjekk av for aldersgrensa. Sidan 1914 har Sunnmøre krins av NKUF drive skulen. Frå 1941 til 1945 var Edvard Standal styrar, og frå 1945 Johan Sæter. I 1918 flytte skulen inn i eigne lokale, Lidarheim. I 1947 fekk dei det nye sløydbygget, med romslege salar til sløyd og lagerrom. Dessutan fleire vakre elevrom. Skulen hadde kring 1950 både teoretisk og praktisk linje for jenter og gutar. Jentene fekk lære handarbeid, veving og kjøkkenstell, og gutane sløyd på den praktiske linja. Dessutan hadde alle teori dei første timane om dagen. Skulen var i god stand, og elevane budde på skulen og fekk fullt opphald for ei rimeleg godtgjersle. Elevane kom frå heile landet.

Randolv Ulfstein Fotografforretning låg i Ulsteinvik. Ingen fleire opplysningar i fylkesleksikonet.

A. Ulstein, Ulsteinvik. Eigaren, Asbjørn Ulstein, byrja verksemda i 1935 og bygde ny forretningsgard i 1939. Forretninga omfatta to avdelingar og verkstader. Radio-elektroavdelinga var autorisert av telegrafstyret og godkjent radioforretning. Verksemda med sal og reparasjonar hadde også kundar frå nabokommunane. Firmaet spesialiserte seg på radioar, mottakarar, skipsradioar, telefoni, og signal- og kommandoanlegg. Maskin-, sykkel- og sportsavdelinga omfatta fabrikasjon, sal og reparasjon av syklar.

Ulstein Forbruksforening, landhandel i Ulsteinvik. Firmaet vart grunnlagt i 1872 av mange i området og kunne såleis feire 75-årsjubileum i desember 1947. I starten hadde forretninga 62 medlemer, no kring 1950 er medlemstalet 45. Føremålet ved starten var å gjere så billige innkjøp av varer som mogleg, og å få selje produkt, då helst klippfisk, til høgst moglege prisar, alt til nytte for innbyggjarane. Styraren kring 1950 er Johs. N. Osnes. Han har arbeidd i forretninga i 32 år, dei siste 21 som styrar. Styreleiar og disponent er tidlegare stortingsmann Knut Strand. Bygget vart ført opp i 1911, og butikken fører mjøl og kolonialvarer, manufaktur, glas og steintøy, lêr, kjøkkenutstyr, kortevarer (ekvipering og utstyr), jernvarer, målarvarer, fiskereiskap og bygningsartiklar. I 1947 hadde selskapet seks sysselsette.

Ulstein Fryseri AS, Ulsteinvik. Selskapet vart starta i 1948 med ein aksjekapital på 200.000 kroner. Verksemda omfatta fryseri og kjøleanlegg. Innbyggjarane kunne leige fryseboksar i fryseriet.

Ulstein kommunale elektrisitetsverk. Verket var eigd av kommunen og bygt i Ulsteindalen i 1916-17. Det produserer 560 kWh fordelt på to aggregat. Drivvatnet blir ført gjennom ei 1350 meter lang røyrgate frå Lisjevatnet og med ei fallhøgd på 196 meter. Mosvatnet, som ligg høgare oppe, kan magasinerast og gi vatn til Lisjevatn-bassenget. Kraftstasjonen produserer høgspent vekselstraum, og gjennom 35 kilometer høgspentlinje blir krafta leidd til dei ymse bygdene i kommunen. På grunn av billig og stabil kraft har det vakse fram ein industri i Ulstein. Såleis har kommunen til dømes to skipsverkstader, to møbelfabrikkar og ei korn- og grynmølle. Verket kjøper også kraft frå Søre Sunnmøre Kraftlag. Elverket har eigne kontorlokale i Ulsteinvik, og driftsstyrar er ingeniør Elers Lynge. I lokala er det også lager for installasjonar og linjemateriell og butikk for sal av elektriske artiklar og apparat. Verket har to montørar og ein maskinist. Styreleiar er Leif Hatlø.

Ulstein Mek. Verksted, reparasjonsverkstad, skipsverft i Ulsteinvik. Selskapet vart grunnlagt i 1917 av verftseigar Martin O. Ulstein. Verksemda omfattar reparasjonar og ombygging av fartøy, reparasjonar og montering av skipsmotorar, fabrikasjon av motordelar, sveisa oljetankar, keisingar og så vidare. Verkstaden har eiga smie, 45 tilsette og har eigne opphalingsslippar. Verkstaden er utvida og modernisert, heiter det i oppsummeringa i fylkesleksikonet.

Ulstein Samyrkelag, Ulsteinvik. Selskapet vart grunnlagt i 1923 og blir eigd av bygdefolket. Matheus Ulstein er disponent, og verksemda omfattar landhandel, kolonial, korn, mjøl, manufaktur, glas og steintøy, jern- og målarvarer, landbruksprodukt, smøreoljar, petroleum og solarolje. Firmaet sysselset fire personar.

Ulstein Sparebank, Ulsteinvik. Banken vart skipa i 1927 med eit grunnfond på 10.450 kroner, samla inn mellom folk i Ulstein. Som vi hugsar, tok det økonomiske raset som gjekk over landet etter første verdskrig, den gamle banken med seg. Bygda stod såleis utan bank, og det gjekk ikkje i lengda. I det første styret sat skulestyrar Hans Dragesund, fiskar og gardbrukar Johan L. Ulstein og skipper og gardbrukar Ole Gardshol. Gardbrukar og stortingsmann Knut Strand var kasserar og bokhaldar. Det var tronge tider i starten, og banken heldt til i leigde lokale. Men i 1936 bygde banken hus på sentral stad i Ulsteinvik. Rekneskapen for 1952 syner eit overskot på 29.049 kroner og ein disposisjonssum på knapt 3,5 millionar.

Ulstein P. R. Eftf, skotøyforretning, Ulsteinvik. Firmaet vart starta i 1909 av P. R. Ulstein. Den noverande innehavaren (kring 1950) er Petrus Ulstein.
Ulstein Trelastlager AS, Ulsteinvik, starta i 1947. Disponenten i 1950 er Hans O. Skeide. Verksemda omfattar sal av trelast og bygningsartiklar. Selskapet tek større byggjeoppdrag på anbod.

Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk, Ulsteinvik, vart grunnlagt i 1927 med Olav I. Seljeseth som disponent. Verksemda omfattar fabrikasjon av soveromsmøblar og spisestovemøblar i tillegg til dører og vindauge. Produkta blir leverte over heile landet, og fabrikken produserer om lag 1000 møblement per år. Det arbeider kring 60 personar i bedrifta.

Solveig Vik, frisørsalong, Ulsteinvik, starta i september 1939. I tillegg til Solveig Vik har ei til to kvinner hatt arbeid i salongen. I januar 1953 vart salongen overdregen til Alma Overvåg, dottera til Solveig Vik.

Vikebladet, Ulsteinvik. Johs. Thorkildson starta lokalavisa Vikebladet i 1929, der han sjølv er redaktør. Bladet dekkjer Hareid og Ulstein, og yter i tillegg trykkjetenester.