Kring 1952 kan vi rekne med at atterreisinga i Noreg etter krigen er over, og landet får ein epoke med normalt politisk liv, saman med økonomisk og sosial utvikling utan krigspreg. Noreg er no eit halv-urbanisert samfunn. Folketalet har sidan hundreårsskiftet auka med ein million til 3,25 millionar. Femti år tidlegare budde om lag to tredelar av folket på bygda, altså i spreidd busetnad. I 1950 bur over halvparten i byar og tettstader.

Utover i perioden er Ulsteinvik for alvor i ferd med å utvikle seg til ein slik tettstad. Årsaka er mellom anna eit stigande behov for arbeidskraft i industrien. Dette er ein motor i utviklinga både utover på 1950-talet og seinare. I løpet av perioden vil folketalet i Noreg vekse til 3,5 millionar.

Den 4. april 1949 var utanriksminister Halvard Lange (A) på plass i Washington for å skrive under Atlanterhavspakta saman med ministrar frå ni andre vesteuropeiske nasjonar, Canada og USA. Noreg vart medlem av NATO. Dermed var nøytralitetspolitikken definitivt tilbakelagt; berre 13 representantar røysta imot i Stortinget. Åra kring 1950 førte med seg store forandringar i dette landet, kanskje dei største i heile hundreåret. No startar den store tida for industrien med økonomisk vekst og full sysselsetjing. Samtidig er dette glanstida for sosialdemokratiet med arbeidarpartiregjering framover på heile 50-talet. Tida er prega av verdifellesskap kring idéar som sosial rettferd, utjamning og velferd. Dessutan skal etterkrigs-generasjonen få utdanning.

Mykje av den økonomiske og politiske internasjonaliseringa som kjenneteiknar dei siste tiåra på 1900-talet, bryt no fram; utanriksøkonomi, tryggingspolitikk og næringsutvikling. Samtidig kjem det såkalla forbrukarsamfunnet for fullt, og velferdsstaten tek nye steg framover. Dette merkar også folket i Ulstein. Det kjem stadig tekniske nyvinningar til hjelp i heimen; elektrisk vaskemaskin, støvsugar, fryseri med boksar du kan leige, heimefrysar – og for enkelte også kjøleskap. I dei nye husa kjem det gjerne bad og vassklosett, og privatbilismen konkurrerer med rutebåtar som sjøbussen Hjørungavåg, og krev satsing på ferjer og betre vegar. I 1946 blir flyselskapet SAS starta, og i februar 1951 vart avtalen om eit felles skandinavisk selskap signert. Snart går ruteflya til og frå Vigra.

Dette er i glansåra til den norske husmora. Kvinnene sin plass i arbeidslivet har endra seg. Ved hundreårsskiftet hadde to av fem vaksne kvinner (39 prosent) yrkesarbeid, medan berre vel kvar fjerde (28,5 prosent) hadde det kring 1950. Ein mindre del av kvinnene hadde lønnsarbeid ved inngangen til 1950-åra enn i 1900, eller sagt på ein annan måte: Kvinnene hadde gått frå lønt til ulønt arbeid i heimen; hushjelper og tenestejenter var på veg ut. Slik også i Ulstein, sjølv om jordbruket enno stod nokså sterkt i kommunen, og der var dei som oftast minst to om det, mann og kone, og kona gjorde sin del, ikkje minst når mannen var på sjøen. Men stadig fleire menn og fedrar går, syklar eller bussar til ulike fabrikklokale for å tene til sitt daglege brød. Vi er i dei gode sildeåra, og dei skaper aktivitet også på land. Men mot slutten av perioden minkar det kritisk med sild.

Vi har to stortingsval i perioden, 1953 og 1957. Stortingsvalet 1953 var det tredje i Noreg etter Andre verdskrig. Før dette valet vart ordninga for fordeling av mandat endra; den såkalla Bondeparagrafen vart oppheva. Den gamle ordninga hadde favorisert store parti, medan den nye ordninga gav ei mandatfordeling som kom nærare talet på stemmer. Derfor mista Arbeidarpartiet åtte mandat sjølv om partiet fekk fleire stemmer enn ved førre val. Norges Kommunistiske Parti (NKP) kom tilbake på Stortinget med tre nye mandat endå dei fekk færre stemmer enn sist. Det er rekna ut at med den gamle valordninga ville Arbeidarpartiet ha fått 92 mandat ved dette valet. Valet vart likevel ein stor siger for Ap med 46,7 prosent av røystene. Partiet heldt på fleirtalet åleine i Stortinget, og regjeringa til Oscar Torp heldt fram.

I Vikebladet ser vi at det denne valhausten er ein god del diskusjon om kristendom og politikk. Det hevar seg på ny røyster som meiner regjeringspartiet fremjar ei avkristning av landet. Stortingsmann Einar Hareide frå Hareid er nominert på topp for Møre og Romsdal KrF. I Møre og Romsdal fekk Ap inn fire representantar, KrF og Venstre to kvar, Bondepartiet og Høgre ein kvar. Einar Hareide fekk såleis ein ny periode på Stortinget.

Ved stortingsvalet i 1957 får Einar Hareide sin tredje periode. Han er no godt etablert som ein frontfigur i KrF og vart i juni 1955 vald til leiar for KrF. Kjell Bondevik vart nestleiar.

Men på landsplan kjem Ap tilbake med heile 48,3 prosent av stemmene, 78 mandat. I 1955 tok Einar Gerhardsen igjen over som statsminister etter Torp-perioden. Til saman skulle landsfaderen, som dei kalla han, styre som statsminister i 17 år.