Døme på utviklinga i Ulsteinvik: Talet på bilar auka, og i 1955 var Kjartan Klungsøyr i gang med å føre opp ein ny bensinstasjon innanfor Bøesvingen i Ulsteinvik. Anlegget var det største i sitt slag på Sunnmøre med eit stasjonsbygg på 285 kvadratmeter grunnflate og eit stort stasjonsareal. Bygget fekk fasade mot vegen til Saunes; eit moderne anlegg med smørje- og vaskehall og eit stort forretningslokale for sal av bilrekvisita og liknande. Stasjonen hadde pumper for både bensin og diesel.

Fryseboksar var også ein del av nyvinningane for folk i Ulstein på 1950-talet. I august 1957 hadde til dømes kjøpmann Halvdan Saunes montert ferdig og teke i bruk det nye fryseanlegget sitt. Her tilbaud han 120 fryseboksar som leigarane kunne bruke, anten dei valde 50 eller 100 liters boksar.

Heilt mot slutten av 1956 vart eigedommen til Møre Korkfabrikk AS i Hasundstranda seld til eit Oslo-firma. I første omgang omfatta kjøpet fabrikkbygningen og om lag 4000 kvadratmeter som korkfabrikken eigde. Men Oslo-selskapet var interessert i eit større område og hadde fått kartlagt eit areal på fleire hundre meters lengd. Målet med kjøpet var å nytte eigedommen til sildoljefabrikk. Dette var enno medan fiskebåtane landa den eine store sildefangsten etter den andre. Men det skulle snart bli andre tider.

I august 1957 hadde Vikebladet ein samtale med kontorsjef Westbye i det aktuelle Oslo-firmaet, Hartner & Co, som fortel at fabrikken skal kome i gang til sildesesongen vinteren 1958. Men det viste seg at fabrikken først vart ferdig i mars 1958. Mellom 20 og 30 mann arbeider ved anlegget, men styrken skulle aukast til 100 mann. Det ville likevel ta tid før dei kunne starte produksjonen. Hartner & Co rekna med å kunne ta imot og lagre sild frå mars.

Men så kom den dramatiske meldinga om at det skulle haldast tvangsauksjon over Ulstein Sildoljefabrikk AS 12. november 1958. Oslo-firmaet hadde teke seg vatn over hovudet, og no svikta silda. Det var Storebrand som kravde auksjonen, og grunnlaget var obligasjonar for til saman 3 millionar kroner. I første omgang fekk Storebrand sjølv tilslaget på 2 millionar kroner. Men det måtte nye rundar med auksjonar til. Arbeidet med å ferdigstille fabrikken vart sett på vent. I slutten av september 1959 starta arbeidet opp igjen. Ein del montørar frå Fredrikstad var då komne til Ulstein, og Ulstein Trelastlager hadde folk i sving med ferdigstillinga, mellom anna på takoverbygget. I starten av desember 1959 vart det kjent at ålesundaren Elling Aarseth hadde kjøpt Ulstein Sildoljefabrikk. Han tok no sikte på å få fabrikken klar til sildesesongen. Den 20. januar 1960 vart den ferdigstilte fabrikken formelt overlevert Aarseth.

Men der er også annan fiskeindistri. I Ulstein var det på 1950-talet eit klippfisktørkeri, Ulstein Klippfiskturkeri, med Sverre Saunes som leiar. I februar 1957 hadde verksemda nettopp teke imot to parti fisk på til saman 125 tonn frå eit selskap i Ålesund. Med det hadde bedrifta tørkearbeid i to og ein halv månad. Det var sju faste arbeidarar ved tørkeriet, men når dei heldt på med vasking av større parti, hadde dei bruk for 14-15 arbeidarar, for det meste kvinner. I 1956 var tørkeriet i drift heile året, og målet var å halde det gåande slik også vidare.

I august 1957 markerte Ulstein Sparebank at det var 30 år sidan banken starta som Ulstein nye Sparebank i 1927. Sverre Lynge fungerte framleis som leiar i forstandarskapet, medan Hans Dragesund like eins i alle år hadde vore styreleiar. Stortingsmann Knut Strand frå Ulstein heldt ein tale der han minte om kor viktig ein bank er for ei bygd i utvikling, og som står til teneste og hjelper folk og næringsliv på ulikt vis.

Eit spesielt pionerprosjekt er verdt å nemne i denne boka: Bjarne Gjerde dreiv oppdrettsanlegget «Straumen» i Straumen i Hasund frå 1958 til 1968. Sonen, Jon Gjerde, skrive om dette i Levd liv 2005. Bjarne var fødd i Gjerdsvika i 1913 og tok til som fiskar i ung alder. Då han var 27 år gammal, gifte han seg med Ingrid f. Sundgot. Etter å ha vore litt rundt omkring, bygde ekteparet seg hus på heimegarden til Ingrid litt etter krigen. Bjarne var oppteken av livet i sjøen, og fabla etter kvart om å starte oppdrett av laks og sjøaure. Han ville utnytte den naturlege vassføringa i Hasundstraumen, og gjorde avtale med Johan K. Hasund om å bygsle eit stykke på Hasund-sida i straumen. Han kjøpte inn hønsenettging som han smurde inn for at han ikkje skulle ruste, og leigde ein dykkerbåt til å drive ned pålar til å feste nettingen. Då dammen var ferdig, sette han ut den første fisken. Han kjøpte smolt frå Velsvika. Fisken treivst i straumen og voks fort. Bjarne Gjerde selde fisk når han hadde passert kiloet, medan andre fiskar voks seg større. Folk fekk også kome og fiske fisken dei skulle kjøpe sjølve. Ein periode leverte han aure til Sverige, fekk skryt for kvaliteten og tente pengar på det. Men der var også vanskar – som du kan lese om i Levd liv 2005. I 1968 var det slutt.