Arbeidet med Ulstein Vassverk tok så smått til i 1955. Lutlaget skreiv kontrakt med Sverre Øvrelid som skulle utføre gravearbeidet og legge ned vassrøra frå uttaket ved Garnesvatnet og til utjamningsbassenget i Vikebakkane 80 meter over havet. Bassenget romma 300 kubikkmeter.
I januar 1958 vart vassverket kopla til litt etter litt, og abonnentane kunne gle seg over friskt og reint vatn. Våren 1958 ville vassverket gå i gang med ein ny stor fordelingskum i utmarksgjerdet til Lars Osnes. Den vart på 500 kubikkmeter og låg 80 meter over havet. Vikebladet slår fast at vassverket vart dyrt, men at det var nødvendig for bygda. Garnesvatnet hadde ei flatevidd på nær 110 mål, så dei hadde eit stort basseng å ta av. Vatnet var dessutan av sjeldan god kvalitet, skreiv avisa.