I 1952 er havet framleis draumen for mange gutar frå Ulstein og Hareid, anten det er vintersilda langs Norskekysten, torskefiske med line ved Vest-Grønland eller på ishavet. Men havet er ein lunefull arbeidsgivar, og fiske- og fangstlivet fylt med risiko. Kystfolket har levt med forlis og tragediar sidan Adams dagar. På 1950-talet har båtane blitt større og sikrare, og det er ei utvikling som held fram vidare. Men naturen kan overraske og utfordre, og den perioden vi no er inne i, starta med ein tragedie som engasjerte folk i heile landet, og lenger med:

Det uvêret som braut laus i Vestisen langfredag 4. april 1952, kan vanskeleg beskrivast med ord, og like vanskeleg forståast av folk som ikkje har opplevt slikt. Marerittet dei to neste døgna enda i den største tragedien i norsk selfangst i nyare tid. Heile 54 skuter var utklarerte for fangst i Vestisen dette året. Dei møtte tung is tidleg; mykje vind og straum. Vestis av Ålesund vart skrudd ned alt den første fangstdagen, eit forvarsel om dramaet som venta. Mannskapet på Vestis fortalde etterpå korleis isen pressa skutesidene saman. Dei fekk ein stri tørn med å redde seg over den farlege isen og ut til kompis-skuta Sjannøy frå Ulstein. Grande låg også der inne då isen tok til å krype saman. Ho vart så hardt pressa at delar av inventaret vart knust. Men med eitt slakka isen så mykje at Grande kom seg ut i open sjø. Veslekari, som hadde fått skade av isen, valde å snu tilbake til Noreg – og tok med seg mannskapet frå Vestis (Gunnar Myklebust 2014). Desse skutene var i lag ved Jan Mayen.

Men så braka det laus. Vi snakkar ikkje om storm, men om orkan og bitande kulde. Seks skuter kom til å ligge nær orkansenteret om lag 200 nautiske mil lenger sør. Det var livet til mannskapa på desse skutene det kom til å stå mest om. Berre ei av dei, Arild, kom seg ut av helvetet. Havet slukte dei fem andre saman med 78 mann. Av desse fem skutene var to frå Sunnmøre, Buskø frå Vartdal og Pels frå Tjørvåg. I tillegg miste Arild ein mann som sjøen feia over bord. Ein frå Ulstein miste livet, Arne Moldskred, og fem frå Hareid, alle på Buskø.