Vi er midt i hundreåret, og Ulstein har så langt hatt ei rik og sterk økonomisk utvikling. Men også på det sosiale og kulturelle området har kommunen tradisjonar å byggje vidare på. Her er sju skulekrinsar, Flø, Ulstein, Ulsteinvik, Haddal, Hasund, Hatløy og Vattøy. Skulehusa er stort sett bra, og dei fleste krinsane har gode og romslege leikeplassar. I 1931 bygde dei ny skule i Ulsteinvik og på Ulstein. Skulen i Ulsteinvik vart innvigd i august 1932. I Hasund var det no på slutten av 1940-talet ein ny skule under oppføring. Vidare er det planar om oppføring av gymnastikksal i Ulsteinvik og modernisering av Haddal skule. Kommunen innførte obligatorisk opplæring i nynorsk i 1907.

Som kjent vart Sunnmøre Ungdomsskule grunnlagt i Ulsteinvik i 1908. Han blir driven av Sunnmøre krins av NKUF. Skulen fekk eigen skulebygning i 1918, og var på slutten av 1940-åra nyleg oppussa og modernisert. I 1947 fekk skulen ny sløydbygning, og i 1948 la dei inn sentralvarmeanlegg for heile skulen. Skulen har no sju faste lærarar, og søknaden er god.

Ulstein Realskule vart starta i 1935. Dei siste åra fram mot midten av hundreåret har elevtalet variert mellom 60 og 90. Skulen ventar no på løyve til å føre opp nytt skulebygg. Hausten 1950 innførte Ulstein obligatorisk framhaldsskule. Dermed ville dei unge i kommunen få eit skuleår til etter sju års folkeskule. Skulen skulle leggast til Ulsteinvik skule og Hasund skule.

Den nye Hasundskulen, som dei så vidt hadde byrja på rett før krigen, var kommunen klar til å starte på i 1951. Arbeidet tok til om sommaren, og planen var å få ferdig skulen i løpet av året, men først i august 1953 var nye Hasund skule på det næraste ferdig og kunne takast i bruk frå starten av det nye skuleåret. Laurdag 8. mai 1954 vart Hasund skule innvigd med skuledirektøren på plass. Festlyden var samla i gymnastikksalen. Ulstein Trelast hadde vore entreprenør for sjølve bygget, og Hasund Smie og Sveiseverksted hadde utført sanitærstellet. Vilhelm Ringstad utførte murarbeidet.