Vikebladet melde i slutten av august 1959 om stor byggjeaktivitet i Ulstein. Vi kan nemne sildoljefabrikken, samfunnshuset, kvileheimen og dei to bedehusa på Ulstein, som vi kjem tilbake til. Hatlø hadde også reist eit stort nybygg i betong. Det fire-etasjes huset til Fannemel i raud mineralittpuss ruva i sentrum, like ved Haldeplassen. Bygget skulle gi rom til fleire offentlege kontor, butikk, tannlege og familie- og hybelhusvære. I august 1959 var trygdekassa og arbeidsformidlinga alt flytta inn, og butikklokala i første etasje var tekne i bruk.
Vidare var planen at Televerket skulle flytte inn rundt nyttår; her var det mykje teknisk monteringsarbeid som måtte gjerast. Dessutan flytta posten inn i Fannemel-bygget hausten 1959, i store, moderne lokale. Tidleg i februar 1960 var telefonsentralen også på plass i bygget.
Det ville snart kome tre nye moderne forretningar i Ulstein, P. F. Waage i Fannemel-bygget, manufakturforretninga til Ottar Botnen, som dessutan framleis skulle halde fram med forretninga si i Fredheim, og Sverre Kristensen som skulle opne jernvareforretning i nybygget sitt ved Krushammarvegen. Fleire forretningsdrivande i Ulstein hadde dessutan modernisert lokala sine det siste året. Mellom andre Jan Remø, Josef Ulfstein (bakeri), Møbelsentralen som også hadde utvida, Røyset & Co, Modesalongen, medan AS Lars Garshol og Leiv Dimmen hausten 1959 var i ferd med å modernisere lokalet sitt.
Det store tilbygget til Ulstein Hospits var 20 meter langt og 13 meter breitt. Bygget var konstruert slik at det seinare kunne byggjast på i høgda. Innreiingsarbeidet var i full gang i august dette året. Det store forretnings- og bustadbygget til Ottar Botnen var no delvis teke i bruk, og innreiingsarbeidet på forretningsbygget til blekkslagar Sverre Kristensen var i gang.
Utover i 1960 var det også førebuing til asfaltarbeid i Ulsteinvik. Det medførte mykje graving i gater og vegar med tanke på nedlegging av rør og kablar. Sommaren 1961 var det så klart for eit omfattande asfalteringsprogram.
Dessutan vart det gamle Bøe-huset rive, slik at det no vart fritt utsyn til den nye hamnegata og utover til Haldeplassen. Kommunen planla også utviding av Haldeplassen og kjøpte i 1960 grunn til føremålet. I 1960 vart det elles fullført tre nye større industribygg. Det siste var bygget til Ulstein Mek. Verksted på austsida av Naustneset. Tidlegare hadde Ulstein Trelastlager reist eit stort anlegg på sørsida av Saunes, og Skeide Fabrikker hadde ført opp eit 20 meter langt og 16 meter breitt tilbygg med plass til stor sveisehall.
Saman med byggeaktiviteten i Ulstein var det i 1959 også stor sysselsetjing. Vikebladet slo fast at talet på arbeidstakarar var ein god del større enn tidlegare. Dei mekaniske verkstadene på Osnes hadde hausten 1959 om lag 200 mann i arbeid. Medrekna dei mekaniske verkstadene i Hasund, i Kleiva (Kleven) og Skeide – og dessutan bilverkstadene, meinte avisa at om lag 275 mann var i arbeid i den mekaniske sektoren i kommunen.
Men også andre verksemder har det travelt. Solstrand Trelasthandel hadde fått fleire store oppdrag og hadde over 60 mann i arbeid. Ulstein Trelastlager hadde også hatt mange byggjeoppdrag. Det var stor aktivitet i møbel- og trevareverksemdene. Det nystarta Ulstein Bruk AS hadde i slutten av 1959 17 mann i arbeid.
Det vart ført opp en heil del privatbustader kring i kommunen. Vikebladet rekna med at 1959 ville bli det mest aktive byggjeåret i Ulstein etter krigen.