I 1950 var Møre Korkfabrikk i ferd med å reise eit nytt fabrikkbygg og eit nytt lager. Når bygget var ferdig, ville fabrikken kunne utvide produksjonen til det dobbelte. Men det gjekk ikkje lenge før elden var laus igjen i denne fabrikken. Det var berre nokre år sidan sist. No midt i desember 1950 var det fyr igjen. Då arbeidarane ved bedrifta i Hasundstranda møtte opp i 23-tida søndag kveld for å ta til på nattskiftet, vart dei møtte av kvelande røyk.
Brannvernet vart straks varsla og rykte ut med både motorbrannsprøyte og stort mannskap. Det var i det betongfaste avdelingskjølerommet for dei ferdige korkprodukta elden hadde starta, og årsaka var ifølgje Vikebladet sjølvtenning. Brannmannskapa gjorde ein framifrå jobb, og etter ei stund måtte elden gi tapt. Skaden vart heller liten, og bedrifta kunne halde fram drifta alt dagen etter.
Men ein søndag i slutten av juni 1953 hende det igjen. Brannsirenene gjekk over Ulsteinvik og Møre korkfabrikk stod i fyr. Brannmannskapet var raskt på plass, men heile fabrikken stod i lys loge på ein augneblink. Brannfolka sleit tappert i det litt vanskelege terrenget kring fabrikken, og dei greidde å berge ein stor oljetank om lag 15 meter frå fabrikken. Ein del av første etasje og fyrrommet var bygd i betong og var mindre skadd, det same med trekaia til fabrikken. Lokalavisa kunne ikkje seie noko om brannårsaka. Det var ferie ved fabrikken, men laurdag ettermiddag var der eit par mann til stades for å pakke ei sending på 700 plater. Alle desse vart øydelagde, og det same vart eit stort lager av råkork som fabrikken nyleg hadde teke imot.
Nokre dagar seinare intervjua Vikebladet disponent Gudmund Hasund ved Møre Korkfabrikk. Han fortalde at dei hadde planar om å byggje opp att, og han håpte på at fabrikken kunne stå ferdig i 1954. I november 1953 kan Vikebladet fortelje at arbeidet med fabrikken, som no skulle bli større enn før, var i full gang. Det var Erling E. Hasund som stod for bygningsarbeidet. Den nye fabrikken hadde ei grunnflate på 500 kvadratmeter.
*
På nyåret i 1951 flytta slaktar Johs. Strand inn i nye lokale i eige hus. Vikebladet besøkte forretninga, og slo fast at dette var den mest moderne kjøtforretninga i Ulsteinvik og bygdene omkring. Ved sida av butikken hadde Strand to store arbeidsrom og kjølerom. Her kunne han oppbevare kjøtvarer over tid. Han hadde også røykeri og kontorlokale i det nye bygget.
Ein kuriositet dukka opp i næringslivet i Ulsteinvik i juni 1951. Det var Per Sæther frå Ålesund som stod bak den nystarta paraplyverkstaden i G. Haram-huset. Han ville også lage nye paraplyar i tillegg til reparasjonane. Problemet var å få stoff på grunn av at det framleis var rasjonering i Noreg. Då Vikebladet skreiv om saka i juni 1951, hadde verkstaden tre mann i arbeid.
Ulstein Samvirkelag vart starta i 1923. I april 1952 heldt laget årsmøte på Osnes bedehus. Styrar Matheus Ulstein kunne fortelje om eit driftsoverskot på over 10.000 kroner. Ein av veteranane i styret, Einar Osnes, hadde sete sidan starten i 1923; no gjekk han ut av styret – etter mange år også som formann.
Ulstein Mylne i Ulsteinvik hadde offisiell opning i slutten av november 1952. Slik Mylna stod no, meinte Vikebladet at ho var ei av dei mest moderne bygdemylnene i landet. Kostnaden med nybygget hadde kome på 200.000 kroner, og lokalavisa skriv: – Trass i kostnaden er både styret og dei som står for den daglege drifta, sikre på at tiltaket skal bli god forretning.
Det var bondelaga i Ulstein, Hareid og Herøy som sette i gang arbeidet med å få bygt mylna, og no var altså verket fullført. Formann i styret var Anton Ulstein. Han hadde kjempa ein seig kamp for å få mylna i stand. Fire år hadde det teke. Han takka ordførarane i dei tre kommunane for støtta til arbeidet, og ordførar Knut Ertesvåg i Ulstein uttrykte håp om at mylna ville føre til auka kornproduksjon i bygdene i regionen.
Ei ny bedrift såg dagens lys i Ulsteinvik i februar 1953, Ulstein Klippfiskturkeri AS. Disponent Sverre Saunes fortalde til lokalavisa at bedrifta skulle halde til i sjøpakkhuset til Brødr. Saunes på Saunes. Den nye verksemda disponerte 350 kvadratmeter og hadde no fått montert inn maskiner og utstyr slik at drifta ville gi ein kapasitet på 10 tonn fisk i kvar tørking – som tok frå åtte til ti døgn. Bedrifta ville vere i drift frå mars og ha seks faste arbeidarar og fem-seks leigearbeidarar til vasking og salting av fisk. I tillegg til disponenten var dei andre aksjonærane frå Ulstein og Hareid.
På ettersommaren 1953 hadde Barmen & Lunde Trevarefabrikk på Osnes drive med utviding og modernisering. I eine enden hadde bedrifta ført opp eit lite betongtilbygg med materialrom i første etasje og sprøytelakkeringsrom i andre. Fabrikken dreiv fabrikasjon av dører, vindauge, kjøkkeninnreiingar med meir. I tillegg hadde dei spesialisert seg på diverse småmøblar og skulle dei næraste månadene levere fleire hundre radiobord.
Samtidig – på hausten 1953 – vart det starta ei ny skreddarforretning i Ulsteinvik. Bak stod Skorpen og Aarvik. Dei skulle ha verkstadlokalet sitt i huset hos Olav Strand og skulle utføre både dame- og herresaum, ifølgje lokalavisa. Dei to hadde drive ei liknande verksemd i Bergen.