Kultur

Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar.

Kultur

590 treff

Kvifor fekk den radikale, frilynte ungdomsrørsla aldri rotfeste i Ulstein sist på 1800-talet? Det er nesten gløymt at det vart gjort eit forsøk med ungdomslaget «Kolmila», for laget vart etter alt å døme nedlagt etter eit par år.

I ei lita stove på Oshaugen budde der ei dame, Gjertrud Jetmundsdatter, f. 1791, frå Indre Dimna. Ho eigde br.nr. 3, Oshaugen på Osnes, og hadde levd der samam med to tidlegare ektemenn som no var døde. Korleis omstenda var er ikkje kjent, men Paul (Pål) Larsson (f. 1820) frå Hasund dukka opp, og han og Gjertrud gifte seg.

I år er det 80 år sidan fredsdagane i 1945. Levd liv markerer hendinga med ein artikkel om motstandsmannen Harald Notanes som er skrive av oldebarnet Vilde Garshol.

Min oldefar Harald Notanes, født 6. juli 1921 og død 19. april 2014 er som regel hovudpersonen i dei mange historiene eg har høyrt frå andre verdskrig. Han teneste gjorde i krigen frå 1941 til 5.desember 1945, og fekk blant anna fleire krigsmedaljar for den heltemodige innsatsen sin. Det er hans historie eg har valt å fordjupe meg i.

På Skeide bur Robert Skeide med kona Karin – Marie. Der har familien budd sidan 1981. Borna Kristian, Ruben og Miriam er vaksne og forlengst flytta heimanfrå.

Livet på bedehuset, og i familiane som høyrde til der, har fått mindre merksemd enn andre kulturuttrykk og anna lagsliv. Men bedehusmiljøet er ein viktig del av den lokale kultursoga. Dette er ei personleg forteljing om ein barndom sterkt knytt til Ulsteinvik Bedehus.

Marit Dimmestøl Voldsund, fødd 06.10.1935, gifta seg med Arnold Voldsund og flytta til Voldsund i 1953. Faren hennar var Sigurd Dimmestøl (1899) frå Skogstranda, og mora var Signe Garnes (1904).

Innan omsorg for eldre og sjuke har det vore ei formidabel utvikling dei siste 50 åra, ikkje minst når det gjeld bygg for føremålet. Dette gjeld òg i Ulstein kommune. Artikkelen tar for seg utviklinga av Alvehaugen omsorgssenter frå 1970-talet og fram til i dag.

Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.

Då Ulstein Sanitetsforeining samlast til årsmøte på Sundgot bedehus i februar 1980, hadde medlemstalet kome opp i 2051. Det var sanitetskvinnene i Hasund som stod for det praktiske opplegget, og dei kunne ønskje deltakarar frå heile kommunen velkomne til eit festpynta lokale, i alt over hundre aktive sanitetskvinner. Gyda Breivik ønskte velkomen, Karin Ertesvåg talte, Liv Ertesvåg las dikt og Kristian Ertesvåg hadde to songavdelingar til tonefølgje på piano av Sverre Ottesen. Marie Breivik var leiar for Ulstein Sanitetsforeining.

Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg.