I august 1961 døydde lensmann Bernhard Harkjerr etter 30 års teneste i Hareid og Ulstein. Han hadde ikkje berre engasjert seg i jobben, men mellom anna også i idrettsarbeid og losje. Det oppstår no ein disputt mellom Ulstein og Hareid om kvar den nye lensmannen skal bu.
Både Harkjerr og forgjengar Moldenes budde på Hareid, men no meiner Ulstein at Ulsteinvik har vorte eit sentrum med tilstrøyming av viltre individ frå Gurskøya og Hareidlandet – og dermed treng lensmannen i bygda. Hareid avviser kravet og ber fylkesmannen stadfeste bustaden.
Det var 14 søkjarar til den ledige lensmannsstillinga, mellom desse lensmannen i Vanylven, romsdalingen Einar Orten. Han fekk jobben og flytte til Hareid og busette seg der. Den 22. februar 1965 fylte lensmann Einar Orten 50 år. Han hadde funne seg vel til rette i sitt nye distrikt, og treivst i dei nye kontorlokala i bankbygget på Hareid. No hadde han også bestemt seg for å byggje hus på Brekkane i Hareid.