Rundt 1950 er det kring 30 år sidan Ulstein fekk elektrisk kraft. Industri av ulikt slag har vakse opp og gitt levebrød til mange huslydar. Kommunen har no to større mekaniske verkstader som særleg driv med reparasjon av skrog og maskiner på fiskebåtar og byggjer slike. Dessutan har Ulstein tre større møbel- og trelastverkstader og fleire mindre bedrifter og verkstader av ymse slag. Godt rutesamband og rutebåtar til omliggande kommunar og med Ålesund og andre delar av landet, har gjort sitt til at industrien har teke seg godt opp.

Elektrisitetsverket i Ulsteindalen er på 600 kW, men dette stettar ikkje på langt nær etterspurnaden etter kraft. Derfor har kommunen gått med i eit større interkommunalt kraftselskap for å bøte på dette. Mest alle grendene i kommunen har no fått kraft, på same måten som kvar bygd har telefonsamband med sentralen i Ulsteinvik. Vanskar med hustilhøva hadde bremsa utviklinga i kommunen i åra sidan krigen. Men med meir elektrisk kraft til heradet og med lettare tilgang på byggjetilfang, reknar dei med framgang for både innbyggjarar og næringsliv. I denne perioden vart det til dømes bygt eit større fryseri i Ulsteinvik.

I mars 1950 kunne Vikebladet fortelje at Ringstaddalen hadde fått elektrisk kraft. Dalen var ei av dei få grendene i Ulstein som ikkje hadde vore knytt til linjenettet frå det kommunale elektrisitetsverket. Dei hadde no venta i mange år på å få elektrisitet. Etter meir enn 30 års ventetid tok Moldskred-karane saka i eigne hender og gjekk i gang med bygging av sitt eige private elektrisitetsverk. No stod det ferdig, og lyset fløymde ut gjennom vindauga frå kvar stove fram gjennom heile dalen, skreiv lokalavisa. Som eigarar for verket stod oppsitjarane på Svora og Moldskred, og alle tuna der hadde rikeleg med kraft til lys, koking og varme. Dessutan leverte elektrisitetsverket straum til folk på Ringstad. Den som i første rekke skulle ha æra for verket, var ifølgje avisa Oddmund I. Moldskred. Han var eigar av ei elektrisitetsforretning på Nesttun ved Bergen. Men elles hadde heile Moldskred-slekta, både dei som budde heime på gardane, og dei som hadde flytta ut, vore med og arbeidd fram elektrisitetsverket både økonomisk og på annan måte. Folket på Moldskred hadde sjølve utført arbeidet.

Så skulle også Hatløya få elektrisk kraft i 1950. I august var ein spesialbåt i ferd med å legge ut sjøkabel. Det vart lagt ein høgspentkabel frå Boholmen til Kloholmen og vidare til Hatløya. Over Kloholmen skulle det vere luftleidningar. Så skulle det gå lågspent sjøkabel frå Hatløya til Borgarøya. På Hatløya skulle det også setjast opp ein transformator, og alt arbeidet var ferdig til jul 1952. Vattøya fekk elektrisk kraft alt i 1943. Då sette driftige vattøybuarar opp ein luftdriven propell som skapte elektrisitet, som ei vindkjegle.

Våren 1953 fekk Ulstein kommune låne 280.000 kroner i Kommunalbanken for å finansiere ei heilt ny rørgate i Ulsteindalen med tanke på kraftverket der. Då hadde det lenge vore behov for å skifte røra opp dalen, og elektrisitetsverket hadde stadig lappa på dei gamle røra. No var situasjonen akutt. Det var også planar om å byggje ein transformatorkiosk ved tomta til realskulen for å avlaste kiosken i Holsekerdalen. Dessutan måtte linjenettet i indre del av Ulsteinvik fornyast. Kommunen håpte at pengane skulle rekke til alt dette. I oktober 1954 var arbeidet med den nye rørgata fullført. Heile utbygginga kom på 425.000 kroner. Den gamle rørgata var teken i bruk i 1917 og var såleis 37 år gammal då dei no skifta henne ut.