I 1955 fekk ordførar Knut Ertesvåg i Ulstein melding frå departementet om at dei hadde godkjent finansieringsplanen for første byggjesteg av Ulstein kvileheim. Fylkesmannen hadde no gått med på at grunnarbeidet kunne starte. Arkitekt for det nye bygget var Karsten Oddmund Vik. Nokså snart i 1956 ser vi i lokalavisa at folket i Ulstein er i gang med kronerulling til den nye kvileheimen.

I juni 1958 fortalde Vikebladet at arbeidet med kvileheimen nærma seg slutten. Ulstein Trelastlager AS stod som hovudentreprenør, og arbeidet med bygget tok til i mai 1957. Solstrand Trelasthandel i Ulstein hadde hand om innreiingsarbeidet, så lokale leverandørar var godt representerte, slik det oftast var denne tida.

I mars 1959 var det avskilsfest for dei som budde på den gamle kvileheimen og for dei som hadde stått heimen nærast dei siste åra. Planen var no å flytte kvileheimsbuarane over til den nye kvileheimen i løpet av våren. I alt hadde om lag 75 personar hatt tilhald på heimen sidan starten i 1891. Elen Roppen hadde vore styrar sidan 1937.

I midten av oktober 1959 vart det halde innviingsfest for den nye kvileheimen. Eit par hundre menneske var samla, og dei som ikkje fekk plass i «storstova», følgde programmet gjennom høgtalarar. Disponent Hans Skeide i Ulstein Trelastlager overleverte bygget til byggenemnda.

Elen Roppen slutta i stillinga då den nye kvileheimen vart teken i bruk. Då hadde ein alvorleg sjukdom alt fått taket på henne, og den 3. januar 1960 døydde ho på sjukehuset i Ålesund.