I april 1951 vedtok Heimevernet at det skulle byggjast ei feltskytebane for Søre Sunnmøre på Gamleeidet i Ulstein. Heimevernssoldatane skulle gjere dugnad på skytebana som ein del av tenesta. Der er restar etter skytebana den dag i dag. Hausten 1951 starta Ulstein kommune arbeidet med ein samla kloakkplan for Ulsteinvik. Kommunen leigde inn teknisk hjelp, og til rettleiing i arbeidet låg det ved fråsegn frå distriktslege Røyneland og Statens Institutt for folkehelse. Samtidig la kommunen ned kloakkrør i Geilevika, både hovudleidning og stikkleidningar. Ved riksvegen gjennom Holsekerdalen vart kloakksystemet forlengd.
Kampen mot tuberkulosen var i ferd med å gå sin sigersgang over landet i åra etter krigen. Hausten 1951 kan vi sjå annonsane på skjermbildefotografering i Ulstein-regionen. Likevel var det slik at mange gjekk omkring med sjukdommen utan å vite om det. Dei var derfor smittefarlege og kunne sjølve miste verdifull tid før behandling. Derfor oppmoda distriktslege Røyneland folk om å møte mannjamt opp. Det andre store målet var å BCG-vaksinere alle som fekk negativt utslag på pirquetprøva.
Hausten 1952 kom det på plass eit nytt tannlegekontor i Ulsteinvik. Det var Bjørg Tafjord Ulfstein som starta eigen praksis. Kontoret låg i det nye huset til Rolf Håkonsholm – like innanfor verkstaden til Simonnes.
I åra etter krigen og utover på 1950-talet vart det stadig meir vanleg at foreldre (mødrene) tok med seg spedbarn til legekontroll og småbarnkontroll. Mykje av kontrollane gjekk for seg i helsestasjonen til saniteten og var gratis, sett bort ifrå at du måtte betale ei krone ved første oppmøte. I 1953 var frammøteprosenten for spedbarn 85 i Ulstein; talet på fødde var 40 i Ulsteinvik, ni i Hasund, sju i Haddal, to i Dimna, tre på Flø og 11 på Ulstein. Det var ingen fødde på Vattøya eller Hatløya dette året. Ved småbarnkontrollen vart 232 born granska, vegne, målte og fekk pirquet-prøve; sju stykke var positive. Frammøtet var her 66 prosent.
I Ulstein var det omkring 65 prosents frammøte til kommunevalet hausten 1951. Vikebladet karakteriserte det som dårleg. Valet gav to kvinner plass i kommunestyret, Antonie Hatlø frå Ulsteinvik krins og Solveig Strandebø frå Arbeidarpartiet. Flø krins fekk inn to representantar, Ulstein to, Ulsteinvik sju, Hasund to, Haddal to, Dimna ein og Arbeidarpartiet fire representantar. Knut Ertesvåg vart vald til ordførar.
Utover i 1952 var det framleis stor byggjeaktivitet i Ulsteinvik. Akkurat no var det mest aktivitet i indre del av bygda. Strandabøskogen hadde blitt eit nytt bustadstrøk. Her var det sidan desember kome tre nye hus under tak, og det fjerde hadde dei byrja på. Vidare noterer lokalavisa eit nybygg på Strand, altså litt lengre ute, og på Saunes hadde tre nye hus kome til. I Ulsteinvik sentrum hadde det reist seg fem nye hus dei siste månadene, og av desse stod fire på flata mellom bilverkstaden til Simonnes og Sauneselva. I tillegg hadde det kome eitt nytt hus på Hofset, eitt i Holseker og tre nye på Osnes. Bygda var i vekst. Frå krigen slutta i 1945 og fram til utgangen av 1953 var det gitt løyve til 201 bustader i Ulstein. Til samanlikning var det 220 i Hareid og 417 i Herøy.
Den 18. desember 1952 vart Ulstein Vassverk skipa. Møtet vart halde på Fredheim, og føremålet med partslaget var å byggje ut Garnesvatnet. Bjarne Alme vart vald til styreleiar, medan Ragnar Hatlø, Gustav Flø, Peder F. Waage, Sigvald Vik og Sverre Saunes kom med i styret. Dei rekna med at utbygginga ville koste nærare 600.000 kroner. I alt hadde 200 personar skrive seg for 250 lutar, og kvar lut var på 500 kroner. No var målet å kome i gang med arbeidet så fort som råd. I desember 1953 sa kommunestyret ja til oreigning av Garnesvatnet, slik at Ulstein Vassverk kunne starte utbygginga. Vassverket hadde ikkje kome til semje med alle grunneigarane og såg difor ikkje anna løysing enn oreigning.
I april 1953 vedtok kommunestyret ein ny reguleringsplan for Ulsteinvik, som mellom anna opna for utfylling langs sjøen for å utvide Haldeplassen. Dette med å fylle ut i sjøen for å vinne land, vart etter kvart eit vanleg trekk i utviklinga av Ulsteinvik.
Spørsmålet om å føre Eiksund over frå Herøy til Ulstein vart diskutert alt tidleg på 1950-talet, sjølv om ingen ting skjedde før på 1960-talet. Men i november 1953 kan lokalavisa fortelje at Eiksund-folket ikkje var lystne på å skifte kommune. Det var særleg økonomiske forhold som talde mot. Folket resonnerte slik at Herøy trass alt hadde sterkare ryggrad, meinte Vikebladet.
På 1950-talet var det klart at Ulstein skulle få eige realskulebygg. I februar 1954 vedtok kommunestyret å byggje ein etasje i første omgang. Planen var å ha den ferdig til bruk frå skuleåret 1954/55 – med føresetnad av at framhaldsskulen fekk hand om eitt klasserom i bygget. Bjørndalsfondet skulle finansiere ein del av kostnaden (47.000 kroner), kommunen resten av ein kostnad på rundt 100.000 kroner.